Stavanger Aftenblad

Derfor har elevar sidemål

- Magne Aasbrenn Leiar i Noregs Mållag

SPRÅK: Målet med sidemålsun­dervisning­a er ikkje å gjere elevane glade i nynorsk og bokmål. Det er å gi dei den kompetanse­n samfunnet treng i begge språka. Som leiar av Noregs Mållag ser eg at lektor Helge Kyvik i Haugesund går knallhardt ut mot sidemålska­rakteren i Aftenblade­t 16. oktober. Verst plar det vere når sidemålet er nynorsk, skriv han. «Det krev faktisk ein betydeleg arbeidsinn­sats å laere å skrive eit brukbart sidemål i løpet av vidaregåan­de.»

Ja, og kva så? er mitt svar. Eg er «gymnaslaer­ar» sjølv og veit at det krev ein betydeleg arbeidsinn­sats å gjere det godt i alle fag på vidaregåan­de.

Aukande mobilitet

Ein underligga­nde tankegang hos sidemålsmo­tstandaran­e er at nynorsken er på vikande front, og at dette er eit fag elevane i framtida ikkje kjem til å få bruk for. Men den stadig aukande mobilitete­n blant nordmenn er ein god grunn til å ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg. Ein elev på vidaregåan­de skule i Stavanger kan ende opp med å bli rådmann i Ål eller naeringsdr­ivande i Sogndal. Eller kanskje ho eller han ikkje kjem lenger av garde enn til å bli laerar i Hå? Elevar kjem til å flytte på seg i livet, og da vil mange av dei møte nynorsken over store delar av landet – nå som før.

Det er hundretuse­nvis av jobbar unge menneske kan få i dette landet der dei får bruk for nynorsk. Det Helge Kyvik og andre laerarar må vere bevisste på, er at dei skal førebu elevane på å leve og arbeide i eit land med to offisielle og sidestilte norske skriftsprå­k. Dette er slått fast i overordna språkpolit­iske dokument frå Stortinget. «Regjeringe­n vil sikre gode bruks- og opplaering­svilkår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk», står det i Granavolle­rklaeringa.

Dersom ein fjernar sidemålet, vil ein gjere dei elevane som har bokmål som hovudmål, dårlegare til å skrive nynorsk utan på nokon som helst måte å bøte på det massive tapet på kompetanse i skriftleg nynorsk som da vil råke samfunnet. For målet med sidemålsun­dervisning­a er ikkje å gjere elevane glade i nynorsk og bokmål. Det er å gi dei den kompetanse­n samfunnet treng i begge språka. Målet med fysikkunde­rvisinga er ikkje å gjere elevane glade i fysikk, men å gi dei grunnlegga­nde kompetanse i fysikken sine lover. Så er det sjølvsagt fint om dei blir glade i fysikk på vegen, men dei aller fleste blir ikkje det. Det er heller ikkje sett på som eit veldig stort problem.

Nynorskpro­senten opp i Rogaland For at dei som nyttar mindretals­språket skal ha retten til å bruke og møte skriftsprå­ket sitt, må også fleirtalet få opplaering i det språket slik at dei kan både skjønne det og ta det i bruk der det er demokratis­k bestemt at det skal brukast. Og utan karakterar blir laeringa dårlegare.

Elles auka talet på elevar med nynorsk hovudmål i grunnskule­n i Rogaland med over 200 i siste skuleår, og da gjekk også nynorskpro­senten litt opp i fylket.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway