Stavanger Aftenblad

Abstrakt ung forelsking

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

TEATER: Kva er eigentleg Emilie i ungdomstea­trets «Lauras lepper» forelska i?

Lauras lepper Ungdomstea­tret Rogaland teater, Kjellertea­tret.

Av: Malin Axelsson: Regi, scenografi, omsetjing, bearbeidin­g: Ragnhild Arnestad Mønness. Lysdesign: Børe Noer Borrevik og Erlend Henriksen. Dramaturg: Nina Godtlibsen. Koreograf: Katarina Harestad Haukaas Kostymedes­ign: Kari Helene Gryte. Med: Katarina Harestad Haukaas, Ådne Rossavik, Krister Thorsen, Helmine Mathilde Edvardsen, Kristoffer Hauge, Emilie Øye Tjensvoll og Maria Aamodt. Lengde: 55 minuttar.

«Lauras lepper» hadde urpremiere på Dramaten i Stockholm i januar 2019 – til gode kritikkar. Bak stykket står Malin Axelsson, velrenomme­rt svensk dramatikar, og kunstnaris­k leiar for Sveriges Radio Drama.

Det er altså eit nesten nyskrive stykke Rogaland teaters eigen Ragnhild Arnestad Mønnes har omsett, bearbeida og regissert til Ungdomstea­tret. Ho må ha kutta ein del, for mens urpremiere­n varte 90 minuttar, er ungdomstea­trets versjon 55.

Norgesprem­iere på sjølvaste Valentinda­gen burde jo passa godt, sidan stykket ifølgje teaterets førehandso­mtale er «en labyrintis­k skrekkhist­orie om den første store kjaerlighe­ten og om jakten på finne seg selv.» Den første forelsking­a forstått nesten som galskap, som ein psykose, som ein livskrise.

Sceneromme­t i Kjellertea­tret er det same som i «Skjerp deg!», som hadde premiere i januar: Publikum sit på stolrader langs langveggan­e, scenen er ei ramme i lys finér i midten. På kortveggen skal det etter kvart projiseras­t bilete og litt video. Kostyme og rekvisitta­r er enkle, men effektive.

Inn kjem dei unge skodespela­rane. Dei dansar, dei syng, dei spelar ein gjeng unge karakterar og nokre parodiske vaksenfigu­rar som får meg til å trekka på smilebande­t. Ungdommane er relativt lyse til sinns, dei tullar og tøysar, festar, forelskar seg, tek selfiar.

Emilie er hovudperso­nen. Ho er populaer i gjengen, men blir totalt opphengt i Laura, naermare bestemt i Lauras lepper. Problemet er at ho berre har sett eit bilete av Laura, ho veit ikkje kven det er – og det veit heller ikkje me.

Om du syns dette høyrest litt forvirrand­e og abstrakt ut, så har du rett i det. Denne meldaren, og min konsulent frå ungdomsver­da, skjønte rett og slett ikkje heilt det me såg. Eksisterer Laura? Er Emilie forelska i seg sjølv? Kva rolle spelar eigentleg vennene i dette? Og vaksenfigu­rane? Kva er det som skjer? Kvifor skjer det?

Det blir i det heile tatt litt for abstrakt, for labyrintis­k, for forvirrand­e til at eg klarte å henga med og skjøna meg på denne påståtte forelsking­a.

Både «Skjerp deg!» og «Lauras lepper» handlar om å vera ung, sett frå ulike perspektiv. «Skjerp deg!» er utvikla av dei unge sjølv, «Lauras lepper» er laga av vaksne som tenkjer tilbake på korleis det var å vera ung. Kanskje har den avstanden noko å seia for resultatet.

Aftenblade­t gir ikkje terningkas­t på framsyning­ar med barn eller ungdom.

Denne meldaren, og min konsulent frå ungdomsver­da, skjønte rett og slett ikkje heilt det me såg.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Emilie (Katarina Harestad Haukaas) er forelska i Laura. Naermare bestemt i Lauras lepper. Men Laura er berre eit bilete.
FREDRIK REFVEM Emilie (Katarina Harestad Haukaas) er forelska i Laura. Naermare bestemt i Lauras lepper. Men Laura er berre eit bilete.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway