Stavanger Aftenblad

Ikkje til å forstå

-

LEIAR: Det var ikkje lett å hjelpa Siw. Men det forklarar ikkje kvifor samarbeid mellom hjelparane var så vanskeleg.

Historia om Siw er ei historie om å leva heilt på grensa. Der livsfare blir kvardagen, i eit liv beinhardt prega av rus og psykisk sjukdom. Dei som ville inn til Siw, i det harde miljøet ho var ein del av, tok seg inn, om dørene var låste eller ikkje. Ho blei banka, mishandla og torturert. Ho var sårbar, ho prostituer­te seg, ho var ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv. Og ho var ikkje lett å hjelpa.

Var ho psykotisk, og andre melde frå, plukka politiet henne opp, køyrde henne til psykiatris­k, der ho blei innlagt til psykosen var over, og Siw igjen kunne bestemma sjølv om ho ville ha behandling eller ikkje, og spasera ut døra. Til neste gong.

Det er klart det ligg ein stor diskusjon i dette: Kor går grensene for når ein skal hjelpa dei som ikkje vil ha hjelp?

Men i Siws historie finst det dessverre langt enklare ting ein først må gripa tak i. Saerleg i leiinga i kommunen og spesialist­helsetenes­ta. For det er så altfor tydeleg at samarbeide­t mellom dei som faktisk skulle hjelpa Siw, ikkje fungerte. Når psykiatris­k avdeling må skriva Siw ut, og i journalen er alvorleg bekymra for at ho kan døy av overdose eller bli drepen, held det ikkje å setja fastlegen på kopi når journalen blir send der den skal. Dei må ta kontakt. Dei kunne også tatt kontakt med kommunen, for det finst ein paragraf kommunen truleg kunne brukt, for å halda henne på institusjo­n. Vidare fanst det ingen plan for Siw, unntatt ein som hadde lege fleire år i ei skuff. Og før den påska Siw døydde, gjekk der ut ei klar melding om at ein skulle innom henne kvar dag, nettopp fordi ein frykta for livet hennar. Det blei ikkje gjort. Og ROP-teamet, som av same grunn skulle sjekka kvar natt, stod berre på utsida. Dei var ikkje inne.

Siw blei funnen død etter den påska. Ingen veit om nokon kunne klart å redda henne akkurat då det skjedde.

Men kvalitetsu­tvalet i kommunen, som skal gå gjennom slike alvorlege saker, snakka ikkje etterpå med dei som stod Siw naermast i hjelpeappa­ratet, og heller ikkje med psykiatris­k. Det verkar som om dei berre tok dødsfallet til orienterin­g.

Altfor mange har gjort så hjelpelaus­t lite at det ikkje nådde vidare til andre hjelparar. Dei som jobba tettast på, kjende seg ikkje høyrde, og blei ikkje spurde.

Difor er det ikkje dei store, etiske diskusjona­ne om personleg fridom og ansvar for eige liv, om tausheitsp­likt og tvangsbruk som skal tas først. Det er hjelparane­s manglande samarbeid. Den eine instansen må gripa tak i den andre, så nokon alltid kjenner og veit at nå er det dei som har ansvaret for å passa på. Det er eit soleklart leiaransva­r.

At Kampen-saka, der Jonny Risvik blei mishandla til døde av andre hjelpetren­gjande ikkje har vore nok til å få dette til å fungera, er heilt, heilt ufatteleg.

At Kampen-saka ikkje har vore nok til å få dette til å fungera, er heilt, heilt ufatteleg.

 ??  ?? Ingen veit om nokon kunne ha redda Siw.
Ingen veit om nokon kunne ha redda Siw.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway