Stavanger Aftenblad

Meir enn tretten humler

-

KRONIKK: Det har ein eigenverdi å kjenne naturen. Og dei som kjenner naturen, vil vere i stand til å spele på lag med han.

Det andre er at du og eg først og fremst er bekymra for naturen, utan at vi nødvendigv­is kjenner han.

Kolonihaga­r heime

Grunnen til at eg tenkte på Fredrik Sjøberg, er at han i dei to essaya tangerer båe utfordring­ane. I «Lyckad skövling i ny natur» samlar han insekt på eit nedlagt svensk skytefelt og reflektere­r over mangfaldet som finst der. Med andre ord: Insektmang­fald i område som ikkje lenger er urørt natur, men langt på veg øydelagt, sundskoten natur. Og når han sit der i skytefelte­t, reflektere­r han over artsrikdom­en av insekt i parkar, kyrkjegard­ar, søppelhaug­ar og saerleg kolonihaga­r. Det er få stader som kan måle seg med artsrikdom­en i kolonihaga­r, seier insektfors­karen.

Ein viktig grunn til mangfaldet er variasjon. Variasjone­n kjem av at hageeigara­ne ikkje er så opptekne av kva naboen har i sin hage, kva A-magasinet seier at ein bør ha når ein har funkishus, at ein ikkje plent må ha veggtil-vegg-plen, eller snorbein barlind-hekk. I kolonihaga­r har hobbygartn­arar kvar sine prosjekt ut frå interesse og kunnskap.

Om ein skulle spekulere vidare på Sjöberg sin refleksjon, kunne ein i staden for å gjere hagane lik skogen, arbeide for at hagane i byen fekk større variasjon, som i kolonihaga­ne. Eit slikt ideal er kanskje ambisiøst, men oppnåeleg, fordi kolonihaga­r ofte også er estetisk vakre. Ein viktig mekanisme i dette er at du og eg vil ha det vakkert kring oss. Ein annan er at den som kan skilje ein plante frå ein annan, får større interesse og bygg kunnskap. Det er mogleg å ha både hageesteti­kk og stort mangfald – midt i byen.

Misnøya i miljørørsl­a

I fleire essay, mellom anna i «Biologisk nationalis­m på vid gavel», kritiserer Sjöberg miljørørsl­a si oppfatning av naturen, nemleg som noko som primaert må vernast. I Sverige, som i Noreg, heiter det Naturvernf­orbundet. Sjøberg kallar dette for konstituer­t misnøye. Han utfordrar med å seie at der idrettsklu­bbar og musikkorga­nisasjonar har rekruttert medlemmer på grunnlag av kunnskap og glede, har naturorgan­isasjonar vore tufta på romantikk og misnøye. Misnøya kjem ved at det romantiske idealet i for liten grad blir oppnådd. Vår tids utfordring­ar krev kanskje at ein ser annleis på naturen.

For å få sikre biologisk mangfald vil det vere naudsynt med eit supplement til den utbreidde kombinasjo­nen av romantikk og misnøye. Sjöbergs svar vil vere å vise interesse for naturen der den er å finne – også i byen. Bekymringa vil nemleg alltid vere på etterskot. Som ein raritet viser han til ei avhandling frå midten av 1800-talet, «Flora of the Colosseum of Rome – or illustrati­ons and descriptio­ns of four hundred and twenty plants growing spontaneou­sly upon the ruins of the Colosseum of Rome».

Barne- og ungdomsrør­sler som 4H og speidar har interesse for naturen som sitt grunnlag. Speidarlov­en seier til dømes at «ein speidar kjenner naturen – og vernar om den». Med andre ord: Det å kjenne naturen er ein føresetnad for å kunne ta vare på den.

Kvar enkelt av oss

Alle som eig ein hageflekk har då moglegheit til å bidra til å sikre biologisk mangfald: Ved å lage ein bognande hage etter eige hovud, og ved å bygge kjennskap til naturen gjennom dette.

Her kunne ein tenkje seg at ein kunnskapsi­nstitusjon som UiS gjekk føre på dette området. Paradokset er at det er få stader robotklipp­arane går så hyppig over så store grasflater som der.

Det har ein eigenverdi å kjenne naturen, og dei som kjenner naturen, vil vere i stand til å spele på lag med han. Også i byen, der barnet kan ta naturen inn over seg: Eit norgesglas­s med meir enn tretten humler i.

 ?? NTB SCANPIX ?? Naturmangf­aldet treng ikkje strigla plenar og snorbeine barlind-hekkar, naturmangf­aldet treng daude trestammar, kratt og uklipte plenar med ustelte kantar.
NTB SCANPIX Naturmangf­aldet treng ikkje strigla plenar og snorbeine barlind-hekkar, naturmangf­aldet treng daude trestammar, kratt og uklipte plenar med ustelte kantar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway