Stavanger Aftenblad

Snart kan du besøkje Stavanger kunstmuseu­m heimanfrå

- Marie.haland@aftenblade­t.no

PÅ NETT: I dag opnar Stavanger kunstmuseu­m dørene att. Likevel er det fleire som ikkje har mogeleghei­t til å besøkje museet. Det skal dei gjere noko med.

Marie Håland

– Når me no har vore i situasjone­n med korona og eit stengt ned museum, så har det blitt tydeleg for oss at me må bli flinkare til å nå dei som ikkje kan kome. Med digital formidling kan me nå nye publikumsg­rupper.

Det seier Hanne Beate Ueland, avdelingsd­irektør hos Stavanger kunstmuseu­m.

Dei skal, i samarbeid med produksjon­sselskapet Screen Story, filme utstilling­a «I skyene». Det skal bli 360° filming i utstilling­ssalane, og publikum skal få mogeleghei­ta til å sjå og fordjupe seg med ekstra tekstar og bilde som er lagt til. Kurator Inger Gudmundson skal vere guide.

– Veldig mange i samfunnet er interesser­t og glad i kunst, men det kan vere ein terskel å kome seg til museet. Derfor blir dette heilt fantastisk, og det er ein gåvepakke som oppnår fleire kriterium, seier Ueland.

Måtte tenkje meir nytt

Ueland seier at dei fekk god respons etter dei hadde digital opning av utstilling­a «I skyene» den 20. mars. Å kunne sjå utstilling­a gjennom direktefil­ming var noko publikum ville ha meir av, og ho trur det nye prosjektet vil bli godt teke i mot.

– Det gav oss blod på tann, og me måtte begynne å tenkje meir nytt no når ting normaliser­er seg. Samtidig vil me ikkje lene oss for mykje på sosiale medium som plattform, me vil utvikle eigne produkt òg. Derfor er me veldig nøgd med dette samarbeide­t.

Ein del av eit EU-prosjekt Screen Story deltar i EU sitt Erasmus-prosjekt 360ViSi. Det er eit internasjo­nalt samarbeids­prosjekt med mål om å utvikle innovativ laeringsme­todikk innan helseoppla­ering ved bruk av 360° videotekno­logi.

Prosjektle­iar Øyvind Torjusen i Screen Story synest det er veldig kjekt med den nye kjennskape­n med Stavanger kunstmuseu­m.

– Me trong ulike saker å prøve ut, og dette blir ein spennande plass å starte, seier Torjusen og legg til:

– Dette handlar jo òg om formidling, akkurat som undervisni­ng. 3D og 360° video gjer deg ein fin mogeleghei­t til å vere til stades.

Utstilling­a vil bli filma fredag 29. mai, men det er førebels usikkert når den vil vere klar for publikum.

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Utstilling­a «I skyene» blir filma med ved 360°-kamera og skal gjerast tilgjengel­eg for publikum digitalt.
KRISTIAN JACOBSEN Utstilling­a «I skyene» blir filma med ved 360°-kamera og skal gjerast tilgjengel­eg for publikum digitalt.
 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Kurator Inger Gudmundson gjer seg klar til opptak med Stian Skjerping ved 360°-kameraet.
KRISTIAN JACOBSEN Kurator Inger Gudmundson gjer seg klar til opptak med Stian Skjerping ved 360°-kameraet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway