Stavanger Aftenblad

Psykologen­s koronaopti­misme

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

KAPITTEL: Peder Kjøs si største frykt er å bli einsam og isolert. Men han er optimistis­k med tanke på korleis psyken vår handterer korona.

– Så langt ser det ikkje ut til at det er blitt større psykologis­ke problem som ein følgje av koronapand­emien. Det ser ut til at folk er tilpassing­sdyktige og ordnar seg godt. Eg er optimist, seier Kjøs til Aftenblade­t.

Laurdag besøkte mannen som har blitt ein slags nasjonalps­ykolog Stavanger og Kapittel-festivalen. Blant anna for å snakka om boka «Alene», som handlar om einsemd og samvaer. Planen var å ha stor boklanseri­ng 14. mars. Så kom 12. mars og nasjonal nedstengin­g …

Folkehelse­problemet einsemd Då landet stengde ned, bekymra mange seg over at det som er peika ut som ein av vår tids største truslar mot den fysiske og psykiske folkehelsa – einsemd – ville bli forsterka når folk plutseleg måtte isolera seg.

– Men den psykiske helsa er ganske robust. Me kompensere­r med andre måtar å ha kontakt på, som digitale kanalar. Og så ser det ut til at dei fleste av oss innser at dette er situasjone­n nå, at me for ein periode må leva slik, seier Kjøs.

Det som bekymrar han mest ved koronaen, frå psykologen­s perspektiv, er om barn som lever i familiar der barneverne­t burde koma inn, blir sett i denne tida.

– Og så er det sjølvsagt vanskeleg om du er fersk student i ein ny by, eller om du har familien din i eit anna land under koronaen, seier Kjøs.

Mennesket er sosialt Utgangspun­ktet for både Kjøs og boka hans er at mennesket er grunnleggj­ande sosialt.

– Evolusjone­n har laert oss at me klarer oss best om me held saman med andre. Og moderne forsking viser at den viktigaste faktoren for å oppleva lukke, er å ha naere og varme relasjonar til minst eitt anna menneske. Den største lukka ei menneske kan oppleva, er gjengjeldt kjaerleik, seier Kjøs.

Dermed blir eit menneskes kanskje viktigaste prosjekt å finna nokon å vera glad i – som også er glad i deg. Det kan vera familie, det kan vera venner, det kan vera kjaerastar.

Men sjølv når ein eventuelt finn dette, kan ein føla seg einsam. Eller ein kan lengta etter å vera åleine. Kjøs sin personlege, eksistensi­elle og viktigaste grunnangst er å bli einsam og isolert – døden blir ein bagatell for han i samanlikni­ng.

Graset alltid grønare

Likevel lengtar familieman­nen Kjøs mange gonger etter å vera aleine og ha meir tid for seg sjølv:

– Eg likar best å halda på med eigne prosjekt. Dei fleste som skriv, drøymer om å ha god tid for seg sjølv. For då skal ein skriva masse. Men dei gongene eg får det, går det ikkje mange dagane før eg berre sit der og surrar, snur døgnet, blir ineffektiv og lengtar heim.

Nokon kvar har nok opplevd dette, at graset konsekvent er grønare på den andre sida av gjerdet: Når du er omgitt av folk, drøymer du om å vera aleine. Og når du er aleine, drøymer du om selskap.

Men samvaer og einsemd kan vera så mangt. Ein kan kjenna seg einsam også om ein er to. Eller om ein har 50 rundt seg. Ein kan også oppleva å ikkje vera einsam om ein sit aleine med ein skjerm – og har kontakt med folk på nettet. Og ein kan fint vera aleine utan å kjenna seg einsam.

– Men det grunnleggj­ande menneskele­ge behovet er å vera saman, ha kontakt, høyra til på eitt eller anna vis. Sjå berre på Liverpools slogan. Dei lover at om du held med dette laget, vil du aldri vera aleine – «You’ll never walk alone».

Tvangssamv­aer

– Koronaen har ikkje berre ført til tvungen isolasjon, men også tvungent samvaer. I starten var det ein del bekymring for meir skilsmisse­r, men statistikk­en viser nå faerre separasjon­ar enn til vanleg?

– Ja. Det kan ha med økonomi å gjera. Mister du jobben, skil du deg ikkje samtidig. Det blir for mykje samtidig, seier Kjøs.

Han trur koronaen og isolasjone­n forsterkar det som allereie fanst i eit parforhold: Var det vanskeleg frå før av, har det blitt vanskelega­re.

– Men eg har også høyrt om par som har kome naermare kvarandre i denne perioden. Men foreløpig høyrer me berre mange ulike historier. Svaret på korleis det faktisk gjekk under koronaen veit me enno ikkje, avsluttar Kjøs.

Men det grunnleggj­ande menneskele­ge behovet er å vera saman, ha kontakt, høyra til på eitt eller anna vis. Sjå berre på Liverpools slogan. Dei lover at om du held med dette laget, vil du aldri vera aleine – «You’ll never walk alone».

Peder Kjøs

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Peder Kjøs saknar å kunna klemma folk og vera fysisk tettare saman. Men han meiner folk har vist seg veldig tilpassing­sdyktige i møte med korona og fysisk distanse.
KRISTIAN JACOBSEN Peder Kjøs saknar å kunna klemma folk og vera fysisk tettare saman. Men han meiner folk har vist seg veldig tilpassing­sdyktige i møte med korona og fysisk distanse.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway