Faerre skabbpasientar etter koronatiltaka
STAVANGER: Stavanger universitetssjukehus har hatt faerre skabbpasientar dei siste vekene. Folkehelseinstituttet meiner det er sannsynleg at koronatiltaka har ført til faerre smittetilfelle av skabb.
I februar skreiv Aftenbladet at hudavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus kvar dag tok imot tre-fire pasientar som skulle vurderast for skabbsmitte.
Skabb smittar i hovudsak gjennom hudkontakt, ofte mellom familiemedlem eller seksualpartnarar. No kan det sjå ut som strenge tiltak for å hindre smitte av covid-19-viruset, har hatt ein positiv verknad på skabbutbrotet.
Koronatiltak
– Vi trur det er karantenereglane som gjer at vi ser mindre smitte av skabb. Vi har merka nedgangen tydeleg dei siste fjorten dagane, seier professor Thomas Ternowitz som er avdelingsleiar ved hudavdelinga.
No tar dei imot om lag fem pasientar i veka, ikkje lenger tre-fire om dagen. Desse kjem til SUS fordi fastlege har mistanke om skabbsmitte.
Hudsjukdommen skabb skuldast parasitten skabbmidd som grev gangar i det øvste laget av huda. Kroppen reagerer allergisk med intens kløe og utslett. Ternowitz trur nedgangen i skabbpasientar viser ein reell tilbakegang for skabbutbrotet.
– Pasientane ventar i stor grad med å oppsøke lege no, men vår erfaring er at skabb-pasientar ikkje kan la vere fordi kløa er så intens og reduserer livskvaliteten i så stor grad.
For tidleg å seie sikkert
Over heile landet vart det i vinter meldt om skabbutbrot. Ettersom Folkehelseinstituttet (FHI) brukar store ressursar på jobbe med koronakrisen no, klarer dei ikkje tysdag å gi Aftenbladet ei oversikt over skabbtilfelle på landsbasis.
– Det er sannsynleg at koronatiltaka har ført til faerre smittetilfelle av skabb dei siste tre-fire vekene ettersom ein ikkje kan ha naer kontakt med andre. Skabb smittar ved langvarig hudkontakt, seier seniorforskar Arnulf Soleng ved FHI.
Samtidig understrekar han at det kan ta frå to til seks veker frå ein har blitt smitta av skabb og til ein merkar symptoma.
Ein kan altså ha blitt smitta før koronatiltaka blei sett inn, og enda ikkje opplevd symptom på skabb.
– Det kan også vere slik at mange ikkje kontaktar lege sjølv om kløa er intens, seier Soleng, og viser til at skabbpasientar blir tilrådd å starte med ein krem som ein får kjøpt utan resept.
Skabb-midden toler meir Ved SUS har legane merka at stadig fleire må gjennom mange rundar med skabb-behandling. Dei har mistenkt at det har utvikla seg resistens mot kremen Nix. Også internasjonalt diskuterer forskarar og legar kvifor skabbmidden har blitt vanskelegare å kvitte seg med.
– Det ser ut til at skabbmidden toler fleire midlar betre, det tar med andre ord lenger tid før midden døyr enn tidlegare. Men om dette har noko å seie for behandlinga, veit ein eigentleg ikkje. Det ser ut til at når ein gjennomfører kontrollerte behandlingar av pasientar og utfører smittereduserande tiltak som å bytte sengetøy, klede og handdukar, så verkar behandlinga, seier Soleng.
Smitte kan nemleg også skje via klede, sengetøy, stoffmøblar og liknande. Alt som kan, bør difor vaskast på minst 60 grader. Eventuelt kan det oppbevarast utan hudkontakt i fem døgn i romtemperatur, helst pakka inn i plastposar.
– Behandlingssvikt kan skuldast mangelfull behandling, for eksempel at ein gløymer å smørje kremen under fotsolane, ikkje smør langt nok opp til hårfestet, ikkje klipper neglene kort og smør godt inn under neglene eller at ein vaskar hender og ikkje smør på nytt.
Det er også mogleg å bli smitta på nytt etter at ein eigentleg var blitt frisk. Rådet er difor at alle i same husstand bør få skabb-behandling samtidig.
Mistenker smitte via mobil Aftenbladet har tidlegare omtalt at legane ved SUS trur mobiltelefonar kan vere ei av smittekjeldene. Avdelingsleiar Thomas Ternowitz trur framleis det kan vere tilfellet.
– Til no har vi påvist levande skabbmidd på mobilane til pasientar fire-fem gongar. Desse undersøkingane gjer vi med pasientar som kjem inn gjentekne gongar.
Koronapandemien har kravd ei stor omlegging av sjukehuset. Ved hudavdelinga betyr dette at dei berre kan tilby behandling av kreftpasientar og augeblikkeleg hjelp. Det er i hovudsak unge menneske, i alderen 18 til 30 år, som kjem til SUS med mistanke om skabb. Pasientane kjem frå heile sørfylket.