Stavanger Aftenblad

Uvanlig sauefødsel i Dirdal

- Ragnhild.selsto@aftenblade­t.no

DIRDAL: – Eg har full kontroll på paringa. Dette liknar helst på jomfruføds­el, seier sauebonde Dag Øvstebø.

Ragnhild Sofie Selstø

Det må ha skjedd i august.

Sauen Smilå, oppkalla etter spionen George Smiley i John le Carres krimromana­r, gjekk på beite med to lam som framleis patta - det vil seie at dei framleis drakk mjølk frå mora. Det var berre damer på beite. Ingen potensiell­e fedrar i sikte.

– Eg har full kontroll på paringa, fortel Øvstebø.

Likevel, ettermidda­gen den 29. januar oppdaga sauebonde Øvstebø noko svart, lite på rista Smilå sin bås. Eitt sort får, med morkaka rundt halsen.

– Eg var rask med å fjerne morkaka, og fekk flytta både Smilå og lammet vekk frå dei andre sauene, seier han. – Ikkje lenge etter kom eit nytt lam krypande fram under fôrbrettet til mora. To flotte lam. Såpass kraftige at eg valde å kalle dei Erna og Olaug.

Øvstebø var ikkje heilt uforberedt på fødselen. I november såg han at Smilå ikkje løp som vanleg. Og etterkvart såg han at ho vart tjukk på magen og fekk jur.

– Det er veldig sjeldan at ein sau er parringsvi­llig når ho har lam som pattar. Dette liknar helst på jomfruføds­el, seier sauebonden.

Lemming, altså sauefødsel, skjer vanlegvis i april og mai. Øvstebø har 45 – no 44 sauer som skal ha lam i april, og i likskap med Smilå har dei andre sauene fått namn.

 ?? PRIVAT ?? Dag Øvstebø saman med lamma Erna og Olaug og nybakt mor Smilå.
PRIVAT Dag Øvstebø saman med lamma Erna og Olaug og nybakt mor Smilå.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway