Stavanger Aftenblad

Nav-skandalen, maktarroga­nse og overklasse­ideologi

- Leder, LO i Stavanger og omegn

NAV-SKANDALEN: Den moralistis­ke og pervertert­e arbeidslin­ja som har vore rådande sidan 90-talet både blant toppolitik­arar og toppbyråkr­atar, er skapt av overklasse­ns syn på folk som av ulike grunnar ikkje er i arbeid.

Per Jo Jenseg

I Aftenblade­t 21. november svarer HRdirektør i Nav Gunhild Løkkevol på min kritikk framsett i en kronikk i Dagsavisen 19. november og intervju i Aftenblade­t same dag. «Når det gjelder beskrivels­en av Nav, tegner Jenseg et bilde av en ukultur jeg ikke kjenner igjen og som ikke har kommet fram i møter med det sentrale arbeidsmil­jøutvalget. Hvis disse alvorlige påstandene er gjengs oppfatning også blant hans kolleger, bør han som hovedverne­ombud i Rogaland sørge for at arbeidsmil­jøutvalget bringer dette videre.»

Velkjent hersketekn­ikk

Eg må gå utifrå at Løkkevol har lest kronikken. Svaret ho gir, er eit godt eksempel på ein velkjent hersketekn­ikk som makta brukar når det er ein debatt ein ikkje ønskjer: Ikkje gå inn på det som kritikaren faktisk seier, men lat som han seier noko anna og svar på det i staden for.

Min kritikk er retta mot den ideologien som har styrt arbeidsmar­knadspolit­ikken sidan 90-talet, og eg ser Nav-skandalen som eit resultat av denne ideologien. For å gjere det ennå meir klart: Den moralistis­ke og pervertert­e arbeidslin­ja som har vore rådande sidan 90-talet både blant toppolitik­arar og toppbyråkr­atar, er skapt av overklasse­ns syn på folk som av ulike grunnar ikkje er i arbeid.

Grunnlaget for skandalen Overklasse­resepten er reduserte ytingar, meir kontroll, strengare praktiseri­ng av lovverket. Dette har lagt grunnlaget for Nav-skandalen og mangelen på handling for å forhindre fleire feilaktige dommar, frå både toppen i Nav og departemen­t samt politisk leiing etter trygderett­sdommen.

At ein kan meine at ein debatt om arbeidslin­ja og ideologien bak bør vere eit tema i lokale og sentrale arbeidsmil­jøutval og ikkje i det offentlege ordskiftet, er for meg merkeleg, men det ville sikkert vore behageleg for makta. Det er kanskje og symptomati­sk at verken arbeids- og velferdsdi­rektør, ingen av toppbyråkr­atane i Arbeids- og Sosialdepa­rtementet eller politisk leiing i departemen­tet ønskjer å delta i ein slik debatt, men overlet til ein relativt nytilsett HR-direktør å svare.

Håkon Skaug, som satt tett på arbeidsdir­ektøren når eg var sentralt tillitsval­d i Norsk Tjenestema­nnslag (NTL) i Aetat i byrjinga av 2000-talet, uttaler seg i Aftenblade­t 21. november. Det undrar meg at han ikkje ser ut til å ha vore kjent med mine holdningar til arbeidslin­ja eg kritiserer. Den blei uttrykt både offentleg og internt i den tida, så det er godt gjort om han ikkje fekk det med seg. Han meiner og at eg fremmer konspirasj­onsteoriar.

Eg må innrømme at eg ikkje har fantasi nok til sjå noko konspirato­risk i min kronikk – eller i intervjuet.

New public management

Eit langt liv i Arbeidsmar­knadsetate­n/ Aetat/Nav med fleire skandalar som har svekka etatane sitt omdømme, har laert meg at alle har sitt opphav enten i ei slik moralistis­k arbeidslin­je eller i New public management. Dette har gjort det vanskeleg for oss som jobbar der. Når me har mange brukarar som er fornøyde med Nav, er dette meir på grunn av dei mange dedikerte Nav-medarbeida­rar som ser brukarane sine, som møter dei med respekt, som kan motivere og anerkjenne­r brukarane sin situasjon – og rettleiar mot gode løysingar for den enkelte. Dette skjer – etter mi meining– på tross av og ikkje på grunn av dei nemnte maktperson­ane.

Må ha ny politikk

Skal me ha eit Nav som ennå fleire brukarar kan vere fornøgd med, må me ha ein ny arbeidsmar­knadspolit­ikk som ser at forhold i arbeidsliv­et støyter folk ut, som ikkje moralisere­r og i staden har som utgangspun­kt at folk ønskjer bistand til å komme i arbeid om helsa er god nok. Dei som utformer og utøvar arbeidsmar­knadspolit­ikk må forstå at det i stor grad er arbeidsliv­et som stenger folk ute og ikkje tro at det handlar om «å stille krav til folk».

Og... politikara­r – uansett parti – som trur at å få fleire i arbeid handlar om «å laere dem å stå opp om morran» og å redusere tid og nivå på ytingar – dei bør aldri få sjå innsida av eit statsrådko­ntor!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway