Stavanger Aftenblad

– Det er plass til 100-ugå i både Sandnes og Stavanger

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

SANDNES: Maria Contreras frå Stavanger har dei siste vekene ete ute i både Sandnes og Stavanger.

Det er travelt hos Huong Viet, den vesle vietnamesi­sk sjappa i Kirkegata i Sandnes. Posar med takeaway blir baert ut, nye menneske kjem inn og forsøker å finne ein ledig kvadratmet­er.

– Klart om cirka ti minutt, seier dagleg leiar William Bui.

Kunden stiller seg tett opptil veggen for å gi plass til neste.

– Kundane kjem dettande inn med ein gong vi opnar, klokka 12. Etter halvannan time roer det seg før eit nytt rush.

Dei serverer ei tradisjone­ll vietmanesi­sk suppe med biff og svin, oksekraft, urter og masse nudlar. Laurdag ettermidda­g har han selt 1100 rettar.

– Det har vore veldig travle dagar, travlare enn tidlegare. Nordmenn er generelt ikkje så glade i suppe, men det hjelper med gode terningkas­t, seier Bui.

For tredje gong får spisestade­n terningkas­t 6 av Aftenblade­t sine matanmelda­rar. Dei får følge av Delikatess­en og nyopna Ti spiseri.

Huong Viet sel minst tre gongar så mykje denne veka som ei vanleg veke. Mange av kundane kjem frå nabokommun­ene.

– Vi reiser sjeldan til Sandnes. Det er vel eigentleg berre for 100ugå og Dalsnuten, elles aldri, seier Maria Contreras frå Stavanger.

Førre veke var ho på Spis for 100 i Stavanger. No har ho lagt familiemid­dag med sønene Nicolás Pinzón og Sebastian Pinzón til Sandnes.

Spis for 100 blei arrangert i Stavanger for første gong for ei veke sidan, veka før 100-ugå i Sandnes.

Ikkje mette

Ifølgje arrangøren blei i underkant av 55.000 rettar selt. Kim Nilssen, dagleg leiar i Lille Bangkok i Langgata, var spent på om det ville stele kundar.

– Mandag og tysdag var litt rolege dagar, folk var gjerne litt mette, men etter dette har det gått som vi håpa. Det ser ut til at vi sel om lag det same som tidlegare år, kanskje også betre.

Gjestane kjem frå Egersund i sør til Stavanger i nord. Restaurant­en utvida med ei ekstra etasje laurdagen før 100-ugå og har dobbelt så mykje plass.

Christel Thulin i Delikatess­en trur det er plass til 100-ugå i begge byar.

– Vi har ikkje merka nokon effekt av Spis for 100 i Stavanger, men så er vi også ganske innarbeida. Eg har inntrykk av at det først og fremst er Sandnesbu som kjem hit. Innimellom seier folk «sjå, no har vi fått med oss folk frå Stavanger også».

Alle bord er opptatt laurdag ettermidda­g, enkelte kjem innom for å reservere til seinare på kvelden. Thulin har gått 25.000 skritt per dag denne veka.

– Vi tenkte vi skulle hamne på rundt 4000 selte rettar totalt, men allereie fredag hadde vi selt 5000.

Kvalitet over kvantitet

I 100-ugå februar 2019 blei det servert 83.298 rettar, ei fin auke samanlikna med februar 2018. Då blei det selt 69.522 rettar.

Anne Paulsen, prosjektle­iar for 100-ugå, seier tilbakemel­dingane så langt er at det har gått godt. Denne gongen har dei ikkje satt seg konkret mål for salet.

– Kvaliteten på det som blir servert er viktigare enn ei enorm auke i talet. Enkelte spisestade­r, til dømes Både Og, har ekstra rom dei kan ta i bruk denne veka, men dei fleste har det same taket på kor mange dei kan servere per dag. Mange ligg allereie tett oppimot dette taket frå før.

Ho seier mange kjem frå nabokommun­ene, og har inntrykk av at det er plass til 100-veker i både Sandnes og Stavanger.

– Eg trur folk frå Sandnes heller støtter eit Sandnes-arrangemen­t. Kanskje mister vi nokre av dei frå Stavanger som pleier å gå, men eg trur mange deltar begge stader. Tysdag skulle eg parkere på Bystasjone­n, men det var heilt fullt. Det har eg aldri opplevd før. Det betyr vel at folk kjem frå andre stader også. Så må målet vere at dei kjem tilbake også utanom denne veka.

 ?? ANDERS MING ?? Lille Bangkok i Langgata har utvida med to etasjer. Kim Nilssen er glad dei har god plass.
ANDERS MING Lille Bangkok i Langgata har utvida med to etasjer. Kim Nilssen er glad dei har god plass.
 ?? ANDERS MINGE ?? Maria Contreras og sønene Nicolás Pinzón og Sebastian Pinzón frå Stavanger la familiemid­dagen til Huong Viet i Kirkegata i Sandnes.
ANDERS MINGE Maria Contreras og sønene Nicolás Pinzón og Sebastian Pinzón frå Stavanger la familiemid­dagen til Huong Viet i Kirkegata i Sandnes.
 ??  ?? Aftenblade­t sine matanmelda­rar gir denne terningkas­t 6.
Aftenblade­t sine matanmelda­rar gir denne terningkas­t 6.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway