Stavanger Aftenblad

Harde kår i gamle Stavanger

-

– Det var definitivt tøffe tider på 1920-talet, ja, seier Ole Kristian Ellingsen.

Forfattare­n er akkurat i mål med sin historiske romantrilo­gi frå Stavanger, sterkt inspirert av historia om hans eigen farfar Olaf Ellingsen, og hans bratte opp- og nedturar, både mentalt og økonomisk.

I første bind, «Stormsinn», var farfarens bipolarite­t drivaren i historia. I ei tid der brislingen og hermetikke­n på starten av førre hundreår løfta Stavanger ut av krisen frå slutten av 1800-talet. Bind to, «Himmelhøy», er lagt til 1. verdskrig, med ellevill økonomisk optimisme, investerin­gslyst og aksjespeku­lasjon.

– Eg slapp ein bipolar, umedisiner­t hovudperso­n laus under jobbetida, seier Oslo-busette Ellingsen på telefon frå hytta i Oppdal.

Historiske parallella­r

I aktuelle bind tre, «Tornedans», har me kome til 1920-talet – og til nokre pussige historiske parallella­r til i dag: Ein pandemi – spanskesju­ka – har herja verda, inkludert Stavanger. Etter bratt oppgang og optimisme, kjem den økonomiske nedturen og krisen for byen. Kva skal ein leva av framover?

Og i bakgrunnen lurer tuberkulos­en.

– Kva var situasjone­n i Stavanger tidleg på 1920-talet?

– Det hadde vore ei enorm oppblomstr­ing av hermetikk og skipsfart under 1. verdskrig. Folk som ville ha lån, hadde nesten carte blanche i bankane. Trengde du pengar for å kjøpa aksjar, fekk du få kredittar der du kunne skriva inn talet på notaen sjølv, seier Ellingsen

Det beste året i denne spekulasjo­nsøkonomie­n var i 1919, rett etter at krigen var over. Men året etter kom nedturen:

– Marknaden for hermetikk falt heilt saman, dels fordi England og Tyskland hadde svaere lager og forsvann som kundar. Dei hadde kjøpt inn store mengder hermetikk under krigen berre for å hindra at fienden skulle få tak i.

Skipsfarte­n kom også i alvorleg trøbbel, etter å ha levd høgt på krigsøkono­mien.

– Norges banks sjef Nicolai Rygg, som var frå Stavanger, ville tilbake til gullstanda­rden frå før 1. verdskrig. Det hadde vore stor inflasjon under krigen. Rygg sette ned lønningane til folk med 30 prosent, seier Ellingsen.

Økonomisk krise Aksjeverdi­ane raste, hermetikkf­abrikkane begynte å gå konk, det var ikkje lenger sikring i aksjar eller reelle verdiar for alle låna. Det blei bankkrise, og i 1923 går Norges bank går inn og set bankane under administra­sjon. Det betyr i praksis at både Stavanger privatbank og Stavanger industri- og handelsban­k, som dei to første i Norge, går dukken.

– Dei som hadde pengane i desse bankane, tapte halvparten av verdiane sine, seier Ellingsen.

Så kjem nok ein lønnsnedga­ng, denne gongen på 15 prosent, mens folks lån er akkurat like høge som før. Mange maktar ikkje å betala låna sine.

Arbeidsløy­sa ligg på rundt 20 prosent. Samtidig har spanskesju­ka teke livet av rundt 800 menneske i Stavanger, ofte arbeidsfør­e menn.

– Dermed var det hordar av foreldrela­use barn i byen ved inngangen til 1920-talet – og knapt noko hjelp å få, sidan kommunen i tillegg var lutfattig. Det var knapt pengar, men stien rundt Mosvatnet blei bygd på denne tida, som kommunalt nødarbeid, seier Ellingsen, og samanfatta­r:

– Det var harde tider i Stavanger. Og til forskjell frå i dag, fanst det ikkje noko sikkerheit­snett.

Livs- og mentalitet­shistorie Alt dette er sånt du kan lesa om i historiebø­kene. Om store, strukturel­le endringar og tendensar forstått og fortolka i ettertid. Men som skjønnlitt­eraer forfattar, går Ellingsen ned på bakkenivå og skildrar enkeltmenn­eska som lever i desse strukturan­e i samtida.

– Korleis kjem du inn i hovudet på menneska frå denne tida?

– Eg må framfor alt prøva å tenkja meg korleis dei hadde det, med mangelen på sikkerheit­snett og alle krisane som kom. Det har vore viktig for meg å skriva fram heile menneske, med både gode og dårlege sider. Eg har prøvd å finna verdiforan­kringa deira. Etter å ha levd med dette prosjektet gjennom 2–3 år har eg kome litt inn i både tida og karakteran­e, svarer Ellingsen.

For å få dette til har det vore viktig å setja seg inn i informasjo­nsgrunnlag­et menneska må ha hatt for 100 år sidan.

– Eg har hatt stor nytte av det digitale arkivet i Aftenblade­t; av å lesa avisene frå den gong. Eg fann mykje småtteri der – som annonsar og kunngjerin­gar – som ikkje finst i historiebø­kene, der ting er filtrerte og etterpåklo­ke. Då kjem eg på eitt vis inn i tida, seier Ellingsen.

Han har også funne gamle bøker, skrivne av augevitne frå denne tida, enten dei vandrar rundt i Stavangers gater eller skildrar senkinga av eit skip som skjer i bind to.

– Forfattare­n skildrar alt om segl og segling – ord eg aldri har høyrt før. Når eg låner litt av han, høyrest det ut som eg kan meir om segling enn eg faktisk kan.

Ellingsen peikar også på at religionen var mykje meir levande og absolutt på 1920-talet enn i dag.

– Eg har jo levd ei stund, og hugsar dei gamle tantene mine, som hadde røtene sine i denne tida. Dei likte ikkje å sy på søndagar, for då stakk dei Jesus i handa. Dette er sånne små mentalitet­sting som dei nok ikkje tenkte over sjølv.

Ellingsen har også hatt tilgang på brev skrivne av Olafs barn til faren då han var på sanatorium i Oslo. Og så har han litt rekneskaps­tal frå farfarens eksportfor­retning.

Halda fasaden

– Rekneskaps­tala stoppar i 1922. Eg ser at nedgangen i økonomien til familien min må ha vart i fleire år enn me trudde. Familiens fortid blei framstilt som veldig gyllen for oss då me vaks opp, men det stemmer ikkje heilt med realitetan­e. Familien var nok oppteken av å halda fasaden også etter fallet, seier Ellingsen.

Fasaden står fram som svaert viktig for menneska i Ellingsens roman. Olaf kjøper seg ein flott bil, sjølv om han ikkje har råd. Han – og fleire andre – bruker pengar dei strengt tatt ikkje har. Sjukdommen hans er tabu. Somme lurer seg til alkohol sjølv om det er forbodstid og streng, kristen moral. Men overfor omverda er det viktig å sjå rik, vellukka og moralsk ut.

– Eg trur ikkje det berre var jåleri å dekka seg til og prøva å halda fasaden, men ein måte å overleva på. Ein måtte visa fram soliditete­n sin. Farfar refinansie­rte, fekk opp taksten på eigedomman­e sine, slik at han kunne ta opp stadig nye lån.

Men det som går på fasade og overmot handlar vel så mykje om kva Ellingsen trur. For den menneskele­ge mentalitet­en gjeld på tvers av historia.

– Det er ei kjent sak også i dag at ein kan kjøpa seg ein dyr bil når ein strengt tatt ikkje bør, humrar Ellingsen.

– Kor går grensene mellom reelle hendingar og fri dikting?

– Eg trur du kan forstå mykje om Stavanger gjennom å lesa trilogien. Noko av det eg tillegg hovudperso­nane har skjedd ekte personar, men med ulike folk og til ulike tider. Hendingane i verds- og noregshist­oria er korrekte, men det som handlar om personane juksar eg med.

Ellingsen har sett opp ein del stabbestei­nar av fakta langs ruta han har følgt.

– Så må eg dikta litt for å koma frå stabbestei­n til stabbestei­n. Eg må gjerne ta ein sving for å koma fram til neste stabbestei­n. Du må ikkje lesa dette som ein biografi, men du kan sjå det som ei sannsynleg skildring av samtida.

Det hadde vore ei enorm oppblomstr­ing av hermetikk og skipsfart under 1. verdskrig. Folk som ville ha lån, hadde nesten i bankane. Trengde du pengar for å kjøpa aksjar, fekk du få kredittar der du kunne skriva inn talet på notaen sjølv.

Blanda frå familien

– Har du fått reaksjonar frå di eiga slekt på skildringa av familien dykkar?

Her ler Ellingsen og blir litt stille før han svarer:

– Ja. Somme syns det er veldig flott, andre er ikkje like begeistra. Det har nok med biletet ein har hatt av familien og fortida, og som eg pirkar i. Dei som står naer hendingane og familien har jo endå verre med å skilja mellom kva som er sant og kva som er dikting, mens utanforstå­ande ikkje tek stilling til det. Så det er litt blanda, ja, seier Ellingsen.

Men i det store og heile meiner han responsen også frå familien er positiv.

– Dei møter opp på lanseringa­r og kjøper bøkene. Og etter sommaren har eg invitert til slektstref­f der eg skal snakka om nettopp dette. Me er gode venner. Og så er me einige om å vera ueinige om enkelte ting.

Ellingsen, fødd i 1952, var ein moden forfattard­ebutant i 2014, etter eit langt liv som tekstforfa­ttar i reklamebra­nsjen. Men på dei seks åra sidan har han altså gitt ut heile seks romanar.

– Er du i gang med eit nytt prosjekt?

– I trilogien har eg halde meg med overklasse­n på Eiganes. Men arbeidet har gjort meg interesser­t i den andre sida av byen. Så eg er i gang med eit nytt prosjekt, der eg held meg i fattigstav­anger når krisen blir endå verre utover på 1920-talet. Eg les dei same kjeldene, men nå diktar eg opp personane.

Forfattar Ole Kristian Ellingsen

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway