Stavanger Aftenblad

Unge Høyre vil ha Milan Aran (20)

-

SANDNES: Milan Aran, leiar i Sandnes Unge Høyre, er valt som ungdomskan­didat til Stortinget for Rogaland Unge Høyre. Det blei bestemt på eit fylkesstyr­emøte torsdag kveld. Dermed er han ungdomspar­tiet sin prioritert­e kandidat til ein plass høgast mogleg opp på lista til Stortingsv­alet 2021. Der tronar han saman med partiet sin andre ungdomskan­didat, Aleksander Stokkebø. Stokkebø var ungdomskan­didat også ved førre Stortingsv­al. Også Tina Bru, noverande olje- og energimini­ster, har hatt denne plassering­a. – Det vil vere veldig spennande å kunne vere med å påverke kva veg Norge tar etter koronatida. Vi har mykje arbeid framfor oss, seier Aran om moglegheit­a for å bli stortingsp­olitikar. Aran er 20 år og, så vidt Aftenblade­t veit, den yngste ungdomskan­didaten Unge Høyre Rogaland har hatt.

 ??  ?? Milan Aran er 20 år, men har allereie vore politikar i sju år.
Milan Aran er 20 år, men har allereie vore politikar i sju år.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway