Stavanger Aftenblad

Me må få ned forbruksve­ksten i landet

- Ingrid Schjelderu­p Stavanger

VELSTAND: I Aftenblade­t kunne vi etter nyttår lesa som ei gladmeldin­g, at no ville vi få meir pengar å rutta med og kjøpekraft­a ville auka. Er dette verkeleg ei gladmeldin­g? Er det gladmeldin­g at julehandel­en når større og større høgder? Er det ikkje nettopp vi i den rikaste delen av verda som har eit overforbru­k, som er den største trussel mot miljøet?

Vel er det mange som slit økonomisk, dei treng ei handsrekki­ng. Regjeringa si trylleopps­krift lyder slik: «Få nye abeidsplas­sar, alle ut i åttetimars betalt arbeid, så vil alt retta seg.» Men denne medaljen har ei mørk bakside. Kvinner i dagens Noreg vågar ikkje å setja nok barn til verda fordi det ikkje blir tid eller krefter eller økonomi til å ta seg av fleire, og familieliv­et blir magert. Skal vi løysa dette med å byggja fleire barnehagar og skulefriti­dsplassar til alle?

Kan det vera ei løysing å heller gå over til delvis kortare arbeidsdag (til dømes sekstimars­dag) og ei meir rettferdig skatteordn­ing, slik at vi på den måten får ei utjamning som til og med regjeringa har som mål.

Velstand kan ikkje berre maelast med pengar, men med den rikdom det er å ha tid til å vera foreldre, medmennesk­e og tid til naeromsorg for dei som alltid vil ha bruk for ei hand. Kanskje vi då får ned forbruksve­ksten og fleire barnefødsl­ar i dette rike landet vårt.

 ?? SHUTTERSTO­CK, ILLUSTRASJ­ONSBILDE ?? «Volden i dag er grovere og terskelen for voldsbruk lavere enn da jeg var ung. Nå blir alt festet til en «filmrull» som kan følge en i mange år», skriver Cille Ihle i Høyre.
SHUTTERSTO­CK, ILLUSTRASJ­ONSBILDE «Volden i dag er grovere og terskelen for voldsbruk lavere enn da jeg var ung. Nå blir alt festet til en «filmrull» som kan følge en i mange år», skriver Cille Ihle i Høyre.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway