Når du må els­ka deg sjølv

Stavanger Aftenblad - - MENINGER -

KOM­MEN­TAR: Prin­ses­sa og sja­ma­nen gjer det trygt, varmt og fint in­ne i sa­len på Cla­rion. Men bak­sida av bod­ska­pen opp­rø­rer meg ennå. – Sja­ma­nis­me er ikkje ein re­li­gion, sei­er sja­man Durek. – Det er ein måte å ob­ser­ve­ra li­vet på. Utan å døm­ma. Og den ein­as­te tin­gen du treng å vita, er at du blei skapt. Kva du trur du må opp­nå, trur du må gje­ra, trur du må få til, det be­tyr in­gen­ting i sja­ma­nis­men. Det som be­tyr noko, er at du gler deg over li­vet. Den per­sonen du treng å els­ka, om og om igjen, er deg sjølv. Du må be­gyn­na med å els­ka deg sjølv. Og kvin­ner, de er opp­la­er­de til å ofra for å for­te­na å bli els­ka. Til de tør­kar ut. De må fyl­la be­ge­ret.

Så tar han oss, ein full­sett kon­fe­ranse­sal på Cla­rion ho­tell i Stav­an­ger, med på ei sja­ma­nis­tisk øving. Ei hjarte­øving. Tapp med fing­ra­ne på hjar­ta ditt, sjå for deg no­kon du els­kar, la det fyl­la deg, sjå for deg and­re, gå vi­da­re, dju­pa­re! Pust! Han kal­lar kja­er­lei­kens ånd inn i rom­met, ber den fyl­la oss. Ber oss rei­sa oss, og gjen­ta etter han. Snak­ka kja­er­leg og støt­tan­de til oss sjølv. Det slut­tar om­trent slik: – Du er kja­er­lei­ken eg har lei­ta etter. Og nå har eg fun­ne deg. Eg vil ald­ri for­la­ta deg igjen.

– For i sja­ma­nis­men, sei­er han etter­på, – er ska­pa­ren inni deg, som eit lite barn. Det er kjel­da. Sei til deg sjølv «Eg er her»! Du kan ak­sep­te­ra deg sjølv, inn­sjå at du for­te­ner det bes­te, at du er den bes­te. For du blei skapt. Og Gud gjer ikkje feil.

Ta plas­sen din

Prin­ses­se Märt­ha Loui­se tar over, for­tel med hu­mor om kor my­kje ho kun­ne kjen­na skjed­de i sa­len. Det vi heldt in­ne, det vi var red­de for å visa. Vi kan nok pus­ta djupt, men ber­re vel­dig stil­le og for­sik­tig. Ho snak­kar om kor li­ten plass vi til­let oss sjølv å ta. Min­ner om at al­le som er noko, som har opp­nådd noko, ikkje har gjort det ved å ta eit steg til si­des for seg sjølv. Du må ta plas­sen din.

Ho snak­kar om at vi held trau­me­ne våre nede, sten­gjer av de­lar av krop­pen, gjer den til ein kon­tai­nar for det tris­te, smerte­ful­le, bit­re. For­tel at ho sjølv var redd for å fin­na ut kva som skjul­te seg i det ho had­de trykt ned i kon­tai­na­ren. Ho trud­de det var vond­skap. Men det var ikkje det. Det var kja­er­leik.

Ho snak­kar om bok­sa­ne vi prø­ver å pas­sa inn i, om kor gla­de vi visst blir om vi finn and­re i same bok­sen, som veit og kan ak­ku­rat det same som oss sjølv, og kor lite vi li­kar dei and­re i den and­re bok­sen der borte. Om kor my­kje det sten­gjer.

Røsk ut slag­get

– Ho er så full av kraft, sei­er sja­ma­nen om Märt­ha Loui­se, før han set oss i gang med ei øving til. Med luk­ka auge, den­ne gon­gen. Får oss til å gi slepp på nam­net vårt. På kjønn. På dei vi har an­svar for. På rol­le­ne våre, merke­lap­pa­ne våre. Det kjen­nes gans­ke godt, spør du meg.

Vi får det til­ba­ke, alt sa­man. Og blir bed­ne om å kjen­na på om det tyn­gjer. Om vi ver­ke­leg treng al­le des­se merke­lap­pa­ne. På eit punkt røs­kar vi ut alt som held oss til­ba­ke, alt som hind­rar oss, frykt, sorg, tap, alt du har blitt for­talt at du ikkje kan, alt du har blitt kal­la som du ikkje er, finn kor det sit i krop­pen, i kva for no­kre or­gan, ut skal det. For­fe­dra­ne våre blir in­vi­ter­te inn, dei skal røs­ka med seg det dei la igjen i blod­ba­na­ne våre, det dei ikkje fekk til, det dei mis­for­stod og gjor­de feil. Alt som ikkje er kja­er­leik, er gift.

– De har det nå, sei­er han. - I love you. Märt­ha Loui­se tak­kar av, hå­par vi tar noko av det­te til hjar­ta.

Dei får stå­an­de ap­plaus. Dei er tryg­ge. Ster­ke. Har hu­mor og var­me. Du må fyl­la deg med kja­er­leik til deg sjølv. Så du kan els­ka and­re. Og gje til and­re. Alt er kja­er­leik. Alt anna er frykt. Døm­mer du and­re, er det for­di du er blind, du ser ikkje med hjar­ta, du ser det du alt har be­stemt deg for å sjå. Du må sjå med hjar­ta.

Det går fint an å sjå på det ber­re som eit sjølv­hjelps­kurs. Ei nyt­tig og venn­leg på­min­ning om å ta vare på deg sjølv, kjen­na etter om du har litt agg å kvit­ta deg med. An­ten du trur på det eine el­ler det and­re, el­ler ikkje i det hei­le tatt.

Utan­for bok­sen

Kon­fe­ranse­rom­met på Cla­rion var for meg ein fin boks å vera i. Trygg. Venn­leg. Alt som ikkje pas­sar inn, er stengt ute.

Men al­le ster­ke kref­ter, trus­sam­funn, ideo­lo­gi­ar og re­li­gio­nar har ei bak­side. Den­ne også.

Når bod­ska­pen er at du må els­ka deg sjølv, at det ber­re er du sjølv som kan stå i ve­gen for deg sjølv, kan det også gje­ra ne­der­la­get tungt for den som li­ke­vel ikkje kjen­ner ho kla­rer leva li­vet til ful­le.

El­ler ver­re – ikkje har sterk nok vil­je til å bli frisk. Skal du be­stil­la time hos sja­ma­nen, ligg der ein vik­tig be­skjed til deg på heime­sida hans: Viss du er sjuk, sit i rulle­stol, er lam el­ler i koma, så må du booka to se­an­sar, det held ikkje med ein. Og er du i den­ne grup­pa, kan dei ikkje ga­ran­te­ra at du blir frisk. For det kjem an på vil­jen til pa­si­en­ten.

Når prin­ses­se Märt­ha Loui­se ikkje driv for­ret­ning sa­man med sja­man Durek, men er prin­ses­se og re­pre­sen­te­rer dei kon­ge­le­ge, er ho blant anna høg be­skyt­tar for or­ga­ni­sa­sjo­nar som Epi­lepsi­for­bun­det, Rev­ma­ti­ker­for­bun­det, Blinde­for­bun­det, Døve­for­bun­det og Rid­der­ren­net.

Her, kjen­ner eg, må eg hop­pa ut av den der gode, tryg­ge bok­sen på Cla­rion. For al­le som eg sik­kert ber med meg, som er el­ler har vore al­vor­leg sju­ke, som har kro­nis­ke, livs­va­ri­ge sjuk­dom­mar, som har døydd av sjuk­dom el­ler over­levd sjuk­dom, rak­ryg­ga, lut­ryg­ga, ang­st­rid­de el­ler mo­di­ge. For at det skul­le vera vil­jen dei­ra det kjem an på, heilt inn i koma, finn eg in­tenst opp­rø­ran­de. Det sen­der meg nok over til dei døm­man­de. Men li­ke­vel:

Å leg­gja ei slik bør på sju­ke men­nes­ke, er djupt ufor­svar­leg. Det er umo­ralsk.

Og det er ei tung bak­side av alt som var fint og nyt­tig på Cla­rion.

Sjå også side 8-9

Al­le ster­ke kref­ter, trus­sam­funn, ideo­lo­gi­ar og re­li­gio­nar har ei bak­side. Den­ne også.

PÅL CHRISTENSE­N

Prin­ses­se Märt­ha Loui­se og sja­man Durek trek­te fullt hus på Cla­rion, og fekk stå­an­de ap­plaus.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.