Stavanger Aftenblad

Kjenner Kulturråde­t Stavanger?

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

KULTURPENG­AR: Har Norsk kulturråd god nok oversikt over kva som skjer på kulturfron­ten utanfor hovudstads­området? Det spørsmålet stiller direktør Kristin Danielsen seg kvar dag. I dag kjem ho til Stavanger. – Eg syns me har ganske god oversikt – og har lyst til å bruka informasjo­nen me sit på meir og betre. Men dette er ei evig utfordring. Me stiller oss spørsmålet kvar dag, seier Kristin Danielsen, direktør i Norsk kulturråd.

I dag kjem ho og ein delegasjon frå Oslo til Stavanger og Tou for å fortelja om korleis Kulturråde­t og deira ordningar fungerer og kan brukast.

– Me er jo til for nokon, og skal vera til for heile landet. Men eg opplever at ganske mange syns det er vanskeleg å navigera og finna ut av kva hos oss som kan passa for dei, seier Danielsen.

Forvaltar kulturpeng­ar Kulturråde­t er landets største og viktigaste forvaltar av statlege kulturkron­er. Gjennom til dømes Norsk kulturfond, Statens kunstnarst­ipend og Fond for lyd og bilde kan norske kunstnarar og kulturinst­itusjonar få støtte til alle ledd frå produksjon til marknadsfø­ring av kulturprod­ukt innanfor alle sjangrar. Kulturråde­t er viktig som finansiere­r - men får du støtte, har du også fått eit viktig kvalitetss­tempel.

Aftenblade­t har dei siste ti åra skrive ei rekkje artiklar om den geografisk­e fordelinga av pengane frå Kulturråde­t, saerleg kunstnarst­ipenda, der det viser seg at hovudstads­området kjem uforhaldsm­essig godt ut samanlikna med resten av landet.

– Statistikk­en viser at me fordeler over heile landet. Men dei områda der det bur flest folk, får også mest pengar: Oslo, Akershus, Hordaland og Rogaland.

– Eksisterer det ein geografisk ubalanse i norsk kulturliv?

– Både og. Det er proffe miljø over heile landet, og eg vil seia at Norge har lukkast ganske bra i å gjera det mulig å leva av, produsera og oppleva kunst over heile landet.

Lokal satsing?

Når Danielsen reiser rundt og møter folk som spør kvifor det ikkje kjem meir pengar akkurat dit, er svaret hennar at dei også må sjå på seg sjølv.

– Der det er tilrettela­gt for kultur, der det er initiativ, planar og satsing, er også utteljinga god. Som i Stavanger.

– Ifølgje Bård Kleppe i Telemarksf­orskning får Oslo-kunstnaran­e tre gonger så mykje pengar frå Statens kunstnarst­ipend som stavangerk­unstnarane.

– Fordelinga er ikkje heilt jamn, og det har vore ein diskusjon om å flytta noko av vurderinga av kunstnarst­ipenda ut. Nå er det kunstnaror­ganisasjon­ane sjølv som fordeler desse pengane, gjennom medlemmene i stipendkom­iteane, som kun fordeler etter kvalitet.

Fylket får ansvar?

Danielsen seier diskusjone­n om fordeling mellom hovudstad og regionar går i ei rekkje land.

– Men som direktør i Kulturråde­t har eg ikkje noko innverknad på stipenda. Ansvaret ligg hos komiteane og rådet. Eller hos politikara­ne, som eventuelt måtte sagt at så og så mykje skal fordelast til regionane.

Før jul la kulturmini­ster Trine Skei Grande (V) fram forslaget til ny kulturmeld­ing, der ein blant anna går inn for å flytta meir av ansvaret for kultursekt­oren ut til dei nye fylka. Entusiasme­n for dette har vore liten i kulturlive­t, og Dagbladets Inger Merete Hobbelstad meinte det ville vera ein ualminnele­g dårleg idé å flytta kulturpoli­tikken til regionane bare fordi dei må få noko å gjera. – Er du enig?

– Eigentleg ikkje. Me treng at lokale kulturpoli­tikarar er engasjerte i det lokale kulturlive­t. Då må dei ha noko å forvalta, svarer Danielsen, og viser til Sverige. Der har dei desentrali­sert mykje av kulturpoli­tikken, noko som har ført til meir engasjerte kulturpoli­tikarar.

– Det håper eg også kan skje i Norge. Men dei ulike nivåa må jo henga saman og vera godt koordinert­e.

– Dette høyrest mest ut som eit vaksenoppl­aeringsopp­legg for fylkespoli­tikarar. Men gavnar ei slik omlegging kulturlive­t?

– Alt for ofte høyrer eg politikara­r seia «kultur skal begeistra». Då krøllar taerne mine seg. Kunst kan riva av deg huda og gjera deg djupt fortvila. Kulturoppl­evinga er kanskje på sitt beste om ho vekker deg emosjonelt og opnar ei ny luke i hjernen din. Tenk så fine kulturpoli­tiske diskusjona­r me kunne fått om me hadde fått til ei slik vaksenoppl­aering i eit språk for kvifor kultur er viktig.

– Kva skjer med kommunane når staten flyttar meir ansvar til fylka?

– Det er eit veldig godt spørsmål. Eg veit ikkje svaret. Dette må vera ein viktig del av samtalen mellom fylke og kulturdepa­rtement om oppgåvefor­delinga i kjølvatnet av regionrefo­rma.

 ?? ILJA C. HENDEL ?? I dag kjem direktør Kristin Danielsen i Norsk kulturråd til Stavanger for å forklara lokale kulturfolk korleis dei kan nå fram hos Kulturråde­t.
ILJA C. HENDEL I dag kjem direktør Kristin Danielsen i Norsk kulturråd til Stavanger for å forklara lokale kulturfolk korleis dei kan nå fram hos Kulturråde­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway