Ja­ersk mu­si­ka­l­over­flod

Stavanger Aftenblad - - KULTUR - Jan Zahl [email protected]­ten­bla­det.no

MU­SI­KAL: Unge jaer­buar sjar­me­rer med song, dans og drama i «Sønn av synd»

– som had­de tent på inn­stra­ming. Sønn av Synd Tea­ter/mu­si­kal, av og med Unge Spor.

Pre­miere Sola kul­tur­hus

11. ja­nu­ar.

Ma­nus og regi: Iren Før­land. Mu­sikk: Pe­der Er­ga.

Den fri­vil­li­ge or­ga­ni­sa­sjo­nen Unge Spor gir unge jaer­buar mel­lom 14 og 25 ein sjan­se til å dri­va med mu­sikk, dans og tea­ter. Kvart år pre­sen­te­rer dei – mel­lom man­ge and­re ak­ti­vi­te­tar – ei ho­vud­fore­stil­ling, ein mu­si­kal. I år fei­rar dei ti­års­ju­bi­le­um med å se­tja opp igjen «Sønn av Synd» frå 2012, i ny drakt.

«Sønn av Synd» blei spelt på Sola i hel­ga og blir spelt på Bryne nes­te helg. Sce­nen i Sola kul­tur­hus var fre­dag kveld gjort om til eit ma­fiøst natt­klubb­mil­jø i Chi­ca­go un­der for­bodstida. Det går an å kjen­na att de­lar av scene­opp­set­tet frå fjor­årets «Tin­sel Town», men alt det­te la­gar alt­så dei jaers­ke tea­ter­en­tu­si­as­ta­ne sjølv.

Inn på sce­nen skal det dei nes­te to ti­ma­ne strøy­ma ung­dom­mar frå alle kan­tar: Dan­sa­rar, skode­spe­la­rar, son­ga­rar. Og mens me knapt har sett ein le­van­de mu­si­kar på sce­nen på Ro­ga­land tea­ter det sis­te ti­året, har Unge Spor med seg to­talt 12 mu­si­ka­rar i eit im­po­ne­ran­de tett­spelt band.

Uklar his­to­rie

Det er ikkje heilt en­kelt å seia kva «Sønn av Synd» hand­lar om, sa­er­leg ikkje i førs­te akt. Det hei­le star­tar med eit par son­gar, men på fem­te rad var det sa­ers vans­ke­leg å skjø­na kva som blei sunge, kan­skje si­dan høg­ta­la­ra­ne hang man­ge me­ter over oss. I and­re akt flyt­ta eg len­ger bak i sa­len, og for­stod litt meir av song­teks­ta­ne.

Li­ke­vel er det, slik det også var i «Tin­sel Town», ei gans­ke uklar his­to­rie Iren Før­land byr på. Sa­er­leg mang­lar det ein ty­de­leg dra­ma­tisk mo­tor i førs­te akt. Her er ein ma­fia­boss, Don Car­lo, so­nen hans Do­mi­nic og ei rek­kje da­mer. Etter 25 mi­nut­tar duk­kar det opp no­kre po­liti­folk som spe­lar ko­me­die og snak­kar om eit drap og eit lik (som me ikkje har sett noko til). Men også det­te vi­ser seg å vera ei side­his­to­rie som ald­ri blir opp­klart.

Her er alt­så ikkje noko ty­de­leg mys­te­ri­um som skal løy­sast, ikkje no­kon ty­de­leg dra­ma­tisk boge. Det er litt pus­sig at ein snak­kar om dra­ma­tis­ke ting som drap og lik og un­der­cover­agen­tar, men me får ikkje sjå des­se dra­ma­tis­ke sce­ne­ne spe­la seg ut el­ler bli sett i no­kon sa­man­heng. Det er også pus­sig å høyra ele­ment av son­gar blir sunge utan at son­ga­ren er å sjå på sce­nen, som også skjer eit par gon­ger.

Flot­te mu­si­kal­num­mer Ut­over i and­re akt blir kja­er­lei­ken mel­lom Do­mi­nic (Se­bas­ti­an Alex­an­der Ros­so Al­ta­mi­ra­no) og si­ga­rettjen­ta Aria­na (Sigrid Ly­gren) den vik­ti­gas­te his­to­rie­lin­ja me føl­gjer. Flei­re av num­me­ra mel­lom des­se to, som ny­de­le­ge «Stå stil­le», er flot­te mu­si­kal­augne­blink, kan­skje nett­opp for­di fo­ku­set er så tett på dei to, my­kje av staf­fa­sjen er ryd­da bort, me­lodi­lin­je­ne er en­kla­re å føl­gja.

Mu­sik­ken spen­ner frå Las Ve­gas-stil, inn­om ele­ment i skja­e­rings­fel­tet mel­lom prog og mu­si­kal – og til ty­de­le­ge re­fe­ran­sar til Kaizers Or­chest­ra. Det er både mørkt, tøft og kaizersk når ma­fia­bos­sen syng i and­re akt, flan­kert av svart­kled­de dan­sa­rar.

Det er eit godt styk­ke frå Chi­ca­go i 1929 til Bryne i 2019. Alt ung­dom­ma­ne spe­lar ut i «Sønn av Synd» ligg uen­de­leg langt frå dei­ra eige liv og eig­ne er­fa­rin­gar – med dei kon­se­kven­sa­ne det har for tru­ver­det i re­plik­ka­ne dei le­ve­rer. Men okei. Det finst meir enn nok av de­pri­me­ran­de ung­doms­tea­ter som hand­lar om kor hardt og mørkt det er å vera ung. Det er her­leg be­fri­an­de med over­skot, ener­gi, fan­ta­si og vil­je til å un­der­hal­da.

Må­let med Unge Spors ho­vud­fore­stil­ling, er at alle skal få vera med og at alle skal få skina. Det er eit pris­ver­dig prin­sipp. Det fø­rer sjølv­sagt i pe­rio­dar til at det blir lett kao­tisk på sce­nen, men sjar­me­ran­de er det hei­le tida.

Mitt råd i fjor var «Kill your dar­lings»: å gje­ra fram­sy­nin­ga kor­ta­re, en­kla­re og ty­de­le­ga­re. Unge Spor har følgt litt av opp­ford­rin­ga. Fjor­årets «Tin­sel Town» var­te 2 ti­mar og 50 mi­nutt, med 28 son­gar. Årets va­ri­ant va­rer to ti­mar og inne­held 24 son­gar. Nes­te år hå­per eg på 90 stra­me mi­nutt, med dei 14 bes­te son­ga­ne og ei meir fo­ku­sert his­to­rie.

Af­ten­bla­det gir ikkje ter­ning­kast på fram­sy­nin­gar med barn og ung­dom.

Mu­sik­ken spen­ner frå Las Ve­gas-stil, inn­om ele­ment i skja­e­rings­fel­tet mel­lom prog og mu­si­kal – og til ty­de­le­ge re­fe­ran­sar til Kaizers Or­chest­ra.

JARLE AASLAND

Ma­fia­bos­sen Don Car­lo (Da­ni­el Ló­gi Thor­steins­son) he­var gla­set i «Sønn av Synd».

JARLE AASLAND

Do­mi­nic, num­mer to frå ven­st­re, er ma­fia­bos­sens son, og held seg med man­ge da­mer. Ei stund.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.