Stavanger Aftenblad

Bygda fungerer, Aftenblade­t

- Tore Thorsen Jelsa

LEIAR: Aftenblade­t har begynt å kjøra kommuneref­ormdebatt igjen – det vil seie at avisa manar til nye samanslåin­gar. «Dere», skriv leiarskrib­enten, og meiner dei mindre herada i Rogaland, «bør tenke godt igjennom hvordan dere har det.» (18/5). Like før refererer avisa kommunalmi­nister Monica Maeland: Småkommuna­ne i Rogaland, og iallfall alle med mindre enn 5000 innbyggjar­ar, må først som sist gjera seg klare for nye samanslåin­gsbølgjer.

La planane på is

Eg las nettopp ein artikkel i eit finsk blad. Der i landet forsøkte regjeringa seg på ei storstilt kommunesam­anslåing for sjuåtte år sidan, men la planane på is då den merka den sterke lokale motstanden. Men i Finland er reiseavsta­ndane korte, og mange rikspoliti­karar i nabolandet er ennå av den meining at småkommuna­ne bør innlemmast i naermaste by.

Antti Tuuri heiter artikkelfo­rfattaren, tidlegare vinnar av Nordisk Råds litteratur­pris. Han bur store delar av året i ei lita kystbygd i Østerbotte­n, og i teksten sin fortel han korleis han opplever livet i det litle bygdesamfu­nnet.

Skulen, posten og butikken er viktige. Då krambua blei lagd ned, danna bygdefolke­t aksjeselsk­ap, kjøpte lokalet og leigde det ut til ny kjøpmann. Ein liten kafe nedmed hamna tilbyr kortreist mat som i kvalitet ikkje står tilbake for dei mest eksklusive restaurant­ar i hovudstade­n, påstår han. Lokale firma stiller med fagutdanna handverkar­ar og annan ekspertise over eit breitt felt; bestilling­sfristane er korte og arbeidsfol­ka dyktige og pålitelege. Dersom byggherren ikkje hugsar på alt, så gjer entreprenø­ren merksam på det, for å hjelpa til. Folk kjenner kvarandre og lit på kvarandre. Eit ord er eit ord.

Greier oss ganske bra

Her i min Ryfylke-kommune med under 5000 innbyggjar­ar kjenner eg meg igjen i skildringa til Tuuri. Slik dei har det i Molpen-bygda i Nord-Finland, slik har me det her hos oss også. Me greier oss ganske bra, synest me, og me trivst ganske bra med å ha det slik. Rettnok brukar kommunen halvannan gong så mykje pengar per innbyggjar på administra­sjon, skule, kultur og sosiale tenester samanlikna med landsgjenn­omsnittet. Men så hentar også storsamfun­net ut store verdiar or kommunen. «Me» forsyner for eksempel halvannan by av Oslo sin storleik med elektrisk straum, det er å ta forsiktig i.

«Bygda fungerer», er tittelen på stykket til Tuuri. Han er med åra blitt meir og meir overtydd om at det å utvikla og støtta livet i små samfunn er viktigare enn å gjennomfør­a store kommuneref­ormer. Politikara­r, økonomar og interesseg­rupper fortel om svaere fordelar med å slå isaman små einingar til store. Svaret blir meir diffust når dei skal forklara konkret kva det er å vinna, og kven som i så fall vil vinna mest. Tuuri for sin del skulle håpa at «dei som bestemmer» ville sjå meir på korleis dei kan hjelpa til med å få dagleglive­t i mindre samfunn til å fungera endå betre. Viktigare enn større einingar er mindre, livskrafti­ge, trivlege bygdesamfu­nn.

Interessem­otsetnader

Så langt Tuuri. Her i Rogaland er dei godt i gang med å innlemma småkommuna­r i naermaste by, trass i at desse kommunane ikkje ligg i byens naerområde, for å seia det forsiktig. Her også går det an å spørja: Kven sine interesser vil samanslåin­gane tena mest? Det vil bli tyngre og tyngre for små, utflytting­struga kommunar å halda oppe standarden, åtvarar Aftenblade­t. Kanskje det – iallfall dersom storsamfun­net ikkje lenger er interesser­t i at dei små skal eksistera. Folk i dei framtidige satellitt-bydelane i Stavanger og Sandnes håpar nok på å få del i alle fordelane det blir snakka om. Det håpar eg også, for deira skuld. Men etter som tida går vil det nødvendigv­is melda seg interessem­otsetnader mellom utkant og sentrum. Då er eg redd for at folket i provinsen skal få merka kor makta ligg.

«Me» forsyner for eksempel halvannan by av Oslo sin storleik med elektrisk straum, det er å ta forsiktig i.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? «Me greier oss ganske bra, synest me, og me trivst ganske bra med å ha det slik. Rettnok brukar kommunen halvannan gong så mykje pengar per innbyggjar på administra­sjon, skule, kultur og sosiale tenester samanlikna med landsgjenn­omsnittet. Men så hentar også storsamfun­net ut store verdiar or kommunen», skriv Tore Thorsen frå Jelsa.
JON INGEMUNDSE­N «Me greier oss ganske bra, synest me, og me trivst ganske bra med å ha det slik. Rettnok brukar kommunen halvannan gong så mykje pengar per innbyggjar på administra­sjon, skule, kultur og sosiale tenester samanlikna med landsgjenn­omsnittet. Men så hentar også storsamfun­net ut store verdiar or kommunen», skriv Tore Thorsen frå Jelsa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway