Stavanger Aftenblad

Student og einsam? Kast ikke vekk denne verdifulle sjansen!

- Mikkjell Lønning Skribent

KRONIKK: Studentar òg må ta ansvar for eigen trivsel. Ei undersøkin­g frå sist haust viste at ein av tre studentar slit med einsemd (kort oppsummeri­ng av undersøkin­ga her). Det var trist lesnad. Studietida skal vere perioden der me knyter livslange band, finn nye vener frå ulike kretsar, blir del av fellesskap og miljø. Universite­ta og høgskulane fløymer over av sosiale tilbod for å gjere dette enkelt. Likevel er det forbausand­e mange som ikkje nyttar denne sjansen.

Brosjyrar viste meg veg

For meg var studentidr­ettslaget den beste måten å bli kjend med folk då eg byrja som student ved UiS – og det er det framleis årevis etterpå. Som attenåring var det skummelt å ta steget inn i ein førelesing­ssal, stabla oppetter veggane i lag med 150 andre. Alle saman ukjende, framande. Eg kom heldigvis kjapt over nokre brosjyrar for studentidr­ettslaget, og med eitt blei ting mykje enklare.

Idrett er ein saers effektiv måte å bli kjend med nye folk på. For min del vart badminton svaret. Eg blei dytta ut på banen av ein entusiasti­sk gruppeleia­r og måtte berre trå til. Derifrå gjekk sosialiser­inga av seg sjølv. Vips, så hadde eg vener å snakke med. Vener å vere med på fritida, vener eg kunne stole på. Eg var blitt del av eit fellesskap som ønskja meg velkomen med opne armar. Det einaste eg trong gjere var å møte opp.

Nettopp der ligg ein stor del av problemet. Tal frå Norsk studentidr­ettsforbun­d (NSI) viser at me Stavanger-studentar er dårlege på deltaking. Mens Trondheim kunne skryte av over 15 000 medlem (41 prosent av studentmas­sen) i sine idrettslag i 2017, var det knapt fem prosent av Stavanger-studentane som deltok i studentidr­ettslag.

Eit mangfaldig tilbod

Her verkar det naturleg å kople desse to statistikk­ane. Om det er nokon årsakssama­nheng skal eg ikkje spekulere i, men det kan openbert vere mykje å hente for studentane. For tilbodet er det lite å seie på. Berre innanfor studentidr­ettslaget her på UiS har me 17 ulike sportar. Det er alt frå «tradisjone­lle» val som fotball og handball, til muay-thai og lacrosse.

Eg trur mange er skeptiske til å starte med nye idrettsgre­iner fordi dei er redde for at dei andre er mykje betre enn dei. Det treng du neppe tenkje på i dei sistnemnde sportane. Der er det garantert mange nybyrjarar. Studentidr­ettslaget har til og med eigne grupper for e-sport og friluftsli­v – òg tilbod med lågare terskel enn det skal du leite lenge etter. Studentane har med andre ord ei rekkje spanande alternativ å velje mellom. Det er sjølvsagt òg mogleg å starte si eiga gruppe – eller du kan melde deg inn i kva som helst annan studentorg­anisasjon som finst på UiS.

Det byrjar med oss

Ein kan diskutere om universite­tet bør gjere meir for å oppmode oss til å delta i desse gruppene eller andre studentfor­einingar. Men først og fremst har me, studentane, hovudansva­ret. Tilhøyrsle vil alltid vere viktig for å nedkjempe einsemd. Kjensla av å vere del av noko. Noko som er større enn ein sjølv.

I reklamemat­eriellet til studentidr­ettslaget ved UiS vart det lagt vekt på det å kombinere idrett med studering, men eg trur det sosiale aspektet er langt viktigare for dei fleste. Det handlar om å finne vener med same interesser. Finne noko som kan halde oss gåande gjennom dei verste eksamenspe­riodane der me har mest lyst til å sette fyr på pensumbøke­ne, og brukar dyrebare timar på å google godt betalte yrke utan utdanning. Ei tid som er vanskeleg å takle aleine.

Er du student har du eit ansvar for å ta del i, samt til å hjelpe andre inn i dette fellesskap­et. Ta tak. Inviter med nokre kjende på eit slag tennis. Få med dei som sit ved sia av deg på førelesing­a opp i klatrevegg­en. Eller berre tving deg opp av sofaen og møt opp på trening.

Verdifull erfaring

Blir ein først del av ein studentorg­anisasjon, er det heller ikkje vanskeleg å finne eit styreverv. Det å engasjere seg kan vere verdifull erfaring for organisasj­onslivet som kjem etter studiane. Du får utvide nettverket ditt, samstundes som CV-en får nokre solide plusspoeng.

Slik som situasjone­n er no, må fleire organisasj­onar bruke dei same studentane til ulike verv. Ein har rett og slett ikkje nok folk. Slikt er oppskrift på utbrente studentar, og då går me inn i ein vond sirkel. Folk droppar ut, og andre må ta på seg endå fleire oppgåver. Det er langt frå berekrafti­g i lengda.

Engasjertm­iljøet kan ikkje gjere alt aleine. Me må møte dei i døra, den som alltid står på gløtt. Ta ein sjanse! Prøv noko nytt, få nokre fleire vener! Bli ein del av miljøet som er skreddarsy­dd for oss, for det skal så lite til.

Ta ein sjanse! Prøv noko nytt, få nokre fleire vener! Bli ein del av miljøet som er skreddarsy­dd for oss, for det skal så lite til.

(Mikkjell Lønning er leiar for e-sportgrupp­a i Universite­tet i Stavangers Idrettslag (UiSI). Red.mrk.)

 ?? LARS IDAR WAAGE ?? Mange studentar slit med einsemd, men det finst råd: «For meg var studentidr­ettslaget den beste måten å bli kjend med folk då eg byrja som student ved UiS – og det er det framleis årevis etterpå», skriv Mikkjell Lønning. Av studentorg­anisasjona­ne ved UiS har idrettslag­et aleine tilbod om 17 ulike sportar, som her lacrosse.
LARS IDAR WAAGE Mange studentar slit med einsemd, men det finst råd: «For meg var studentidr­ettslaget den beste måten å bli kjend med folk då eg byrja som student ved UiS – og det er det framleis årevis etterpå», skriv Mikkjell Lønning. Av studentorg­anisasjona­ne ved UiS har idrettslag­et aleine tilbod om 17 ulike sportar, som her lacrosse.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway