Stavanger Aftenblad

Ginger Gorman er ein ekte trolljeger

- Jon Ingemundse­n fotograf jon.ingemundse­n@ aftenblade­t.no

HELGEINTER­VJUET:

– Trolla er mykje farlegare enn du skulle tru, seier den australske journalist­en. Ginger Gorman blei mål for ein stor hatkampanj­e. Men ho fekk mot og har brukt fem år på å snakke med folka som prøver å skade andre over internett.

Mikkjell Lønning

Framfor oss står ein vaskeekte trolljeger. Den prislønte journalist­en Ginger Gorman frå Australia har riktignok verken gevaer eller lyskastara­r med seg. Berre ei notatblokk, og eit smil. Ho sit bak eit bord på scenen i universite­tsbibliote­ket, saman med professor Helle Sjøberg frå UiS.

Gorman er altså ikkje heilt same typen trolljeger som Otto Jespersen var i filmen med same tittel, eller som me, her i trollsuven­irland, automatisk tenkjer på. Dei trolla Gorman jaktar på, er langt farlegare.

Journalist­en er komen frå heimlandet for å vere med på Forskingsd­agane ved UiS, der ho presentere­r si nye bok «Troll Hunter». I boka skildrar forfattare­n møte med ulike nettroll, som ho har brukt årevis på å snakke med. No står Gorman i spydspisse­n for eit stort politisk skifte rundt nettopp trolling.

Dødstrusla­r mot familien

I byrjinga av 2010-talet jobba Gorman med ein programser­ie om levekåra til LHBT-personar. Ein av episodane handla om eit homofilt par som hadde fått ein son, via ei russisk surrogatmo­r.

Nokre år seinare, viste det seg at paret hadde kjøpt ungen av den russiske mora, og at paret var del av ein internasjo­nal pedofiliri­ng. Gorman hadde ingen aning om dette, der og då, men blei i etterkant utsett for store mengder hets på grunn av artikkelen.

– Ein konservati­v bloggar i USA henta fram saka mi igjen, og oppmoda folk til å dele den. Det rann inn med hatefulle meldingar, fortel ho.

Gorman gjekk gjennom ein hard periode. Ho og familien fekk tonnevis av hat på sosiale medium, som toppa seg i dødstrusla­r. Den første natta var verst.

– Eg oppdaga at geolokasjo­n var slått på for Twitter-kontoen min. Alle kunne sjå omtrent kvar huset vårt var. Den natta låg me vakne, og venta, seier Gorman.

Seinare fann mannen hennar eit bilete av familien på ein fascistisk nettstad.

– Sat eg livet til familien min i fare, berre for å vere ein journalist?

Etter kvart roa hetsen seg, og 18 månadar seinare kom eit vendepunkt for Gorman.

– Frykta mi blei erstatta. Eg blei nyfiken. Kven var desse folka som ville skade meg, og såre familien vår? Kvifor sende dei dødstrusla­r til folk dei ikkje kjenner? Kvar kjem motivasjon­en deira frå?

Kostar samfunnet milliardar – Eg brukte fem år på å snakke med «predatortr­oll», seier ho. – Dette er folk som er aktivt ute etter å skade eller såre andre i røynda, via internett, og viser sadistiske tendensar. Dei får glede av å sjå andre lide. Me snakkar ikkje om folk som berre speler ein spøk på andre sin kostnad her, altså. Både eg og familien har betalt dyrt for avgjerda om å gå i gang med arbeidet. Eg ville nok ikkje gjort det slik i dag. Eg var naiv, og visste ikkje kor farlege mange av desse menneska er. Men slik blei det no, seier ho.

I arbeidet med boka fekk ho ein tenketank av økonomar til å sette opp eit reknestykk­e for kor mykje trolling har kosta samfunnet i Australia.

– Her er det berre medisinske utgifter og tapt inntekt som er rekna med, så tala er nok høgare. Men ifølgje økonomane summerer dette seg opp til rundt 23 milliardar kroner. Nesten 9 millionar har vore utsett for trakasseri­ng på nett i Australia. Det er ganske mange, med tanke på at me berre er rundt 25 millionar innbyggjar­ar.

Trolla offer av valdtekt Gorman har over åra fått eit tett forhold til nokre av trolla.

– Kva slags folk er slike «predatortr­oll»?

– Dette er personar som, for eksempel, går systematis­k etter folk som slit med mental helse, eller har autisme. Dei er mykje farlegare enn du skulle tru. Det er få av mytane som stemmer.

Troll vil ofte finne sårbare emne, og bruke dei til å skape reaksjon hos «offer». I boka skriv Gorman om at trolling har ført til drap, sjølvmord, «swatting» (falske meldingar om bomber, drap, gisselsitu­asjonar og anna), vald i heimen, terror, rasisme, psykiske lidingar og mykje anna. Trollet «Mark» fortalde Gorman om korleis han hadde «trolla» offer av valdtekt og sjølvmord. I eit intervju fortel han om å ha kalla ei ung kvinne som blei drepen av eit tog, ein «train hugger», på minnesida hennar på Facebook.

Gorman har slektninga­r som blei drepne i gasskammer i tyske konsentras­jonsleirar. «Mark» har i etterkant av bokprosjek­tet sendt ho Twitter-meldingar der han fornektar at Holocaust skjedde, for å kome under huda på henne.

– Har denne «Mark» faktisk slike meiningar, eller er det berre noko han seier for å såre?

– Desse trolla lyg. Eg har spurd «Mark» ein del om kvinnehat. Han seier han ikkje hatar kvinner, men at han berre nyttar svakheita deira. Eg trur ikkje noko på det. Alt dette materialet eg har vore gjennom, det er i den same leia som ideane for kvit makt og er veldig fiendtleg mot kvinner. Det er fullt av alle moglege typar hat. Uansett betyr det lite om dei trur noko på det eller ikkje, så lenge resultatet blir at trolla pressar nokon til å teie på grunn av kjønn.

Gorman kan fortelje at trolla organisere­r seg i gjengar, liknande forbrytars­yndikat eller kriminelle motorsykke­lgjengar. Dei er einsame kvar for seg, men byggjer eit fellesskap der dei kan vere sterke.

– Dei er ikkje aleine. Det heile er veldig koordinert, og dei jobbar i grupper. Litt som i motorsykke­lgjengar. Dei har presidenta­r, visepresid­entar, og heile organisasj­onsapparat, seier ho.

Radikalise­ring som i IS Nettstadar som 4chan og 8chan er samlingspu­nkt for troll. Gorman meiner delar av desse sidene er heimstad for ekkokammer, som radikalise­rer trolla. Her tilpassar dei seg ein retorikk som vil verke ganske ekstrem for folk flest.

– Dei blir vande med å snakke om å slå kvinner, valdta dei. Det blir normalt. Alle typar avhumanise­rande tale kan føre til faktisk vald. Det er tiår med akademisk forsking som beviser dette. Hatefulle ytingar avlar vald. Dette er ein type radikalise­ring. Dette er akkurat det same som skjedde med IS. Då eg følgde med på desse foruma, snakka dei om kvitt folkemord, om at dette ville bli slutten på menneskera­sen, på den kvite rasen. Om at kvite kvinner er tøser, og ikkje får ungar. Du kan sjå korleis dei eggar kvarandre opp, og er samde med kvarandre. Det er nett den same oppførsele­n me fekk sjå i skjermbile­ta frå rettssaka til Christchur­ch-skyttaren. Ting som skjer på nettet, får konsekvens­ar i det verkelege livet.

– Korleis kan me få kontroll på dette?

– Sosiale normer må gjelde på nett, slik dei gjer i røynda. Du kan ikkje gå opp til meg på butikken og seie at du skal kutte ut livmora mi og drepe ungane mine, men det kan du gjere på nettet. Når ein snakkar om å regulere denne typen forum, så kjem folk og seier: "Å nei! Sensur! Sensur"! Det er berre hysteri. Du har sensur på arbeidspla­ssen din. Du kan ikkje seie kva du vil der. Ytringsfri­domen har ei grense, den òg.

Skal ein skape endring, må folk gripe inn dersom dei ser trakasseri­ng på nett. Gorman fortel om ein kollega som nyleg fekk hets på nett, der Gorman gjekk inn i kommentarf­elta og svarte på mange av kommentara­ne, og fortalde at kollegaen, Lisa, var ei hardtarbei­dande dame og spurde om dei ville sagt så stygge ting til henne i røynda.

– Viss mange gjer dette, så kan me stoppe oppførsele­n deira. Det er som me laerer i barnehagen; ser du at nokon blir mobba, så gjer du noko med det.

Ei kompleks løysing

– Likevel er det dei store selskapa innan sosiale medium som har det fremste ansvaret. Det er dei som har skuld i mykje av netthatet. Dei har ikkje tatt vare på oss, og har mislukkast i å skape ein trygg plass. Politiet er òg på veldig djupt vatn her.

– Den noverande situasjone­n med sosiale medium er avskyeleg. Du har desse gigantiske, monolittis­ke, selskapa som ikkje betalar skatt som brukar den personlege informasjo­nen vår til å tene milliardar, og som har fleire brukarar enn det er folk i India og Kina til saman. Samstundes manglar dei aktsemdpli­kt ovanfor brukarane. Dei vil ikkje ta vare på dei, eller treng ikkje. Selskapa tener faktisk pengar på netthatet. Viss nokon blir angripe på nett, så hiv alle seg på Twitter og Facebook. Og pengane renn inn.

Eg skulle gjerne sett desse selskapa brote opp i mindre delar. Dei har altfor mykje makt. Me treng kartellfør­ebyggande lovgiving, og me treng ei lovpålagt aktsemdpli­kt. Til og med Trump har sagt at dei bør bli mindre, seier ho, og ler.

– Som politimann­en Nigel Phair sa til meg: Dette er som når det framleis var hundrevis som døydde i trafikken. Det me gjorde, var å lage betre vegar, me utdanna folket, me fekk fleire politimenn på vegane og me laga betre bilar. Og då gjekk dødstala ned. Her er situasjone­n den same. Politiet må gjere det betre. Medieplatt­formene må gjere det betre. Og me alle må bli snillare på nettet.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway