Trend­ana­ly­ti­ka­ren

Stavanger Aftenblad - - MENINGER -

DRØSET: Det fanst da­gar då han føl­te han bur­de hen­gja be­tre med i tida.

I pe­rio­dar had­de han prøvd å hen­gja med. Då bal­long­buk­ser var in, had­de han hatt bal­long­buk­ser. Då buk­se­ne skul­le vera stra­me, had­de han hatt stra­me buk­ser. I dei må­na­de­ne mote­bel­tet had­de vore på mo­ten, had­de han hatt mote­bel­te.

Då han blei stu­dent, had­de han stu­dent­hår og gjekk i fa­rens gam­le skinn­jak­ke frå stu­die­tida ein ge­ne­ra­sjon til­ba­ke. Då han had­de stu­dert fer­dig, klyp­te han hå­ret og fekk seg ein jobb.

Si­dan had­de det gått ned­over. Han viss­te ikkje nøy­ak­tig når tren­dar og tenden­sar had­de be­gynt å pas­se­ra utan at han la mer­ke til dei. I star­ten kun­ne han bli be­kym­ra, ten­kja at han bur­de skjer­pa seg, hen­gja på, føl­gja be­tre med. Han had­de prøvd å lyt­ta til album og son­gar som blei kåra til årets bes­te av kri­ti­ka­rar og for­stå­seg­påa­rar. Han had­de ald­ri høyrt om ver­ken ar­tis­ten el­ler pla­ta - og aer­leg talt tyk­te han det mest av det han høyr­de var drit. Hans eiga mu­sikk­in­ter­es­se had­de stop­pa i 1994, sånn cir­ka.

Nå kjøp­te han kla­er bare for­di han måt­te. Han had­de ut­vik­la ein smak han håpa var så nøy­tral og umu­lig å få auge på at han kun­ne pas­sa inn i dei fles­te ti­der. Han prøv­de å unn­gå alle mar­kø­rar av mote og trend, alle far­gar, alle blikk­fang. Kona sa han var kje­de­leg. Han tok det som eit kom­pli­ment.

In­te­ri­ør had­de han ald­ri in­ter­es­sert seg for, ver­ken då han had­de ein viss kon­takt med tids­anda el­ler si­dan. Han had­de blaf­ra gjen­nom D2 no­kre gon­ger, kjent seg så fra­mand­gjort at han nes­ten ikkje viss­te kva han heit­te el­ler kven han var. Han had­de kjent at her var så un­der­leg.

Men så duk­ka tid­vis tan­ken opp. Om at han bur­de kop­la seg meir på, ikkje bare hal­da fram fer­da si ut av sol­sys­te­met, som ein for­tapt satte­litt.

Dags­revy­en na­er­ma seg spor­ten. (In­gen såg Dags­revy­en len­ger – men han såg Dags­revy­en.) Det var tid for den litt mju­ke saka. Ei da­me for­tal­de at nå skul­le bø­ke­ne stå feil veg i bok­hyl­la. At det var den nye tren­den.

Han gav opp.

Si­dan had­de det gått ned­over.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.