Stavanger Aftenblad

Kraken og «konspirasj­onar»

- Forfattar og journalist

GJESTEKOMM­ENTAR:

Kvifor dukka eit norsk sjøuhyre opp på ein demonstras­jon i Berlin, og kva har det med presidentv­alet i USA å gjera?

For nokre dagar sidan såg eg eit bilete frå ein tysk demonstras­jon mot koronarest­riksjonar. På biletet står ein mann med ein plakat på engelsk: «Release the Kraken». Slepp laus Kraken!

Kraken er eit rimeleg vestlandsk sjøuhyre. I 1752 skildra bergensbis­kop Erik Pontoppida­n uvesenet som «det allerstørs­te monstrum marinum» i boka «Det første Forsøg paa Norges naturlige Historie». Sjølv ser eg for meg eit udyr like stort som ei øy, med tentaklar som veltar fram, klår til å dra sjølv dei største skuter ned i mørke havet.

Men kva gjer dette udyret på ein plakat i ein koronademo­nstrasjon? Sjølv om ein tek høgd for ein omveg via populaerku­lturen, og spelefilme­n «Clash of the Titans», krevst det ei forklaring. I fleire delar.

QAnon på tysk

Fotografie­t vart teke i den tyske hovudstade­n 18. november, i samband med demonstras­jonar mot justeringa­r i den tyske smittevern­lova.

I Tyskland har det etter kvart vore ei rekkje demonstras­jonar mot strenge koronatilt­ak, ofte organisert av den heller kontrovers­ielle rørsla Querdenken 711. Namnet handlar om å tenkja på tvers, eller utanfor boksen, om du vil. Demonstras­jonane har samla folk som må seiast å gjera nettopp det, utan at det treng vera eit heidersmer­ke: Her finst det folk som tviler på det meste me vert fortald om koronaviru­set, her finst konspirasj­onsteoreti­karar og vaksinemot­standarar, og også representa­ntar for det tyske ytre høgre. Høgst ulike verdsbilet­e smeltar saman i motstand mot tyske myndigheit­er sin koronaresp­ons.

I denne smeltedige­len finn ein også tilhengjar­ar av QAnon-konspirasj­onsteorian­e, som eg også skreiv om i mi førre spalte her i Stavanger Aftenblad.

Kort fortalt fortel desse om ein pågåande, hemmeleg krig mellom president Donald Trump og «djupstaten», der sistnemnde vert kopla til ein verdsomspe­nnande klikk av satanistar og overgripar­ar som drikk blodet til born, ein klikk påstått å inkludera både leiande politikara­r i Demokratan­e, høgtståand­e tenestemen­n i etterretni­ngstenesta og hollywoods­tjerner.

Og sjølv om desse ville teoriane i utgangspun­ktet er eit amerikansk fenomen, har dei også spreidd seg til Europa. Blant europeiske land er Tyskland kanskje det landet der desse førestilli­ngane i størst grad har slått rot. Om ein leiter gjennom fleire bilete frå demonstras­jonen i Berlin – som involverte tusenvis av menneske – vil ein også oppdaga plenty av referansar til QAnon.

Kraken og valresulta­tet

«Release the Kraken» er ikkje eigentleg ein av dei. Den siste tida har likevel dette slagordet spreidd seg både blant QAnontilhe­ngjarar og blant andre som meiner at Trump med urette har vorte fråteken valsigeren i USA.

Her er grunnen: Advokaten Sydney Powell – som var ein del av Trump sitt advokattea­m etter valet, men som no er meir av ein frilansar å rekna – skildra i eit intervju søksmåla ho jobba med som «Kraken». Med andre ord som eit mangearma monster som, når det slepp laus, vil øydeleggja for Joe Biden og syna at det eigentleg var Trump som vann presidentv­alet.

Dette spreidde seg raskt på nettet. Nyss har eit av Powell sine søksmål vorte offentlegg­jort. Det er ikkje rare sjøuhyret, men dreier seg om eit kok-i-hop av påstandar knytte til bruk av stemmemask­iner frå selskapet Dominion og påståtte koplingar til både Cuba, Venezuela og Kina.

Ein må jo seia at røyndomen overgår fantasien når eit vestlandsk sjøuhyre finn vegen inn i debattar etter det amerikansk­e presidentv­alet i 2020. Powell sitt søksmål synleggjer om ikkje anna at fantasien i blant overgår røyndomen også.

Pandemiar og konspirasj­onsteoriar Eitt av segna om kraken fortel om nokre fiskarar som er ute med botnsnøre, og som plutseleg merkar at det vert grunnare og grunnare under dei. Dei skjøner då at det er Kraken som er på veg opp.

Og kanskje burde me ikkje lata oss overraska så mykje av at kraken kjem til overflata no. 2020 har vore eit uvanleg år, prega av ein verdsomspe­nnande pandemi som har snudd ein del på hovudet. Og som den franske statsvitar­en Nicolas Guilhot påpeika i ein artikkel i april i år: Pandemiar og konspirasj­onsteoriar heng gjerne saman. Ikkje berre handlar konspirasj­onsteoriar gjerne om ein usynleg og farleg fiende som gøymer seg blant oss, men pandemiar har historisk sett ofte gjeve opphav til auka sosiale spenningar, jakt på syndebukka­r og tydelegare oppteiknin­g av allereie etablerte fiendebile­te.

Konspirasj­onsteoriar blir ofte reduserte til ei slags underhaldn­ing, i morosame podkastar eller som forteljarg­rep i thriller-filmar. Det er ikkje så rart, det fungerer jo. Men når ein ser attende i historia, er det mindre underhalda­nde: Då konspirasj­onsteorian­e velta fram i møte med pandemiar, gjekk det gjerne ut over minoriteta­r, ikkje minst jødane. Som gjerne vart skulda for å drikka blodet til småborn, akkurat som skurkane i QAnon-mytologien.

Fiskarane i segna om kraken skunda seg å ro til land då dei skjønte at kraken var på veg opp. Kva gjer me når kraken dukkar opp i amerikansk politikk og tyske demonstras­jonstog?

Pandemiar og konspirasj­onsteoriar heng gjerne saman.

 ?? NTB ?? Kraken, eit skandinavi­sk, mytisk sjømonster, har no blitt eit symbol for ulike konspirasj­onsteoriar, som til dømes «det skjulte dyret» som no stel valsigeren til Donald Trump.
NTB Kraken, eit skandinavi­sk, mytisk sjømonster, har no blitt eit symbol for ulike konspirasj­onsteoriar, som til dømes «det skjulte dyret» som no stel valsigeren til Donald Trump.
 ??  ?? Øyvind Strømmen
Øyvind Strømmen

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway