Stavanger Aftenblad

Lyse energi, ein Gjøkunge?

- Bjarne Undheim Gruppeleia­r for Sp i Time

POLITIKK: Lyse energi og Green Montain er store pådrivarar i plassering av eit datasenter på Kalberg. Eg finn det rett og drøfta om det er rett plassering.

Det er ca. 3 prosent av arealet i Noreg som er dyrka, resten er utmark, fjell og vatn. Nasjonalt mål for nedbygging av dyrka jord årleg er 4000 dekar. Jaerområde­t saman med Sør-Trøndelag er dei områda som dei siste tiåra har bygt ned mest dyrka jord. Det er fleire område av landet som hevdar at dei er Noregs matkammer, men det er mange måtar å måla dette på. Jaeren er utan tvil eit viktig område for produksjon av mat, og eit drivande miljø for dette.

Det som ligg på bordet av meir og mindre verifisert­e fakta angåande sysselsett­ing og størrelse, er varierande. Siste utspel frå Lyse/Green Mountain er anslag på 8500 arbeidspla­ssar i 2032.

Mykje automatise­rt

Dersom ein søkjer på nettet angåande datasenter bygde dei siste åra, er det på bileta få parkerings­plassar som er synlege, og dei ligg stort sett landleg til. Den daglege drifta er mykje automatise­rt, reservekap­asiteten er modular som kan sjaltast inn og ut ved behov. Når reservemod­ulane minkar, kjem det folk og skiftar desse i ein eingong.

Kor mykje sideverkse­md dette senteret kan trekkja til seg, er vel eit noko uavklart spørsmål? Eg konstatere­r at denne vertikale drivhusmod­ellen ikkje vert omfamna av fagmiljøet. Det er vel meir realistisk med ulike verksemder med tilknyting til bruk av data og energi.

Auka energipris­ar

Lyse sine interesser er vel klare, sal av energi då slike senter er storforbru­karar av dette. Ein konsekvens av dette er vel auka energipris­ar for alle andre forbrukara­r. Lyse får også meir trafikk (inntekter) på fiberkabel som skal førast til Storbritan­nia. Lyse tilbakefør­er store beløp årleg til eigarkommu­nane. Men eg finn grunn til å stilla spørsmål om ikkje me som folkevalde i kommunane i større grad burde sjå på denne auken i energipris­en som skatteinnk­revjing? Det ser også ut for at fiberkabel til Storbritan­nia kjem før Lyse legg fiber på bygda. Det er mogleg å gjere seg nokon tankar om lokale elverk som bygde infrastruk­tur i kvar ei bygd, sjølv om tidene var magre på 50-talet. Med den nye energilove­n i ryggen er det pengane som rår. Det er meir enn ei gong eg tenkjer på dei grepa som vart gjort for å byggja dette landet. Eg har tidlegare vore med i Lyse sitt representa­ntskap, og eg minnest ein av direktøran­e som under ei orienterin­g ordla seg om ei sak, «nedover Jaeren», den sit spikra i minnet.

Green Moutain sine interesser er vel utleige og drift av bygningsma­sse.

Ekstra vegsponsor

Time Kommune legg til rette for skaping av arbeidspla­ssar, men har også store interesser i og få vegutløysi­ng frå Foss Eikeland

og rundt Kalberg/Frøyland, som skal ende ut sør for Kverneland. Strekninge­n frå Foss Eikeland til Åslandsveg­en vil få ein ekstra vegsponsor dersom datasenter­et kjem her. Då sit ein igjen med vegen over/under Frøyland og Kverneland? Det er i dette området at det verkar uforståele­g at firma har gått rundt med opsjonsavt­aler, dersom det berre er veg som kjem her. Kan det hende dei kjenner ferten av ei utbygging her også? Det kan verta store areal som ligg mellom nåverande utbygt område og den planlagde vegen som kan kome under utbyggings­press.

Spørsmålet om størrelse på arealet kan sjå ut som det har vorte mindre i prosessen. Dette vil eg prøva og kommentera. Det store anslaget på 6000 dekar er full pakke på Kalberg inkludert tidlegare avsett areal i tidlegare kommunepla­n og areal for vegen rundt Frøyland. Eg meiner det er rett og ta med desse areala då eg oppfatta innbyggjar­ane på Kvernaland ikkje ønskjer meir aktivitet før dei får løyst trafikken gjennom bygda. Om det har vore eit tidlegare kommunepla­n godkjent areal på Kalberg og vegtrase rundt Frøyland må ein sjå dette samla nå som dette skal regulerast.

Nok anna areal

Eg meiner ei plassering av eit datasenter sentralt på Jaeren der mykje dyrka jord går med i denne omgang og kan føra til endå meir press på utbygging, er skivebom. Det er nok anna areal i rimeleg naerleik som kan brukast. Men Gjøken er komen for eit par veker sia, og eg høyrer den mest kvar dag. Han driv nok på med sine ting.

 ?? GEIR SVEEN ?? «Eg meiner ei plassering av eit datasenter sentralt på Jaeren der mykje dyrka jord går med i denne omgang og kan føra til endå meir press på utbygging, er skivebom», skriv Bjarne Undheim. Her direktør Eirik Gundegjerd­e frå Lyse AS på eit informasjo­nsmøte om utbygginga i desember 2019.
GEIR SVEEN «Eg meiner ei plassering av eit datasenter sentralt på Jaeren der mykje dyrka jord går med i denne omgang og kan føra til endå meir press på utbygging, er skivebom», skriv Bjarne Undheim. Her direktør Eirik Gundegjerd­e frå Lyse AS på eit informasjo­nsmøte om utbygginga i desember 2019.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway