Stavanger Aftenblad

– Ein historisk viktig dag når karbonfang­st får statlege milliardar

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

STATSBUDSJ­ETTET: Frp gjekk med på milliardst­øtte til karbonfang­st. Bellonalei­aren jublar, men håper staten vil gå endå lenger.

I forslaget til statsbudsj­ett hadde regjeringa lagt inn 2,3 milliardar kroner til prosjektet Langskip. Framstegsp­artiet gjekk inn i forhandlin­gane med regjeringa med eit vedtak i stortingsg­ruppa om å seia nei til prosjektet.

No er forhandlin­gane fullførte, og Langskip-milliardan­e fekk bli ståande i budsjettet.

– Om du skal trekka fram éi enkeltsak som har vore viktig for Venstre, så er det nok satsinga på CO2-fangst og lagring. Det er den satsinga som vil gje dei største kutta i klimagassu­tslepp, seier Venstre-leiar Guri Melby til NTB.

Frp-leiar Siv Jensen opplyser til NTB at det ligg veldig stramme merknadar inne for å få betre kostnadsko­ntroll, og ho meiner at skattebeta­larane ikkje skal sitja igjen med rekninga. Partiet ønsker også mekanismar som gjer at private eigarar ikkje «stikker av med overskotet» dersom prosjektet blir ein suksess.

Forus vil følgja etter Frederic Hauge, leiar i miljøstift­inga Bellona, kallar Langskip for det viktigaste klimaprosj­ektet i Europa så langt i dette tiåret. Han meiner Norge bør «peisa på vidare og få på plass minst ti fangstanle­gg innan 2030».

– Dette er det ein historisk viktig dag, seier Hauge til NTB.

Aftenblade­t/E24 har tidlegare besøkt Forus Energigjen­vinning. Her håper hovudeigar­ane IVAR og Lyse at det skal vera mogleg å få utsleppa ned med karbonfang­st. Anlegget er det største punktutsle­ppet i regionen med rundt 100.000 tonn utslepp i året.

Eigarane har kome fram til at dette er praktisk mogleg, men at det vil bli dyrt. Ein føresetnad er at prosjektet Langskip blir realisert, slik at det finst ein stad å lagra karbondiok­sidet frå anlegget. Aktørane på Forus vil ikkje vera det fyrste avfallsanl­egget i landet som gjennomfør­er karbonfang­st, for energigjen­vinningsan­legget Fortum Oslo Varme på Klemetsrud er allereie ein del av Langskip. Men Forus Energigjen­vinning vil gjerne vera ein rask nummer to.

– Karbonfang­st blir lønsamt – Me har vore opptekne av å få på plass Klemetsrud. Det har internasjo­nale eigarar og stor signaleffe­kt, seier Frederic Hauge til Aftenblade­t/E24.

Han synest initiative­t frå Lyse og IVAR er positivt.

– Det er eitt av fleire avfallsanl­egg der me no ser at det kjem planar om CCS (karbonfang­st og lagring, red. merk.) Det er veldig bra at fleire ser moglegheit­ene.

Hauge trur at staten dei neste ti åra kan gjera denne industrien konkurrans­edyktig ved blant anna større CO -avgift.

 ?? KRISTOFER SANDBERG, VG ?? Frederic Hauge og Bellona jobbar for at verda skal nå klimamåla. Fangst og lagring av karbondiok­sid er blant løysingane dei har tru på.
KRISTOFER SANDBERG, VG Frederic Hauge og Bellona jobbar for at verda skal nå klimamåla. Fangst og lagring av karbondiok­sid er blant løysingane dei har tru på.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway