Stavanger Aftenblad

Gjenvalgt til å leia SV mot vindkraft på land

- Ellen Kongsnes ellen.kongsnes@aftenblade­t.no

SAUDA: Ingrid Fiskaa frå Time fortsett som leiar av SV sitt fylkeslag i Rogaland, og fortsett kampen mot fleire vindmøller på land. I helga hadde partiet fylkesårsm­øte i Sauda.

Rogaland SV seier nei til meir vindkraft på land. Det betyr nei til nye konsesjona­r, og at gitte konsesjona­r blir trekt tilbake der bygging ikkje er sett i gang eller vilkåra i konsesjone­n ikkje blir respektert. I Rogaland vil dette gjelda for Vardafjell i Sandnes, Faurefjell i Bjerkreim, Tysvaer, Dalbygda og Gismarvik i Tysvaer og Gilja i Gjesdal.

– Rogaland SV vil at Noreg evakuerer einslege mindreårig­e flyktninga­r frå Moria-leiren i Hellas, sier Ingri Fiskaa.

– Rogaland SV avviser kraftskatt­eutvalet (Sanderud-utvalet) sitt forslag om endring i kraftskatt­en, som vil påføra mange kommunar i Rogaland store inntektsta­p. Kraftskatt­en er ein sentral del av samfunnsko­ntrakten mellom storsamfun­net og dei lokalsamfu­nna som avgir areal og naturverdi­ar til produksjon av vasskraft.

– Audun Lysbakken heldt hovudinnle­iinga på årsmøtet. Søndag innleia Atle Forfang Rostad frå Fellesforb­undet og Industriak­sjonen om industripo­litikk. – Ingrid Fiskaa frå Time er gjenvalt som leiar i Rogaland SV for to nye år. Resten av fylkesstyr­et består av nestleiar Jon Salthe (Stavanger), kasserar Gerardo Osorio Diaz (Sandnes), Jeanette Lea Romslo (Hå), Anette Opheim (Suldal), Lise Langåker (Haugesund) og Ronald Velasco (Sosialisti­sk Ungdom).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway