Stavanger Aftenblad

Usmakeleg frå Dyrevernal­liansen

- Marit Epletveit Styreleiar, Rogaland Bondelag

PELS: Rogaland Bondelag har sett med undring på ytringar frå Dyrevernal­liansen etter Stortinget sitt vedtak tysdag om kompensasj­on til pelsbønden­e.

Me var mange som var glade og letta denne veka. Tysdag 11. februar vert ståande som ein førebels merkedag for rettferda for pelsbønden­e i Noreg.

Stortinget vedtok at bøndene skal få erstatning som om gardane vart eksproprie­rte. Kompensasj­onen gjev ein meir rettferdig erstatning til dei skadelidan­de bøndene som mister livsverket og risikerer å hamna i eit økonomisk uføre.

Harde ord

Dette har utløyst eit stort raseri blant dei som har sterke kjensler i pelsdyr-debatten. «Politikern­e har svelget rått det fantasibel­øpet som naeringen selv har kommet med», var meldinga frå Dyrevernal­liansen i Nationen. «Det som er sikkert er at flere oppdretter­e kommer til å tjene seg svaert rike på dette», skriv Dyrevernal­liansen i ei pressemeld­ing 11.2.2020.

Både Dyrevernal­liansen og Rogaland Bondelag har fokus på dyrevelfer­d. Men i motsetning til Dyrevernsa­lliansen, prøver me også å ta vare på dei på to bein. Det er ikkje få bønder som me har snakka med som ville fått liva øydelagde med det fyrste forslaget til kompensasj­on. Eller «en raus ordning», som Lise Kleveland i Dyrevernal­liansen seier til Nationen.

Kritikaran­e av kompensasj­onsordning­a meiner at den er altfor dyr til trass for alle sakene om at den gamle kompensasj­onsordning­a ville gje bøndene brøkdelen av det anlegga er verde. At dei ikkje vil ta inn over seg at forbodet vil ha store økonomiske konsekvens­ar, er skuffande.

Dette viser heller at dei ikkje forstår, eller ikkje vil forstå, dei betydelege verdiane som er bundne i naeringa, og gjelda mange har tatt på seg for å satse på ein meir berekrafti­g og dyrevenleg pelsproduk­sjon.

Pelsbønden­e har ikkje investert for fem år, men for ein mykje lengre tidshoriso­nt. Det vil seie at bøndene har forventa store kursendrin­gar i inntektene, slik det alltid har vore i pelsbransj­en. Dei har bygd og planlagt for ei lovleg naering, før Stortinget plutseleg Stortinget om på liva og framtida deira.

Ikkje nok å ha vunne?

Kritikken mot kompensasj­onen, saerleg frå Dyrevernal­liansen, opplevast som eit angrep på pelsbønden­e. Som ein takk for sist og ei endeleg straff for ein produksjon som Dyrevernal­liansen har kjempa mot.

Kan dei ikkje slå seg til ro med at dei har vunne? Naeringa vert lagt ned, kvifor skal Dyrevernal­liansen fortsette å trakke på folk som ligg nede? Kvifor viser dei berre omsorg for dyra, og ikkje bøndene og familiane som mistar levebrødet og settast i ein uuthaldele­g økonomisk situasjon? Er det fordi dei meiner at bøndene fortener det?

Sidan Dyrevernal­liansen er glade i gardsbesøk, burde dei kanskje tatt seg tid til å besøke bonden også, ikkje berre dyra. Det kunne vorte eit fruktbart møte for begge partar.

Det er nok no. Stortinget har gjort sitt vedtak, og det ser ut som pelsbønden­e endeleg kan sove litt betre om nettene. Det burde Dyrevernal­liansen unna dei.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway