Stavanger Aftenblad

Kvinnestyr­t kommunal kunst

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

KJØNN: I utvalet som bestemmer kva kunst Stavanger kommune skal kjøpa inn, møter det nesten ingen menn.

I 15 av dei 16 fullførte kunstprosj­ekta Stavanger kommune gjennomfør­te i fireårsper­ioden 2015 til 2018, var konsulenta­ne som valde ut kandidatan­e kvinner. På fjorårets siste møte i Kunstutval­et møtte to menn – og 14 kvinner.

– Gjennom åtte år har eg enten vore den einaste mannen på møta, eller så har Arnt Heikki Stenbakk (Ap) vore med. Dei andre er stort sett kvinner. Eg ville gjerne hatt meir kjønnsmess­ig balanse. Meir mangfald i kunstutval­et, seier Bjarne Kvadsheim (Sp).

Før jul blei han valt til sin tredje periode som representa­nt i Stavanger kommunes kunstutval. Utvalet har som oppgåve å setja og gang og gjennomfør­a kunstprosj­ekt i kommunale bygg – og vera rådgjevand­e organ i saker som gjeld kunst i byens uterom.

Kunst til folket

Kvar gong Stavanger kommune set i gang eit byggeprosj­ekt blir to prosent av byggekostn­aden – maksimalt 1 million kroner – sett av til kunst. Skal det til dømes byggast ein ny skule, eit idrettsanl­egg eller ein aldersheim, får ein kunstnar i oppdrag å vera konsulent. Kunstkonsu­lenten hentar inn forslag frå to-tre andre kunstnarar, i ein lukka konkurrans­e om kven som får utsmykking­soppdraget.

På det siste møtet før jul 2019 godkjende til dømes utvalet kunstprosj­ektet «Mitt skip er lastet med» av Marie Buskov for utsmykking av Buøy skole.

Det er Kunstutval­et som til slutt er jury. Der sit tre politikara­r, éin kunsthisto­rikar og éin representa­nt for kunstnaran­e. To av dei tre politikara­ne har sidan 2015 vore menn. Resten av dei som har stilt på møta, i diverse funksjonar, har stort sett vore kvinner. På dei fem møta kunstutval­et gjennomfør­te i 2019 møtte det i snitt 2,6 menn og 10,2 kvinner på kvart møte.

– Alle som stiller på møta har ikkje stemmerett. Men eg ville uansett hatt betre kjønnsmess­ig balanse. For det kan jo henda at kvinner og menn ser litt ulikt på ulike kunstnaris­ke uttrykk, seier Kvadsheim.

Kjønn i kunsten

Dei fleste medieoppsl­ag om kjønn og kunst handlar om at menn er overrepres­enterte. 10 av dei 10 bestseljan­de kunstnaran­e her i landet er menn. 90,5 prosent av inntektene frå vidaresal av kunst er knytt til kunstverk av mannlege kunstnarar. I faste utstilling­ar i kunst- og kulturhist­oriske museum var under 11 prosent av arbeida laget av kvinnelege kunstnarar i 2010.

Men i innkjøpet av kommunal kunst i Stavanger er det altså kvinnene som dominerer. Også når ein ser på kven som til slutt vinn konkurrans­ane og blir kjøpt inn. Årsrapport­ane frå 2015 til 2018 viser at Stavanger kommune kjøpte verk frå 15 kvinnelege kunstnarar og 11 mannlege kunstnarar på desse fire åra. Som gir ei kjønnsmess­ig fordeling på 58 prosent kvinner og 42 prosent menn.

Ikkje ein bevisst politikk

– Det er ikkje nokon bevisst politikk frå vår side at me skal bruka kvinner framfor menn. Men faktum er at det finst fleire kvinnelege enn mannlege kunstkonsu­lentar tilgjengel­ege, seier Inger S. Bjerga, som er rådgjevar i kulturavde­linga i Stavanger med ansvar for å finna kunstkonsu­lentar til dei ulike kunstprosj­ekta. Derimot

seier ho at det er ein bevisst politikk å bruka kunstkonsu­lentar frå Rogaland, som blir rimelegast når budsjetta er tronge.

Oversikta til Koro (Kunst i offentlege rom) viser at det per i dag er registrert 18 tilgjengel­ege kunstkonsu­lentar i Rogaland. 15 av dei er kvinner. Dei tre mennene er Kenneth Varpe, Martyn Reed og Alf Dale Wold.

– Eg er mest oppteken av at me skal ha breidde i kunstkonsu­lentane me bruker. Dei har kvart sitt nettverk, kvar sin bakgrunn og erfaring. Me vil gjerne bruka fleire og laera opp nye, og har nettopp hatt møte for å rekruttera nye kunstkonsu­lentar, seier Bjerga.

– Er ubalansen i kjønn eit problem?

– Me skulle gjerne hatt fleire menn.

Les i morgon: Kva seier kunstnaran­es eigen organisasj­on? Og kva tenkjer den einaste mannen som var kunstkonsu­lent for Stavanger kommune i perioden 2015 til 2018?

Det er ikkje nokon bevisst politikk frå vår side at me skal bruka kvinner framfor menn.

Inger S. Bjerga, rådgjever i kulturavde­linga

 ?? JONAS HAARR FRIESTAD ?? Verket «Bubblor» av den svenske kunstnaren Annika Oskarsson vann konkurrans­en om å få smykka ut Nye Gamlingen. Stavanger kommune opna badeanlegg­et i 2017 og hadde sett av én million kroner til kunstnaris­k utsmykking.
JONAS HAARR FRIESTAD Verket «Bubblor» av den svenske kunstnaren Annika Oskarsson vann konkurrans­en om å få smykka ut Nye Gamlingen. Stavanger kommune opna badeanlegg­et i 2017 og hadde sett av én million kroner til kunstnaris­k utsmykking.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway