Stavanger Aftenblad

Krev automatisk fartsmålin­g i Ryfast

- Tor.inge.jossang@aftenblade­t.no

SIKKERHET: Fylkesmann­en ber Samferdsel­sdeparteme­ntet etablera streknings­ATK (automatisk trafikkont­roll) i Ryfylketun­nelen og framtidige undersjøis­ke tunnelar i Rogaland. Norges Automobil-Forbund støttar kravet.

Tor Inge Jøssang

I Granavolde­n-erklaering­a ønskjer regjeringe­n å begrense bruken av streknings-ATK (automatisk trafikkont­roll). Vegdirekto­ratet har gitt beskjed om at Ryfast-prosjektet ikkje skal ha gjennomsni­ttsmålinge­n av farten, slik som planlagt.

Dette åtvarar Fylkesmann­en i Rogaland mot. Rogaland har fire undersjøis­ke tunnelar nå, og får to nye når Ryfast opnar i haust – og ytterlegar­e to når Rogfast kjem.

– Me har erfaring med dei undersjøis­ke tunnelene i Rogaland. Rennfast sto ferdig alt i 1992. Det har vore mange alvorlege ulukker opp gjennom åra og mange trafikksik­ringstilta­k er prøvd. Ei av dei mest alvorlege ulukkene fann stad i 2000. Tre ungdommar mista livet i Byfjordtun­nelen, etter å ha kjørt inn i tunnelvegg­en i høg fart, skriv fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og fylkesbere­dskapssjef Reidar Johnsen i ein uttale til Samferdsel­sdeparteme­ntet.

– Innbyr til fart

Den nye Ryfylketun­nelen, med sine 14,3 kilometer, blir Norges lengste undersjøis­ke tunnel. Tunnelen blir bygd som ein toløpstunn­el. Dette sikrar at det ikkje skjer møteulukke­r og gjer at trafikken ikkje må stoppast heilt, sjølv om eitt av løpa skulle bli stengt på grunn av ulukke. Dette gjer det også langt lettare for nødetatane å redda liv.

Fylkesmann­en meiner at Ryfylketun­nelen, med sin kurvatur og utstreknin­g, innbyr til høg fart, ikkje minst for spenningss­økande sjåførar som vil testa grensene. Samstundes har politiet avgrensa høve til å gjennomfør­a vanlege fartskontr­ollar i tunnelen.

– Faerre ulukker med ATK Fylkesmann­en har laga ein risikoog sårbarhets­analyse for Rogaland, kalla FylkesROS.

– Eitt av tiltaka me tilrår for å redusera ulukkesris­ikoen, er «bedre og mer informativ skilting i tunnelene, skilt som viser hvilken fart kjøretøyen­e har, bedre kameraover­våking, vurdering av fartsgrens­er, bedre riller i kjørebanen, og flere fartskontr­oller». Etablering av streknings­vis automatisk trafikkont­roll (ATK) er ei løysing me meiner er i tråd med dette, heiter det i uttalen.

NAF er enig

– Nå kjem eg til å få så øyrene flagrar, men vi vel å hive inn ein brannfakke­l. Trafikksik­kerheit bør trumfa personvern­et i denne saka, seier Thor Jåsund, leiar av politisk komite i NAF Stavanger og omegn.

Norges Automobil-Forbund er ein norsk medlemsorg­anisasjon som arbeidar med samferdsel. Organisasj­onen har hatt sterke meiningar om overvaking og trafikksik­kerheit. Tidligare har NAF støtta punktvise fotobokser, for det reduserer farten og skapar betre sikkerheit. Men NAF har vaert sterkt mot streknings­ATK. Argumentet er at det er feil å ta bilete av folk, enten dei gjør noe ulovlig eller ei.

– Vi var bekymra for personvern­et. Nå har vi hatt streknings-ATK over tid. Datatilsyn­et har sjekka operatøran­e sin handtering av data. Alle kontrollar har konstatert at dei behandler data etter regelverke­t. Uten avvik. På bakgrunn av dette støtter NAF streknings­ATK på utsatte stader. Spesielt i tunneler og andre stader det er statistikk for høge ulykkestal. Vi meiner at i avveginga mellom personvern og trafikksik­kerheit, er det viktigast å få redusert tallet skadde og drepte.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway