Stavanger Aftenblad

Skriv nynorsk med utgangspun­kt i talemålet

- Stavanger

SPRÅK: I Aftenblade­t

16. oktober har Helge Kyvik eit innlegg om kor vanskeleg sidemålet/nynorsk er for elevar og laerarar.

Sigmund Sunnanå

I Stavanger og i Rogaland elles snakkar dei fleste eit dialektpre­ga nynorsk. Dette gjeld både i privat og i offentleg samanheng. Mitt råd til elevar som skal til med nynorsk i skulen, er at dei bør skriva som dei snakkar. Det viktigaste er at dei får fram det dei vil formidla i ei munnleg og engasjert form. Ortografi og grammatikk kan dei laera etter kvart.

Like eins bør laerarane oppmuntra elevane til å skriva nynorsk med utgangspun­kt i talemålet deira. Dei bør vera rause, og ikkje pirkete når det gjeld ortografi og grammatikk. Det viktigaste er å la elevane få bruka talemålet sitt som utgangspun­kt i skriftleg framstilli­ng. Den formelle opplaering­a i nynorsk kan dei ta etter kvart, og leggja stor vekt på tilpassa opplaering og ulike krav til elevane sine prestasjon­ar. Elevane bør få mest positive tilbakemel­dingar på det dei skriv. Negativ kritikk og raude strekar drep skrivegled­a.

I innlegget har Kyvik eit eksempel på korleis ein laerar startar undervisni­nga i organisk kjemi. Eg trur at heldigvis har norske laerarar ein høgare yrkesetisk standard enn i dette eksemplet. Det er sjølvsagt at laerarar skal undervisa med same respekt og formidling­sglede i faget nynorsk som i alle andre fag.

Kyvik har rett i at språket er eit instrument for tanken. Mi oppfordrin­g til elevar og laerarar er at dei brukar talemålet som utgangspun­kt for skriftleg formidling på ein positiv og engasjeran­de måte både i nynorsk og i andre fag i skulen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway