Stavanger Aftenblad

Skjerpa ungdomstea­ter

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

TEATER: Ungdomstea­tret imponerer med sjølvskriv­ne «Skjerp deg!» Men er det verkeleg ingen unge som har det bra -

Skjerp deg

Regissør: Bjørn Ravn Carlsen. Kostymedes­ign: Ragnhild Anda Tengesdal og Lene Marie Bjerga. Lysdesign: Børe Noer Borrevik. Med: Ingeborg K. Skarsgaard, Petra Renberg, Runar Bjørnsen Jekteberg, Heine Røise, Kaja Hjertenes, Jørgen Nistad Westermoen, Balder Scheen Jacobsen, Herman Hilde Pedersen, Frikk Hana, Feline Fredrikke Poulsson, Tiril Victoria Gillies, Eline Haugen. 1 time, 20 minutt. Premiere: 15. januar i Kjellertea­tret på Rogaland Teater.

Generasjon prestasjon presterer som bare det i Ungdomstea­trets sjølvlaga «Skjerp deg!» Ikkje bare har dei utvikla, skrive og framfører teksten sjølv. I tillegg syng dei nydeleg, fleirstemt, og turnerer gitararar, bass, rytmikk og piano, om kvarandre.

«Skjerp deg!» er ikkje klassisk teater med ei episk handling, dramatiske kurver eller spelescene­r.

I staden er det ei rekke tekststykk­e, dialogar og songar som blir framført på scenen som er plassert midt i rommet, med publikum på stolrader langs langveggen­e. Scenografi­en er svaert enkel.

Indre og ytre press

Tekstane, tidvis på rim, handlar om tema ungdommane sjølv skreiv ned på gule lappar i brainstorm­ingsfasen av produksjon­en. Det handlar om indre og ytre press, om krav om å vera vellukka på så mange arenaer, om anoreksi, depresjon, fasade, kontroll, identitet, leiting etter seg sjølv, sjølvhat og vaklande sjølvbilet­e. I eit par sekvensar er det hakket lysare, der me møter folk som tilsynelat­ande har det bra. Men også det er bare tilsynelat­ande. For dei har det ikkje bra - eigentleg.

«I snitt tek meir enn éin norsk mann livet av seg kvar dag» seier ein av karakteran­e mot slutten. Dette er sjølvsagt alvorlig. Men ein kunne sett lysare på det: Kvar dag tek cirka 2.685.000 norske menn ikkje livet sitt, i snitt.

Eg skjønar at det ligg meir og betre dramatisk materiale i dei vanskelege og eksistensi­elle sidene ved livet, og at det sånn sett er naturleg at dei unge fokuserer på problema når dei skal laga teater. Men kan det bli for mykje? Er det verkeleg ingen unge menneske i Stavanger og Norge - landet som stadig blir kåra til det beste landet i verda å bu i - som har det ok? Eigentleg?

Bra tekst

Eg syns det er strålande at ungdommane har skrive manus sjølv; at me får deira eige perspektiv på det dei sjølv oppfattar som viktige sider ved livet. Her er mykje bra tekst - sjølv om det av og til kan tangera det ungdommele­g pretensiøs­e. Eg syns også det er bra at dei ikkje vik unna for alvoret. Sjølv om eg personleg, og min tenåringsk­onsulent, likte best sekvensane der det er litt humør og humor.

Framføring­a av teksten er gjennomgåa­nde god. Ungdommane framstår avslappa og tydeleg til stades i rollene sine. Dei er samspelte, gode på alt frå diksjon til timing. Og så er dei altså fantastisk gode på det musikalske. Ti songar er plukka ut til å understrek­a eller kontraster­a innhaldet, frå Nick Cave og David Bowie til Gabrielle og Kaizers Orchestra. Utvalet fungerer veldig godt, og det gjer også ungdommane­s eigne versjonar av songane.

Så uansett korleis gjengen bak «Skjerp deg!» har det - eigentleg kan dei vera stolte av prestasjon­en sin i Kjellertea­tret. Det er ingen grunn til å skjerpa seg!

Aftenblade­t gir ikkje terningkas­t på framsyning­ar med barn eller ungdom.

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Ungdomstea­tret ved Rogaland teater har sjølv utvikla «Skjerp deg!», som blir spela i Kjellertea­tret fram til 7. mai.
KRISTIAN JACOBSEN Ungdomstea­tret ved Rogaland teater har sjølv utvikla «Skjerp deg!», som blir spela i Kjellertea­tret fram til 7. mai.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway