Jordnaert frå fylket
LEIAR: Fylkeskommunen må også kutta. Blant anna kuttar dei i sine eigne reiser.
Då fleirtalspartia i Rogaland fylkeskommune la fram sitt budsjett, var det tydeleg prega av ei nå-stikk-vifingeren-i-jorda-haldning. Det er tillitvekkande.
Gjennomgangstonen i bompengeopprøret var at politikarane ikkje forstår folk flest – ikkje eingong har den fjernaste aning om korleis ein vanleg familiekvardag ser ut. For fylkeskommunen sin del, blei kor billeg dei sjølv parkerte utanfor arbeidsplassen sin, og kor ofte fylkesordføraren brukte tenestebil, til eksempel på akkurat det, fortent eller ikkje.
At fleirtalspartia i fylket legg fram eit budsjett som går veldig konkret og jordnaert til verks i både skule-, klimaog kollektivpolitikken, er difor rett og slett fornuftig.
For å gjera sitt for å redusera klimautslepp, skal dei sjølv reisa mindre, og heilt spesielt reisa mindre med fly. Dei skal også prøva ut ei belønningsordning, kjend som KAF, blant sine eigne, for å sjå korleis det verkar. Og når byvekstavtalen er på plass, skal ein sjå kva fylket bør gjera. Kor trengst det fleire bussruter? Kor trengst heller HentMeg? Kva bør ein gjera med takstane? Og kan ein utvida den populaere HjemJobbHjem-ordninga til å gjelda fleire kommunar?
Også i fylkeskommunen må ein kutta, meir presist 80 millionar neste år. Difor skal dei gå gjennom ordningane dei har for sine eigne tilsette. Mens det varsla kuttet i hurtigbåt-tilbodet i Ryfylke, ikkje blir noko av.
Det andre viktige beinet i fylkespolitikken, er dei vidaregåande skulane. Rogaland har lenge satsa på å finna arbeidsplassar nok til laerlingane sine. Fylket er på 3. plass i landet når det gjeld kor mange som gjennomfører vidaregåande skule, og har som ambisjon å klatra til topps.
Det kan det godt vera hald i, sidan dette lenge har vore ei prioritering.
Fylket finn også pengar til å behalda sosialrådgivarar, som tidleg kan fanga opp dei som slit skikkeleg på vidaregåande. Også her er det viktig med stikkafingeren-i-jorda-politikk. Gi dei ein meiningsfull måte å koma seg gjennom på. Meir praksis tidlegare, og eit på alle måtar tettare samarbeid med naeringslivet, er gode stikkord.
Alle elevar i vidaregåande opplaering som treng laereplass, må få det. Her er det saerleg kommunane, som store arbeidsplassar innan helse og omsorg, som må ta større ansvar.
Regionen vår har ein sterk tradisjon med å la folk finna sine eigne vegar inn i praktisk arbeidsliv. Fylket gjer heilt rett i å setja seg endå betre til rette i førarsetet for at det fortsatt skal gå an.
Alle elevar i vidaregåande opplaering som treng laereplass, må få det.