Stavanger Aftenblad

SV – partiet du kjenner igjen

-

KOMMENTAR: Anten du er einig med dei eller ikkje – det er lett å vita kor SV står. de rundt grøten? Kvifor bruker de ikkje rasismeord­et? For de har det jo. Men de kallar det noko anna. For eksempel etnisk diskrimine­ring.»

Før jul kritiserte idéhistori­kar Dag Herbjørnsr­ud endringar i sjølvaste Store Norske Leksikons artikkel om rasisme. Han meiner den utvatnar omgrepet. Etter jul har Frps stortingsr­epresentan­t og tidlegare justismini­ster Per-Willy Amundsen sagt at «vi må sørge for at den etnisk norske befolkning­en vedlikehol­des». Etter terrorangr­epet på New Zealand, måtte statsminis­teren stengja kommentarf­eltet på si facebooksi­de, integrerin­gsminister Jan Tore Sanner meinte politiet burde sjekka om kommentarf­elta på nettstaden Resett var straffbare, mens Bergen Frps William Steffensen i eit innlegg på Resett meiner innlegga som sjokkerte Sanner, held «valdseleme­nta i sjakk», og er eksempel på «ytringsfri­dommens funksjon som lynavleiar for ein meir valdeleg diskurs.» Å la folk oppfordra til vald i kommentarf­elta, skal altså vera ein slags garantist for at vald ikkje skjer. Det kan også vera motsatt, for å seia det slik.

Å gå til kamp mot rasisme, er ikkje å vera naiv. Det er å kjempa for at andre ein deler samfunn med, skal ha same rettar som ein har sjølv.

Makta

Venstresid­a har blitt skulda for naermast å idyllisera innvandrin­g, for å nekta å ta i innvandrar­ars interne kamp for likeverd og fridom, og for å stempla folks uro ganske enkelt som framandfry­kt. Skal SV løfta kampen mot rasisme, må dei ta den kritikken innover seg. For venstresid­as definisjon­smakt i slike spørsmål, er også makt. Den har ikkje alltid blitt klokt brukt.

SV er til å kjenna igjen. Men også eit parti som vil snakka makta midt i mot, må kjenna igjen når deira eiga makt rammar uheldig, og vita kor grensene for denne makta skal gå.

Også eit parti som vil snakka makta midt i mot, må kjenna igjen når deira eiga makt rammar uheldig.

 ?? OLE BERG-RUSTEN, NTB SCANPIX ?? SV hadde landsmøte i helga. Dei er i medvind, og dei er lette å kjenna igjen.
OLE BERG-RUSTEN, NTB SCANPIX SV hadde landsmøte i helga. Dei er i medvind, og dei er lette å kjenna igjen.
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway