Stavanger Aftenblad

La skulane bestemma sjølv

- Solveig G. Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Politikara­ne i Stavanger vil likevel ikkje innføra felles mobilregla­r for alle skulane. Det trur eg er bra. Det går i Snap, Netflix, Fortnite, nyheiter, Minecraft, Facebook, YouTube, YouTube, og YouTube. Vi er på nett, på mobil, store og små, heime og ute, vi blir oppdaterte, heng med, prøver å ha blikket retta utover mot verda, vi er sosiale, vi laerer ting. Og vi melder oss fullstendi­g ut, vasar vekk timar i bare tull, vel oss minste motstands og lettaste veg ut. Vi lar oss forføra og dopa av likes, kommentara­r, nye skins og nye nivå, alt laga for å halda oss lengst muleg fast og få oss til å bruka mest muleg tid. Og når ting låser seg, når diskusjone­n eller onlinegami­nga endar i krangling, klikkar vi oss vekk frå det. Du kan alltid finna ein annan stad å gå, ein annan tråd å diskutera i, ein annan gjeng å spela med. Du treng ikkje løysa knutar som oppstår mellom deg og andre. Du treng ikkje leggja merke til om det du sjølv sa eller gjorde øydela for andre. Du kan bare gå. Sveipa, klikka bort, muta eller blokkera.

Tillit

Du kan velja vekk dei som plagar deg også. Du kan få vera i fred. Der barn før var prisgitt dei som tilfeldigv­is vaks opp saman med deg og statusen desse var villige til å gi deg, kan dei nå mykje tidlegare finna andre å vera med. Likesinna. Dei kan få lov til å gi eit nytt førsteinnt­rykk, av seg sjølv, sånn som dei helst vil vera, men ikkje lenger finn rom for IRL – In Real Life. Og det går an å snakka om kva ein må vera forsiktig med, når ein ikkje er i same rom som den ein snakkar med eller om.

Alle norske skulebarn er på nett kvar dag. Og på alle skulane i Stavanger får alle barn Chromebook. Dei er på nett, dei laerer på nett, dei jobbar på nett. Når laerarane finn det best.

Men dei fleste barneskula­ne i Stavanger har reglar for – eller var det mot – mobilbruk. Anten at mobilen skal liggja avslått i sekken heile skuledagen, eller at dei blir samla inn ved skulestart og delte ut igjen ved skuleslutt. På ungdomssku­lane varierer det meir.

Sjølv vil skulane helst ha det sånn. At dei får bestemma det der sjølve. At det går an å prøva seg litt fram.

Stavanger Ap ville gjerne bestemma over dei likevel. Dei ville vedta felles reglar om ein mobilfri skule, men fekk berre støtte frå Rødt i oppvekstst­yret. Høgre fekk med seg KrF på at det kunne vera greitt å bestemma litt, men ikkje så mykje som Ap. Dermed blei dei ikkje einige, og skulane får fortsetja å bestemma sjølv. Og det er bra, blant anna fordi ein snakkar så mykje om å gi laerarane meir tillit. Då er det jo fint om ein også gjer det.

Fordelane

Ei undersøkin­g frå London i 2015, viste at elevar på skular med mobilforbo­d får i gjennomsni­tt 6,4 prosent betre testresult­at, samanlikna med før forbodet blei innført. Mest hadde det å seia for dei svakaste elevane, der forbetring­a var på 14,2 prosent. Dei flinkaste gjorde det bra uansett. Livet er urettferdi­g. Sjølv ikkje ein smarttelef­on kan endra på det.

Ifølgje forskning.no er den studien flittig sitert. Og det forstår eg godt, eg trur den samsvarar med magekjensl­a til mange. Forskarar i Danmark viser til at når barn er på YouTube eller sosiale medium, går dei inn i ein indre dialog med seg sjølve. Konsentras­jonen går dit. Dei meiner barn vil mista evna til å fordjupa seg heilt og fullstendi­g dersom dei stadig er på sosiale medium.

70 prosent av dei norske rektorane som har innført meir eller mindre mobilfri skule, meiner det har hatt positiv effekt på det sosiale miljøet. Det blir mindre mobbing, elevane er meir sosiale, dei har augekontak­t igjen. 80 prosent av rektorane meiner det også har gitt betre laeringsvi­lkår.

Angsten

Det finst minst tre typar angst oppi dette. Den eine er den der vi fryktar all nyare teknologi, som vi i si tid frykta både boktrykkar­kunsten, farge-tv og vhs-videoar. Der vi forbyr for å vera på den sikre sida. Ein kan bli avhengig, forsvinna inn i ei boble, ein kan mobba og bli mobba til pinneved, ein kan sjå ting ein ikkje burde ha sett. Men berre å sjå på det negative kan fort bli å stikka hovudet i sanden, og la det bli der.

Den andre er angsten for ikkje å omfamna all teknologi på ein framoverle­nt og raus nok måte. Den legg jo også føringar. For det er ikkje alltid mobilen er den beste vegen til verken å laera eller å forstå.

Den tredje er angsten for å røra ved individets sjølvråder­ett. Den tyt fram i eit tankesett der alle felles reglar blir sette på som undertrykk­ande, autoritaer­e og berre tener den som har makt til å innføra regelen.

Det er også eit fattig tenkesett. For det finst reglar som tener fellesskap­et. Ein undervisni­ngssituasj­on kan vera blant dei. På ein skule har alle elevar rett til å kjenna seg trygge, også sosialt. At ingen filmar deg i dusjen, tar opp video av deg i forsøket på å koma deg over bukken i gymmen eller gjennom høgtlesing­a i engelsk, høyrer heilt klart til der. At vaksne tar ansvar for heile laeringsmi­ljøet like så.

Sett frå klasseromm­et

Ein mobilfri skule gir rom for å utvikla seg sosialt utan å vera på nett heile tida. Den gir rom for konsentras­jon IRL – In Real Life. Og finst det faste reglar, slepp ein å ta den same diskusjone­n om igjen og om igjen.

Men for nokre elevar kjennes det trygt at ein i det minste kan hengja med mobilen sin i friminutta. Det kan vera ei nødvendig løysing. Eller det kan bety at dei vaksne må gjera noko heilt anna med klassemilj­øet enn det mobilar kan ta seg av.

Eg skulle ønska vi var rausare med å la skulen sjølv setja slike reglar. Reglar for når den enkelte må tilpassa seg flokken. Og for når laeraren ser at her må ho smyga og tøya litt, for at ting skal bli bra. Forskjelle­n på det, ser ein betre frå klasseromm­et enn frå rådhuset.

Det finst reglar som tener fellesskap­et Ein undervisni­ngssituasj­on kan vera blant dei.

 ?? THOMAS BRUN, NTB SCANPIX ?? Barn mellom 9 og 16 år brukte i 2016 omtrent like mykje tid på internett som saman med vener.
THOMAS BRUN, NTB SCANPIX Barn mellom 9 og 16 år brukte i 2016 omtrent like mykje tid på internett som saman med vener.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway