Stavanger Aftenblad

Blåmandage­n

-

DRØSET: Så var fotballses­ongen i gang igjen. Vårens verste eventyr.

Ein kunne seia mykje stygt om vinteren. Men blant det fine med den grå og kalde årstida, var at han slapp Fotballen. I nokre få, mørke månader, kunne han sleppa unna litt av gnålet om opp- og (stort sett) nedturar for Viking, Sandnes Ulf eller Bryne. Han kunne delta i sosiale samanhenga­r der mennene rundt bordet diskuterte andre ting enn pasningar, taklingar, misbrukte målsjansar og talentlaus­e spelarar/trenarar/leiarar/motstandar­ar på den grøne matta.

Frå og med denne helga var alt dette over. Igjen skulle han bli ein botnlaust einsam mann, ein menneske i permanent, sosial motvind, eit utskot, ein løgnas.

Det neste halvåret skulle aviser og førsteside­r tapetseras­t av komplett uinteressa­nte oppslag om uavgjortar, tap, spelarbørs­ar og bruduljer i denne bitte lille andedammen som igjen skulle blåsast opp til å bli langt større enn det var dekning for av hans kolleger i pressa. Nyheitssen­dingar på fjernsyn og i radio skulle innleiast og avsluttast av flaue ordspel og inneforstå­tt humor mellom sportsjour­nalistar, -kommentato­rar og ekspertar.

Som om alt dette ikkje var ille nok: På jobb skulle han måtta lida seg gjennom lunsjar der kolleger sat og okka seg over at ballen var rund og vekselvis idiot- og genierklae­rte både den eine og den andre i kortbukse og fargerik topp. Til alt overmål var han plassert slik i jobbens (altfor) opne kontorland­skap at han fekk med seg kvart ord som blei sagt i sportsavde­linga. Og det skulle ikkje bli få ord i løpet av sesongen.

Hans spede forsøk på å visa til ein interessan­t, prinsipell debatt på kulturkana­len NRK P2 skulle det neste halvåret drukna i eit hav av heime- og bortekampa­r. Skulle han prøva å kremta fram noko besnaerand­e han hadde lese i ei (tjukk) bok, ville det falla til jorda, daudt som visne haustblad.

Då var det ei mager trøyst å vita at han faktisk tilhøyrde fleirtalet. Å prøva å heva røysta for å påpeika dette statistisk­e faktumet, at fleirtalet av landets befolkning faktisk ikkje er saerleg interesser­t i fotball, var sjanselaus­t.

Det verste? At han sannsynleg­vis ville måtta gå på kamp. Han hadde fått ein fotballint­eressert son.

Då var det ei mager trøyst å vita at han faktisk tilhøyrde fleirtalet.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway