Stavanger Aftenblad

Omorganise­ringa

-

DRØSET: Det var på tide å omorganise­ra igjen.

Direktøren for det heile kjende på ei uro. Hadde gutungen hugsa leggbeskyt­tarane? Det var alltid eit styr om morgonen. Direktøren for det heile gjekk tidleg på jobb og kom seint heim, prøvde å halda styr på kva dagar det skulle vera leggbeskyt­tarar og kva dag det skulle vera symjetøy. I dag skulle det skje så mykje på jobb at Direktøren for det heile ikkje hadde vore heilt til stades mentalt.

Dei skulle ha allmøte. Var det kanskje dette som fekk Direktøren for det heile til å kjenna på denne sitringa, på at det var litt ekstra varmt under armane?

Direktøren for det heile burde ha vore på do. Men nå var det for seint.

Allmøtet skulle handla om den nye omorganise­ringa. Det var ikkje lenge sidan sist omorganise­ring. Direktøren for det heile hadde kome inn med ny energi, peika på boksar og linjer i det gamle organisasj­onskartet, sagt at det var avgjerande å gjennomfør­a ei omorganise­ring, få ein meir straumlinj­eforma organisasj­on som jobba betre saman og drog i same retning. Organisasj­onen måtte bli mindre topptung. Det måtte bli faerre høvdingar og fleire indianarar, som Direktøren for det heile hadde brukt som språkleg bilete. Direktøren for det heile var framleis usikker på om det hadde vore eit godt bilete.

Men sjølv om dei hadde omorganise­rt nøyaktig slik Direktøren for det heile hadde bestemt førre gong, blei ikkje ting heilt slik tanken hadde vore. Boksane, linjene og funksjonan­e Direktøren for det heile og leiargrupp­a hadde sett opp då dei hadde strategise­minar på eit hotell der Direktøren for det heile hadde ete altfor mykje til lunsj, og så angra, hadde liksom begynt å leva av seg sjølv. Etter kort tid hadde det dukka opp nye boksar, nye linjer, naermast av seg sjølv. Det tydelege organisasj­onskartet leiargrupp­a hadde laga på pc-en og presentert på allmøtet den gong, hadde kort tid etter at det blei implemente­rt, som direktørar sa, begynt å bli uklart. Plutseleg var det fleire, ikkje faerre, direktørar, for ganske små ting.

Direktøren for det heile retta ryggen og gjorde seg klar for allmøte.

Direktøren for det heile var framleis usikker på om det hadde vore eit godt bilete.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway