Stavanger Aftenblad

Ola Kvaløy blir dekan og Ole Ringdal blir direktør på UiS

- Ellen Kongsnes ellen.kongsnes@aftenblade­t.no

STAVANGER: Styret ved Universite­tet i Stavanger har tilsett professor Ola Kvaløy (45) som dekan på Handelshøg­skolen ved UiS. Ole Ringdal blir direktør for organisasj­on og infrastruk­tur. Styret ved Universite­tet i Stavanger (UiS) har i dag tilsett professor Ola Kvaløy (45) som dekan på Handelshøg­skolen ved UiS (HHUiS), frå 1. august 2019.

Frå professor til dekan

Ola Kvaløy er i dag tilsett som professor i samfunnsøk­onomi og prodekan for forsking ved HHUiS. Han er også professor II ved Norges Handelshøy­skole i Bergen. Han har både masterog doktorgrad i økonomi og har vore professor i faget ved UiS sidan 2008.

Kvaløy har leidd fleire større forskingsp­rosjekt og publisert ei rekke fagartikla­r på tema knytt til insentiv, økonomisk åtferd og økonomisk organiseri­ng. Kvaløy er ein aktiv forskingsf­ormidlar og fast spaltist i Dagens Naeringsli­v.

Kvaløy ser fram til å leie HHUiS, som er eitt av seks fakultet ved UiS.

– Eg gler meg til å ta fatt som dekan. Vi har eit respektert og energisk fagmiljø, gode forelesara­r, interesser­te studentar, og ein solid og dyktig administra­sjon. Vi har også ein spennande og ambisiøs strategi som sikter mot sterkare nasjonal og internasjo­nal anerkjenni­ng. Eg vil jobbe hardt for at vi når dei måla vi har sett oss, og gler meg til å utvikle skolen vidare, saman med kollegar og studentar.

Ole Ringdal blir direktør Styret ved UiS har tilsett noverande universite­tsdirektør Ole Ringdal (62) i den nye stillinga som direktør for organisasj­on og infrastruk­tur.

Frå 1. august 2019 får Universite­tet i Stavanger ny organisasj­onsstruktu­r. Rektor blir øvste ansvarlege for all verksemd ved universite­tet, og under han kjem tre prorektora­r (undervisin­g, forsking og innovasjon og samfunnsko­ntakt). I tillegg kjem den nye direktørst­illinga, som skal ha ansvar for alle andre funksjonar på UiS: økonomi, HR, bygg, areal, verksemdst­yring og IT. Tilsetjing av direktør blei i dag behandla som styresak ved UiS.

Biolog fra Bergen

Ole Ringdal har doktorgrad i biologi frå Universite­tet i Bergen. Han har tidlegare jobba som biolog og forskar, og i tillegg hatt mange leiarstill­ingar i akademia, institutts­ektoren og naeringsli­vet.

I perioden 2005-2011 var han dekan ved avdeling for teknologis­ke fag ved det som den gong hette Høgskolen i Telemark. I 2011-2013 var han dekan ved Det teknisk-naturvitsk­aplege fakultetet på UiS, før han fekk jobben som direktør ved IRIS (no fusjonert til NORCE). Sidan 2017 har han vore universite­tsdirektør ved UiS.

– Eg er veldig glad. No får eg jobbe vidare med dei viktige sakene eg har hatt på bordet dei siste to åra, ikkje minst omstilling­ar i organisasj­onen og campusutvi­kling. Når det gjeld det siste, ser eg spesielt fram til å samarbeide med Stavanger universite­tssjukehus, som skal flytte opp hit, seier Ringdal.

– Eg ser også fram til å fortsetje det viktige arbeidet med digitalise­ring, som kjem til å effektivis­ere både vitskapleg og administra­tivt arbeid, seier den nye direktøren.

 ??  ??
 ??  ?? Ola Kvaløy.Ole Ringdal.
Ola Kvaløy.Ole Ringdal.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway