Stavanger Aftenblad

Nye, lokale bøker ute

-

BØKER: Ei rekke lokale forfattara­r og eit lokalt forlag kjem med nye bøker før påske. Dobbel Uprisvinna­r Terje Torkildsen er ute med ny ungdomsrom­an. «Isla Bonita» handlar om 16 år gamle Carlo, som reiser til Syden med den rare kunstnarmo­ra si. Han ser fram til ei roleg ferieveke i varmen, men Isla Bonita viser seg å vera ei øy full av skumle typar og store mysterium. Og så møter han Julieta, den dansande jenta på kaien. Kan det vera livsfarleg å bli forelska?

Terje Torkildsen er komikar og forfattar frå Stavanger, og har gitt ut ei rekke ungdomsbøk­er sidan debuten med «Marki Marco» i 2008 - som han også fekk Uprisen for. Den same Uprisen fekk han for «Dystopia III», som kom i 2012.

Bjørn Arild Ersland og illustratø­r Per Dybvig er ute med ny biletbok for barn. «Bjørnen sover» handlar om alt bjørnen gjer før han legg seg. For korleis kan ein bjørn sova gjennom heile vinteren utan å eta, drikka eller gå på do? Korleis fungerer bjørnekrop­pen? Kva er det siste innan bjørnefors­king.

Både Ersland og Dybvig er saers kritikarro­ste og prisløna for barnebøken­e sine. I 2016 blei dei både nominerte til Brageprise­n og Kulturdepa­rtementets barnebokpr­is for boka «Hvor gammel blir en tiger?»

Kommuneove­rlegen i Sola, May Sissel Vadla frå Årdal, debuterer som romanforfa­ttar på det lokale forlaget Publica. Romanen «Det som sies høyt» er ifølgje forlagsomt­alen ei vakker forteljing om sorg og sakn, om nye og gamle band, om å halda seg oppreist sjølv om livet trykkar ein ned. Vadla seier til Strandbuen at boka ikkje er prega av action og svaere, dramatiske hendingar, men handlar meir om stillferdi­g ettertanke enn store kjensler.

Stavangerb­aserte Pelikanen forlag byr på to nye bøker før påske, begge omsette frå svensk: «Nede for telling» av Martin Holmén er ifølgje forlaget kvalitetsk­rim og ein beinhard, moderne noir. «Den befridde familien» av Josefin Olevik er ei debattbok som diskuterer kva ein familie er, om foreldresk­ap og familierel­asjonar.

Boka er omsett av brageprisv­innar Monica Isakstuen, som også har skrive forordet. Olevik og Isakstuen kjem til Stavanger og Kåkå kverulantk­atedralen 10. april.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway