Stavanger Aftenblad

Vaepna tenestemen­n – tung sky over 17. mai

- Inger Gjesdal Ålgård

NASJONALDA­GEN: Eg er lei og skuffa over at dei som bestemmer, har latt seg styra av frykt. Demokrati. Fargesprak­ande. Fellesskap. Fridom. Glede. Det er ikkje mine ord. Eg har lånt dei frå ulike medmennesk­e som eg har bedt bruka eitt ord til å karakteris­era nasjonalda­gen.

Kva stikk seg ut i hoftehøgde?

Då eg fredag morgon stod og venta på barnetoget, var det likevel slik det kjendest. Me var eit fargerikt fellesskap som bobla over av frigjort glede til aere for demokratie­t. Fuglane song, sola varma, elva brusa. Livet kjendest rikt. Korpset let seg høyra før me fekk auge på dei som kom marsjerand­e. Så dukka menneska opp, og i front gjekk to ranke polititene­stemenn i festunifor­m. – Så gildt, tenkte eg, at dei er der sjølv om lensmannsk­ontoret er nedlagt. Neste tanken var ei undring. Kva i all verda stikk seg ut i hoftehøgde? Det kan ikkje vera våpen? Nei, det må vera ei eller anna form for sambandsut­styr, konkludert­e eg.

Eitrande sint

Synet av pistolane gjorde sola mindre varm, og eg var knapt i stand til å høyra hurraropa frå dei ulike barnehagan­e og skuleklass­ane. Eg kunne ikkje tru det, og blei uendeleg trist. Etter kvart eitrande sint – på dei som tillet seg å stela fridomen og kvela gleda med våpen. I Norge. På 17. mai.

Eg er ikkje så naiv at eg ikkje forstår at nettopp eit barnetog på nasjonalda­gen represente­rer det mest verdifulle – og sårbare – me har.

Kva med risikoen for vådeskot?

Men korleis i all verda vil to vaepna tenestemen­n, med korpsmusik­k i øyrene, kledde i uniformar som er ueigna til å springa fort, kunna hindra ein målbevisst terrorist? Kor sannsynleg er det at angrepet ville bli lagt til fronten av toget? Kor sannsynleg er det at dei ville nådd fram til ugjerninga i tide til å forhindra noko som helst? Kor sannsynleg er det at ein pistol er eigna hjelpemidd­el til å rydda opp i ei kaotisk folkemengd, drivne fram av panikk? Og kva med risikoen for vådeskot? «23 vådeskudd på ett år», konstatert­e NRK mot slutten av 2015.

«Politiets vådeskudd – etter hosteanfal­l, diskusjone­r og tabber», er henta frå Aftenposte­n i 2016. «I løpet av 19 måneder er det blitt avfyrt 20 utilsikted­e skudd», oppsummert­e Dagbladet mot slutten av 2017. «Vådeskudd avfyrt i politibil», er frå Nettavisen juli 2018.

Nå er eg ikkje sint lenger, men lei meg. Og skuffa over at dei som bestemmer, har latt seg styra av frykt. Frykt som skapar frontar. Frykt som lammar. Frykt som stel uskuld. Frykt som ber våpen.

Er det verkeleg slik me vil byggja framtida?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway