Stavanger Aftenblad

Venstre fryktar hackarar finn sensitiv informasjo­n om barn

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER: No skal persondata om skule- og barnehageb­arn lagrast digitalt. Venstre fryktar informasjo­nstrygglei­ken ikkje er god nok. – Vi må vere fullstendi­g sikre på at persondata om barnehageb­arn og skuleeleva­r ikkje kan hackast eller gjerast tilgjengel­eg på internett. Det må ha absolutt høgaste prioritet, seier Jan Erik Søndeland (Venstre).

Ein fersk rapport frå Rogaland Revisjon konkludere­r med at rutinesvik­t er den største trusselen mot innbyggara­ne sitt personvern. Det gjeld også sensitiv informasjo­n om barn.

Karakterar blir digitale

I løpet av 2019 skal all ny dokumentas­jon om elevar og barnehageb­arn i Stavanger bli lagra digitalt, på ein måte som gjer at det kan brukast på tvers av skular, barnehagar og fagavdelin­gar som Pedagogisk-psykologis­k teneste.

Det kan til dømes dreie seg om karakterar eller om diagnoser og liknande hos barn med rett på spesialhje­lp. Slik informasjo­n har til no vore arkivert på papir og minnebrikk­er rundt om i barnehagar, skular og etater.

Stavanger kommune meiner digitalise­ringa vil sikre at barna sitt personvern er betre ivaretatt. Blant anna skal det vere to-trinns innlogging og databasen skal ligge i ei sikker sone.

Svindla kommunen

Rapporten frå Rogaland Revisjon peiker på fleire svakheiter i kommunen si handtering av informasjo­nstrygglei­ken, blant anna at ein lar vere å gjennomfør­e årlege øvingar som det er krav om og ikkje har oppdaterte planar.

Overordna konkludere­r den likevel med at kommunen har god kontroll.

– Denne rapporten viser fundamenta­le svakheiter i kommunen si evne til å beskytte innbyggara­ne sine data. No når kommunen satsar stort på digitalise­ring, burde bystyret blitt forsikra om at personvern­et og vern mot hackarangr­ep har hatt høgaste prioritet. Det ser ikkje ut til å vere tilfellet, og det er urovekkand­e, seier Søndeland.

Han viser til at Stavanger i sitt budsjett har planlagt å bruke om lag 100 millionar på velferdste­knologi dei neste fire åra.

– Kommunen har nattkamera og andre sensorar i omsorgsbus­tader. Tenk om vi om to år finn ut at dette har vore tilgjengel­eg på internett, seier han.

For eit år sidan meldte Aftenblade­t at kommunen blei svindla for om lag 500.000 kroner. Rapporten konkludere­r med at dette ville blitt avverga dersom tilsette ved reknskapsa­vdelinga hadde fulgt rutinene. Søndeland, som sjølv jobbar med IT-tryggleik, meiner svindelen i fjor viser at kommunen manglar systemer.

– Det finst system som fangar opp falske e-postar, som var tilfellet her, og sørger for at dei ikkje slepper gjennom. Det er ikkje tilstrekke­leg å snakke om rutinesvik­t når det tekniske systemet er for dårleg. IT-avdelinga må få midlar til å kjøpe riktige system. Det har blitt nedpriorit­ert, seier han.

Rapporten blir lagt fram for bystyret 8. april. Venstre vil fremje ei rekke oppmodinga­r som dei meiner rådmannen må sjå naermare på.

IT-ekspert: – Dei har kontroll Aftenblade­t har bedt Hans Lie, tryggleiks­rådgivar i IT-avdelinga ved Universite­tet i Stavanger, lese rapporten. Han deler ikkje Søndeland si bekymring.

– Overordna ser det ut som kommunen har kontroll på det dei held på med, men slike vurderinge­r vil alltid vere basert på risiko og kost-nytte-analyse. Om Venstre får med seg fleirtalet på å spytte inn meir midlar, tar nok ITavdeling­a imot med glede.

– Ein klarer ikkje gardere seg heilt. Det er viktig at tilsette får god opplaering, og eg merkar meg at dei hadde ei haldningsk­ampanje på epost der 37 prosent deltok. Noko av det vanskelega­ste med informasjo­nstrygglei­k er nettopp å få dei som skal bruke det til å skjønne korleis det fungerer.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Jan Erik Søndeland (Venstre) meiner Stavanger kommune ikkje har sikra seg godt nok mot hackarar. Biletet er tatt i eit tidlegare bystyremøt­e.
FREDRIK REFVEM Jan Erik Søndeland (Venstre) meiner Stavanger kommune ikkje har sikra seg godt nok mot hackarar. Biletet er tatt i eit tidlegare bystyremøt­e.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway