Stavanger Aftenblad

No laerar femåringan­e om vald og overgrep

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no Jon Ingemundse­n jon.ingemundse­n@aftenblade­t.no

STAVANGER: I barnehagan­e har dei begynt å snakke veldig direkte til borna om vald og overgrep. - Har ført til mange samtalar der barn har fortalt vanskelege ting, seier prosjektle­iar. – Vi har alltid hatt auge og øyrer opne med tanke på å avdekke vald og overgrep, men vi har nok ikkje vore flinke nok til å snakke med borna om det, seier Henriette Meling Nordhus, pedagogisk leiar ved Dronningås­en barnehage.

Den er blant 33 Stavanger-barnehagar som sidan 2017 har deltatt i prosjektet «Vil vite», der femåringar laerer om vald og overgrep gjennom samlingar i barnehagan­e.

– Vi tenkte først at «åj, dette var veldig direkte», då vi fekk vite kor opne vi skulle vere med borna, men når vi veit kor viktige desse samtalane er for dei, har det ingenting å seie om det er uvant for oss dei første gongane vi snakkar om det. Borna skal føle at det er like greit å snakke om både gode og vonde kjensler.

Private område

«Vil vite» starta som eit prøveprosj­ekt i bydelane Sunde og Kvernevik hausten 2017 etter at SV-politikar Ingrid Kristine Aspli kjempa fram dette i kommunalst­yret for levekår. Våren 2018 kunne alle kommunens barnehagar søke på forlenga prøveprosj­ekt. 26 deltok. No er ny runde i gang og fem nye er med. Alle som har deltatt til no, er positive til å halde fram.

Pedagogar i barnehagar held sjølv samlingane etter å ha fått rettleiing. Ein kontaktper­son i barneverne­t er tilgjengel­eg om dei treng råd eller å drøfte saker anonymt.

– Ungane veit gjerne ikkje kva som er greit og ikkje greit at vaksne gjer. I samlingane laerer dei om fysisk og psykisk vald, og om skilnaden på gode og vonde løyndommar. Vi laerer dei at det finst ein alarmtelef­on og at Norge har ei lov som seier kva vaksne ikkje har lov å gjere med barn. Dei laerer at munn, bryst, tiss og rumpe er private område. Vi presiserer at det aldri er deira skuld og at det er viktig å fortelje slike ting til ein vaksen ein kan stole på, seier Henriette Meling Nordhus.

Barnevernt­enesta i Stavanger og Ressurssen­teret for styrket barnehaget­ilbud samarbeide­r om prosjektet. Saman har dei utarbeida ein mal som barnehagan­e følgjer.

Avdekker saker

Ifølgje prosjektle­iar Anne Gunn Kvandal har prosjektet ført til fleire bekymrings­meldingar til barneverne­t. Dei har ikkje tal på kor mange.

– Barnehagan­e melder tilbake at dei føler seg tryggare på å snakke med borna no. Det har ført til mange ekstra samtalar der barn har fortalt vanskelege ting. Vi skal avdekke saker om det er mogleg, men målet med dette er først og fremst å skape eit miljø der det er trygt å gi beskjed.

Mange kunne ein del om å handtere saker barna melder frå om, men hadde i mindre grad hadde jobba for å lage eit miljø der det er trygt å fortelje.

– Vi grua oss

– Tidlegare grua vi oss til å prate om det. Kanskje leste vi litt i ei bok og klarte ikkje heilt å sette ord på det. No har vi fått ei oppskrift og noko konkret å vise til, seier Solveig Bøe, pedagogisk leiar i Sundelia barnehage.

– Vi har tatt med oss laerdomen vidare i det daglege. No snakkar vi også elles om private område, gode og vonde løyndommar og minner på at dei kan stole på oss vaksne.

Dronningås­en barnehage planlegg å ha slike samlingar for femåringan­e kvart år. Pedagog Henriette Meling Nordhus trur mange foreldre synest det er vanskeleg å snakke med borna sine om vald og overgrep, og kanskje tenker dei at «det skjer ikkje med mitt barn». Overgrepa blir ofte gjort av ein person barnet har naer relasjon til.

– Difor meiner eg det er spesielt viktig at barnehagan­e tar opp dette. Det er vår plikt å oppdage varselstei­kn og melde frå, og det er skummelt å tenke på kor mykje som ikkje blir oppdaga. Også tidlegare har vi vore opptatt av å prate med borna dersom dei seier eller gjer noko som vekker uro, men no har vi blitt meir medvitne på kva teikn vi skal sjå etter, og at det er viktig at vi våger å ta feil.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Pedagog Henriette Meling Nordhus forsøker å laere femåringan­e at det er lov å snakke om både gode og vonde kjensler. Her pratar ho med borna om frykt.
JON INGEMUNDSE­N Pedagog Henriette Meling Nordhus forsøker å laere femåringan­e at det er lov å snakke om både gode og vonde kjensler. Her pratar ho med borna om frykt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway