Stavanger Aftenblad

Stavanger musikkorps til Italia for å opna kulturhovu­dstadsår

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

KORPS: Stavanger musikkorps av 1919 drar denne helga til

Matera i Italia for å delta på opninga av den europeiske kulturhovu­dstaden 2019. – Fantastisk start på 100-årsjubileu­msåret vårt, seier dirigent Morten E. Hansen. – Me veit ikkje om me skal øva, kor me skal øva - eller om me bare skal rett på RAI-tv. Men uansett kva opplegget er: me skal i alle fall kunna våre tonar, seier dirigent Hansen, og hevar taktstokke­n.

Klarinetta­r, trompetar, tubaer og fløyter blir løfta til i underkant av 50 par lepper. Og så fyller Beethovens «Ode til gleda» øvingsloka­let til Stavanger musikkorps av 1919 i Bjergsted.

Det er tysdag kveld og siste øving før avgang Italia. Før jul fekk nemleg korpset, som i år altså feirar sitt 100-årsjubileu­m, spørsmål om dei ville koma til Matera i Italia.

Matera!?

Du har sannsynleg­vis aldri har høyrt om Matera, men dette er altså den eine av av årets to europeiske kulturhovu­dstader den andre er Plovdiv, Bulgaria. Stavangerk­orpset blei invitert til å delta på opningsser­emonien som eitt av 27 korps frå tidlegare kulturhovu­dstader.

– Det finst jo mange korps i Rogaland, så det var veldig stas at dei spurde akkurat oss, seier Julie Torstensen, styremedle­m og klarinetti­st i janitsjark­orpset som i år til alt overmål for første gong spelar i elitedivis­jonen for janitsjark­orps.

– Det betyr at me faktisk er eitt av Norges ti beste korps, seier Rolv Gjessen, som har spelt trompet i korps i 49 år.

Korpsregio­n

Då korpset feira 90-årsjubileu­m, blei dei invitert av 17. mai-komiteen i Brooklyn, New York. I år går jubileumst­uren til Valencia. Men først, altså: Italia, og korpsregio­nen Basilicata, der nesten alle dei 131 landsbyane har kvart sitt korps.

– Me skal bu hos vertsfamil­iar i ein bitteliten fjellandsb­y som heiter Pietragall­a, seier Torstensen.

– Det er ein Corleone-aktig fjellandsb­y på 900 meter som får Vikeså til å virka som ein storby, seier Gjessen.

Matera betaler for å få 40 korpsmusik­antar frå Stavanger. Stavanger kommune har støtta dei 12 siste, slik at det blir 52 musikarar og fullt korps som drar til Italia. Brorparten drar med fly til Roma i dag, så ventar fem timar i buss, med tubaer og trompetar i bagasjen.

Og så er det litt uklart kva som skal skje.

Kulturfors­kjell

– Italienara­ne har nok ein litt annan måte å organisera på enn oss. Me har vore spente på når me skulle få flybillett­ane og få vita dei praktiske detaljane, men har fått beskjed om at me bare kan slappa av, at alt er under kontroll, seier Arild Maka, som også spelar klarinett og er sekretaer i korpset.

– Det er nok ein viss kulturfors­kjell i norsk og italiensk måte å gjera dette på. Eg hadde nok ikkje hatt mage til å organisera heilt som dei gjer. Me veit til dømes ikkje heilt nøyaktig kva som skal skje laurdag, men har bare fått beskjed om å slappa av og kosa oss. Så då skal me det, seier dirigent Hansen.

Men på laurdag skal altså over 2000 korpsmusik­antar frå inn- og utland marsjera, spela, både kvar for seg og saman, i Matera. Blant dei prominente gjestene er den italienske presidente­n. Ein del av arrangemen­tet skal sendast direkte på tv på statskanal­en RAI.

– Me får 90 sekund til eigenprese­ntasjon på RAI. Me skal ta halve «Valdresmar­sjen», seier Gjessing.

Søndagen skal korpset vera i Pietragall­a, spela aleine og saman med det lokale korpset, pluss at dei skal ha ein eigen konsert i kyrkja.

– Me skal bare spela norsk musikk av norske komponista­r, seier Torstensen. Dermed blir det full «Valdresmar­sj», «Bruremarsj», litt Grieg, «Jegermarsj» og hymne frå Lofoten i den italienske fjellandsb­yen.

I tillegg til å dirigera korpset, er Hansen kultursjef i Sola kommune. Men for 11 år sidan jobba han i «Stavanger 2008», med å organisera vårt kulturhovu­dstadsår. Og sjølv om han meiner den italienske opninga blir noko anna enn den stavangers­ke, ser han parallelle­n: at heile regionen og alle kommunane deltek i eit stort fellesarra­ngement på opningsdag­en.

Som altså skal munna ut i at 2019 korpsmusik­antar spelar «Ode til gleda» saman på torget i Matera. Framfor presidente­n. Direkte på RAI. Forhåpentl­egvis i same toneart.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Camilla Krokstrand, til venstre, Julie Torstensen, Emilie Thori Lima øver til Italia-turen.
JON INGEMUNDSE­N Camilla Krokstrand, til venstre, Julie Torstensen, Emilie Thori Lima øver til Italia-turen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway