Lars Søn­denå er død

Stavanger Aftenblad - - FOLK -

MINNEORD: Lars Søn­denå er død. I april vil­le han ha blitt 90 år. Lars voks opp på gar­den Søn­denå i Sand­eid. Han var num­mer 8 i ein barne­flokk på 13. Som 17-åring reis­te han til Mos­ter­øy for å bli dreng hos søs­ken­bar­net sitt, Arne Sun­nanå. Her tok han del i gards­stel­let og var med og byg­de ny løe. I 1950-51 var han i Tysk­lands­bri­ga­den. Her fekk han opp­le­va eit ut­bom­ba og ned­sli­te Tysk­land. Han var sei­na­re ak­tivt med i la­get som blei ski­pa for sol­da­tar som had­de vore med i bri­ga­den. Han var mel­lom an­na med på tu­rar til Tysk­land, og han for­tal­te om sine opp­le­vin­gar som sol­dat i uli­ke sa­man­hen­gar.

Etter mi­li­ta­er­te­nes­ta gjekk på ar­beids­sku­len på Sand. Her laga han mel­lom an­na møb­le­ment til både sto­ve og sove­rom. Det­te kom vel med då han i 1956 gif­ta seg med Bjørg Sør­hus frå Øv­re Vats. Dei fekk fi­re barn. Møb­lar som han laga, er ennå i bruk hos barne­barn.

I fem år had­de Lars jobb på han­dels­la­get i Ølen der bro­ren Toralv var sty­rar. Me­dan han var der, tok han han­dels­ut­dan­ning i Stavanger. I 1956 blei han sty­rar ved han­dels­la­get i Ned­re Vats. Han had­de lett for å om­gås folk, var kvikk i re­plik­ken og var hjelp­sam og om­sorgs­full.

Etter 23 år ved han­dels­la­get tok han ini­tia­ti­vet til å opp­ret­ta eit fel­les rek­ne­skaps­kon­tor for han­dels­lag i Ry­fyl­ke. Han styr­te det­te kon­to­ret i 17 år til han blei pen­sjo­nist.

Lars var in­ter­es­sert i po­li­tikk og sam­funns­for­hold. Han las my­kje, spe­si­elt bø­ker om 2. verds­krig. Han

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.