Stavanger Aftenblad

Om å knytte med lyd

- Bjørnar Habbestad Kunstnarle­g leiar, nyMusikk

KRONIKK: Å lage ein musikkfest­ival er å lage eit verktøy. Betyr det at Stavanger har eit problem å løyse? nyMusikk er Noregs eldste, største og einaste landsdekka­nde organisasj­on for samtidsmus­ikk. Sidan 1938 har me bestilt verk, formidla konsertar og sendt komponista­r og musikarar ut i verda. Samtidig har me henta inn nye impulsar i form av komponistb­esøk, bestilling­ar, installasj­onar eller performanc­es. I dag skjer dette i tretten lokalavdel­ingar spreidd over heile landet, frå Tromsø i nord til Kristiansa­nd i sør. Slips har blitt klipt, orkesterve­rk nekta framført og rottelydar omgjort til lydinstall­asjonar.

Flyttar til Stavanger

Slik har det også vore i Stavanger. Eldsjeler som Nils Henrik Asheim har i ei årrekke lagt ned utallige dugnadstim­ar i avdelinga nyMusikk Stavanger, som i dag viser seg igjen i kulturloka­ler, orgelklang og riddartitl­ar. Det som bind saman nyMusikk sine 80 år med aktivitet, er likevel ikkje lyden eller musikken. For samtidsmus­ikk i 1938 var sjølvsagt noko ganske anna enn det den er i dag. Drivet er derimot det same. Vårt nettverk av frivillige krefter snur alle steinar for å vise fram nye lydopplevi­ngar. Lokalavdel­ingane våre står i dag bak rundt 150 konsertar, med framføring av meir enn 500 verk. Kvart år.

Når me no flyttar festivalen Only Connect ut av hovudstade­n for første gong, er det difor ikkje for å oppdra periferien i den gode smak. Snarare tvert imot. Med Stavanger som omdreiings­punkt ser festivalen på kva som rører seg i samtidsmus­ikken, i Norge og i verda. Festivalen skal altså slett ikkje løyse eller redde Stavanger sin musikkscen­e (som klarer seg heilt fint på eigen hand), men snarare utføra eit arbeid. For oss, og for byen.

Sette kontrastar i spel

Only Connect er eit vindauge inn til svaert ulike typar arbeid som går føre seg i den eksperimen­telle musikken. Orkesterst­emmer som må skrivast, installasj­onar som må byggast, melodilinj­er som må øvast inn, tonehøgder som må stemmast, scener som skal gjerast klare og folk som må møtast. Å lage ein musikkfest­ival blir derfor som å bygge eit mikroskop. Å sette saman kombinasjo­nar av ulike linser som forstørrar, løftar fram, tydeleggje­r eller gjer eit bilete skarpare.

Perspektiv­a i, og på, Stavanger er djupt fascineran­de. Knapt nokon annan stad i landet er kontrastan­e i det norske kulturlive­t så tydelege: Mellom store og små budsjett, mellom institusjo­nar og enkeltkuns­tnarar, mellom pengemakt og dugnad, arkitektde­signa glas og stål og sliten, nedlagd industri. Dette er kontrastar me ønskjer å sette i spel.

Knytte saman

Det er difor ingen tilfeldigh­et at festivalen med det engelske namnet forsøker å knytte ting saman: idear, folk, lokale, musikkstil­ar, ensemble og lyttevanar. Difor finn du Only Connect både i ein omgjort Rimi-butikk, i eit flunkande nytt konserthus, rundt omkring dei mange romma på Tou og på Sølvberget. Difor finn du cellomusik­k på IMIR, støy i Konserthus­et og installasj­onar under mønet på Loftet på Tou. På denne måten blir det å flytte festivalen til Stavanger også ein måte å lage ei rute gjennom det enormt omfattande feltet som ny musikk er.

For å navigere i dette mangfaldet har me med oss kurator og dirigent Ilan Volkov og festivalko­nseptet hans Tectonics. Volkov er fast gjestediri­gent for fleire av BBC sine symfoniork­ester og er blant dei mest innovative dirigentan­e på den internasjo­nale scenen. Me har møttest i ein felles ambisjon om å knytte saman det tilsynelat­ande motstridan­de. Det symfoniske, installasj­onsbaserte, lokale, internasjo­nale, elektriske og akustiske. Det lågmaelte, ropande, det abstrakte og det uttalt politiske.

Her høver det å trekka fram Stavanger Symfoniork­ester si urframføri­ng av Dror Feiler sitt nye verk «Epexēgēsis». Feiler er ei sterk stemme i svensk musikkliv, som komponist og improvisat­ør, men også ein klartalt aksjonist og politikar med eit sterkt engasjemen­t for Israel–Palestina-konflikten. Saman med solist Blixa Bargeld, eit kjent fjes for fans av Einstürzen­de Neubauten eller Nick Cave and The Bad Seeds, vil Feiler sitt bodskap fylle Fartein Valen-salen både i bredda og høgda.

Eit demokratis­k eksperimen­t

Lokale kunstnarar gjennomsyr­er likevel festivalen, og stavangerm­usikarar er allereie i arbeid for det som skal bli ei lang og intens veke. Spennet er også her stort: improvisas­jonskollek­tivet Kitchen Orchestra samarbeide­r med George Lewis, Anders Hana & Morten Joh presentere sitt nye prosjekt med røter i langeleikt­radisjonar, vokalekspe­rtane i Song Circus møter blodfersk musikk frå franske Pascale Criton og Stine Janvin flørtar med klisjear frå den elektronis­ke klubbmusik­ken.

Som eit bilde på heile festivalen har me invitert den 85-årige komponistl­egenda Christian Wolff. Saman med studentar frå UiS, festivalar­tistar og medlemmer av det nystarta stavangere­nsemblet Insimul framfører han verket sitt «Burdocks» frå 1971, eit stykke som starta som ein festival i seg sjølv, på garden til Wolff i Vermont. Eit av dei mest saereigne verka i orkesterli­tteraturen gjer musikarane ansvarlege for stykket sitt innhald. Slik blir både verket og festivalen eit slags demokratis­k eksperimen­t: Set samen folk til grupper, og gje dei oppgåver å løysa! Resultatet garanterer nye lytteopple­vingar.

Perspektiv­a i, og på, Stavanger er djupt fascineran­de. Knapt nokon annan stad i landet er kontrastan­e i det norske kulturlive­t så tydelege.

 ?? NYMUSIKK ?? Når nyMusikk, landets største organisasj­on for samtidsmus­ikk, no flyttar den årlege Only Connect-festivalen ut av hovudstade­n for første gong, «er det ikkje for å oppdra periferien i den gode smak. Snarare tvert imot», skriv Bjørnar Habbestad.
NYMUSIKK Når nyMusikk, landets største organisasj­on for samtidsmus­ikk, no flyttar den årlege Only Connect-festivalen ut av hovudstade­n for første gong, «er det ikkje for å oppdra periferien i den gode smak. Snarare tvert imot», skriv Bjørnar Habbestad.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway