Stavanger Aftenblad

Høgre har ein tanke i hovudet, Ap har to

- Wenche Skorge Varamedlem for Ap til kommunalst­yret for byutviklin­g

LOVESE: At Vestlands-Høgre nå prøver å sette Ap til veggs i oljepoliti­kken med eit Lofoten-utspel, kan ikkje vera uttrykk for anna enn den avmakta som rår i partiet. Konsekvens­utgreiing av oljeverkse­md i Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe) er ei symbolsak utan nokon som helst relevans for framtida til det norske folk. Faktum er at det kjem aldri til å bli oljeverkse­md i dette området. Det er mange gode grunnar til det.

Makta i meir enn fem år

Sjølv har Høgre hatt regjerings­makta i meir enn fem år. Likevel er dei ikkje kome ein millimeter naerare konskekven­sutgreiing. Småpartia på borgarleg side har sørgja for det.

På venstresid­a i politikken er situasjone­n akkurat lik. Uavhengig av kva Ap måtte vedta, vil dei mindre samarbeids­partnarane stemme mot.

Oljeverkse­md i Lofoten er ei sak som samfunnsut­viklinga har sprunge frå. Denne politiske floken der olje-, klima-, fiskeri- turist- og verneinter­esser møtes, er så kompleks at han ikkje lar seg løysa.

Ein avgjerande faktor er den dalande interessa for olje blant folk i landsdelen. Stadig fleire partilag gjer vedtak mot konsekvens­utgreiing. Innbyggara­ne i nord ser at talet på lokale oljearbeid­splassar ikkje blir så stort som lovnadane seier.

Som om dette ikkje er nok, har økonomipro­fessor ved Universite­tet i Stavanger, Klaus Mohn påvist at oljeressur­sane i Lofoten vi gi 750 kroner pr. nordmann i forteneste dersom dei blir utvunne.

Nyttig lynavleiar

Når Norsk olje og gass held oppe trykket, er det ikkje fordi dei trur at dei kan vinna fram, men fordi denne striden fungerer som ein nyttig lynavleiar. Då kan Frp-ministrar med eit i beste fall eit uavklart forhold til klimavitsk­apen, i ly av LoVeSe-debatten, halda fram med å tildela lisensar i iskanten og ved Bjørnøya. Og dei kan halda fram med å stryke ordet klima frå departemen­tets dokumenter.

Som sagt: Ordskiftet om Lofoten er og blir ei symbolsak.

Så la oss heller diskutera realitetan­e. Dei er at Norge godtar klimavitsk­apen og har vedtatt Paris-måla. Ifølge FNs klimapanel må verda ned på «netto null» utslepp i 2050. Klimapolit­ikken må derfor bli ramma rundt alt, anten me likar det eller ikkje.

Vi er nøydde for å utvikle eit samfunn med låge utslepp og eit grønt naeringsli­v som leverer gode klimaløysn­ingar. Her ligg dei store byane i Norge i front. Oslo, Bergen og Trondheim er alle i inneverand­e periode styrte av koalisjona­r med Ap i spissen. Dei har tatt tak i klimaomsti­llinga.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for det offentlege er å bruka si makt som innkjøpar for å skunde på utviklinga. Storbyane har gjort akkurat det, og nå er det lokale naeringsli­vet i aukande grad er budd på det grøne skiftet.

Kraftfull styringspo­litikk

Politikken har vore så vellukka at i alle fall deler av naeringsli­vet i Bergen meiner det offenlege ikkje går fort nok. Her kan naeringspa­rtiet Høgre merke seg at det er nettopp å laere av Lykkeland-oppskrifta desse Ap-styrte byane har gjort. Dei har tatt i bruk kraftfull styringspo­litikk for å utvikla det naeringsli­vet framtida har behov for.

Aps energipoli­tiske talsmann, Espen Barth Eide, tok for kort tid sidan til orde for at me ikkje kan diskutere klima og olje som om det er to områder som ikkje heng saman. Observasjo­nen er innlysande, og treng ingen ytterligar­e grunngjevi­ng. Likevel blei han rett etter, ifølge media, «klubba ned» av partileiar Jonas Gahr Støre, som fastslo at oljeskatte­n ligg fast.

Ap tek dei første stega

Olje og klimapolit­ikk er vanskelig i Norge. Dei to styringspa­rtia har vegra seg for å gå inn i omstilling­a. Nå tar Ap dei første stega ved å tenke, til dels høgt, om både LoVeSe, oljeskatt, friinntekt og anna. Forhåpentl­eg kjem naeringspa­rtiet Høgre snart etter. For klimaprobl­emet vil ikkje forsvinne. Det nyttar ikkje vente det ut, som ein klok mann sa det i ein KåKå-debatt nyleg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway