Sterkt portrett av kunstnar og anoreksi
FILM: Dokumentarfilmen om avdøde
Lene Marie Fossen er hjarteskjerande – men samtidig vakker. Er det eit problem?
Selvportrett
Sjanger: Dokumentar. Med: Lene Marie Fossen, Morten Krogvold, Torill Fossen, Geir Fossen. Manus og regi: Margreth Olin, Katja Høgset, Espen Wallin. Norge, 2019. Lengde: 1 t. 18 min. Aldersgrense 12 år.
22. oktober i fjor døydde Lene Marie Fossen. Ho var berre 33 år gammal, men såg på eitt vis ut som ein olding. Eller som eit dramatisk underernaert barn. Anoreksien – psykiatriens mest dødelege sjukdom – hadde kravd nok eit dødsoffer. Etter 23 år med alvorleg spisevegring sa hjartet stopp.
Det spesielle med den vevre jenta frå Toten, som i filmen seier ho ikkje ville bli vaksen, og som derfor gradvis slutta å eta frå ho var ti år gammal, var at ho dokumenterte seg sjølv og sjukdommen gjennom fotolinsa.
Vel så spesielt er det at regiteamet bak «Selvportrett» – først vennen og fotografen Espen Wallin, deretter også med Margreth Olin og Katja Høgset – har følgt henne heilt sidan 2011. Det vil seia lenge før ho hadde si første fotoutstilling, i 2016. Og lenge før ho møtte den anerkjende norske fotografen Morten Krogvold, som skulle bli ein naer støttespelar – og stilla ut fotografia hennar på Nordic Light i 2017.
Dokumentarfilmen er eit dobbelt portrett – slik ein gjerne kan meina at Fossens eigne sjølvportrett også var – av ein kunstnar og av ein sjukdom. Fossen ville framfor alt vera fotograf, bli hugsa for bileta ho tok, ikkje som ho som hadde anoreksi og var sjuk.
I filmen får me møta Fossen i arbeidet med bileta sine, saerleg på den greske øya Chios. Heldigvis får me sjå mange av dei ferdige portretta ho tolk. Foto som både Krogvold og andre kapasitetar innanfor fotokunst meiner viser eit udiskutabelt talent. Sjølvportretta er ikkje pene å sjå på, heller vonde, der dei viser fram oldingbarnet i ein kropp som berre er skinn og bein. Men samtidig har dei ei kraft som treff alle som ser dei.
I tillegg til bileta, snakkar Fossen også til filmteamet med si eiga stemme. Si eiga barnestemme, sidan ho aldri kom i puberteten. Ho deler refleksjonar rundt seg sjølv og sjukdomen sin. Ho fortel om korleis det ho trudde skulle vera løysinga på problema hennar – å slutta å eta – i staden har blitt det store problemet hennar. Samtidig som sjukdommen paradoksalt nok blir ein trygg stad for henne – og altså er heilt avgjerande for dei sterke sjølvportretta hennar.
Også Fossens foreldre snakkar i filmen. Om kor vanskeleg det har vore å sjå dottera gjennomføra det som i praksis er eit uendeleg langt sjølvmord. Men dette er ikkje ein film der terapeutar og fagfolk snakkar om anoreksi. Som i fleire av dei tidlegare filmane til Olin, er det gjort eit val om å gi stemme berre til dei som er direkte involvert.
Fossen fotograferte – interessant nok, med tanke på hennar eiga historie – barn og oldingar. Men det er framfor alt sjølvportretta hennar som har vekka mest oppsikt og som har blitt stilt ut. Det er også desse bileta som står i sentrum i filmen. Enkelte har stilt spørsmål ved om det er noko problematisk over denne måten å portrettera ein anoreksisjuk kunstnar. Er det å estetisera – å prøva å laga noko vakkert av – noko som berre er vondt og tragisk? Er det eit element av romantisering av smerta? Eg opplever det ikkje slik, verken frå Fossen sjølv eller regiteamet bak filmen.
Margreth Olin er ein av våre fremste dokumentaristar. Det gir seg blant anna utslag i at det alltid blir diskusjonar rundt filmane ho er involvert i – så også denne. Det er ein styrke, ikkje eit problem.
Fossen ville framfor alt vera fotograf, bli hugsa for bileta ho tok, ikkje som ho som hadde anoreksi og var sjuk.
Jojo Rabbit
Skuespillere: Taika Waititi, Roman Griffin Davis, Thomasin McKenzie, Sam Rockwell, Scarlett Johansson, Rebel Wilson, Alfie Allen, Stephen Merchant. Sjanger: Komedie / Drama / Krigsfilm. Regi: Taika Waititi. Aldersgrense: 12 år.
Det er ikke akkurat veldig kontroversielt å spøke med Hitler og nazismen. Regissør Taika Waititi gjør det på en temmelig avvaepnende måte, med solide overdrivelser og mye slapstick, i «Jojo Rabbit». Det er ofte morsomt, men alt treffer ikke like godt. Og det er garantert noen som vil beskylde ham for å bagatellisere et svart kapittel i Tysklands historie når han velger å framstille nazistene på en såpass fjollete måte som her.
Filmens hovedperson er 10 år gamle Johannes, som får kallenavnet Jojo Rabbit fordi han ikke klarer å ta livet av en kanin på leirskole med Hitlerjugend. Heldigvis har han en fantasivenn som oppmuntrer og trøster ham, selveste føreren, spilt med en slags feminin revyartist-schwung av regissøren selv.
Jojo bor sammen med sin mor (Scarlett Johansson), en aktivist som kjemper mot nazistene i det skjulte. Sønnen, på sin side, har Hitler-plakater på veggene, baerer sin Hitlerjugend-uniform med stolthet og hvis det er noe han virkelig hater, så er det jødene. Men disse oppfatningene blir etter hvert utfordret når det går opp for ham at moren skjuler en jødisk jente på loftet. Det skaper en betydelig indre konflikt for den innbitte nazisten Jojo, for han innser hva slags konsekvenser det vil få for moren om han røper hemmeligheten til noen. Og etter hvert som han blir kjent med jenta, utfordres holdningene hans, sakte, men sikkert.
Det er med andre ord store temaer som skal behandles, og dramatiske og tragiske ting skjer, både i hovedpersonens liv og i lokalsamfunnet han lever i. Det er når de mest alvorlige elementene skal pakkes inn i filmens humoristiske og karikerte form at det butter litt imot hos denne anmelderen. Waititi er ikke alltid like flink til å balansere skjemt og alvor, og resultatet blir at de sterkeste øyeblikkene
mangler den emosjonelle kraften de burde hatt.