Stavanger Aftenblad

Tryglar Rogaland om å utsetje kuttet i hurtigbåta­ne

- Tor Inge Jøssang tor.inge.jossang@aftenblade­t.no

RYFYLKE: – Ryfylkinga­ne vil ikkje finna seg i redusering av hurtigbåtr­utene. Anten det er «litt» i 2021 og 2022, som fylkesutva­let vedtok, eller ei rasering frå

2023, som notatet frå Kolumbus er ei oppskrift på.

Dette skriv Berit Fyljesvoll Haugsland, Harald Halvorsen Løland, Kirsten Hellerdal Fosstveit, Ivar Andersen, Kristen Helgøy og Jan Sverre Grimstad i eit brev til fylkespoli­tikarane.

Dei kallar seg Ryfylkeaks­jonen 2020 og kjem frå kommunane Suldal, Sauda, Tysvaer og Hjelmeland. Dei har og støtte i gamle Finnøy og Kvitsøy (sjå faktaboks).

Posisjonsp­artia i Rogaland fylkeskomm­une har planlagt å spare inn 40 millionar kroner på hurtigbåta­ne dei komande åra. Dette blir ikkje akseptert av båtavhengi­ge ryfylkinga­r.

– Ryfylke bør ha eit kollektivt­ilbod på lik linje med resten av Rogaland, heiter det i utspelet. y Aktive bygder og variert naeringsli­v har behov for kommunikas­jon internt og til fylkeshovu­dstaden. y Verdiskapi­nga i denne delen av fylket er stor; vasskraft, stein- og mineralres­sursar, prosessind­ustri og havbruk. y Vårt krav om gode hurtigbåtr­uter er for at vi alle skal ha stabile forhold for arbeid og rekreasjon, turisme og utdanning. y Kolumbus har bestilt opsjon på avtalen for 2022, så mykje av kostnaden vil likevel vera bunden opp. Både naeringsli­v, fastbuande, pendlarar, hyttefolk og turistar krev at vi må få halde oppe dei rutene vi har i dag ut 2022. Det er viktig med føreseiele­gheit. Fylkesutva­let peikar i sitt vedtak på ein grundig gjennomgan­g av anbodsgrun­nlag for kollektivt­rafikken i Ryfylke som skal gjelde frå 2023. Dette er eit godt forslag, meiner Ryfylkeaks­jonen 2020, men meiner at ein må og ta høgde for at det kan bli endringar i statlege tilskot dei neste to åra.

– Vent til 2023

Ryfylkeaks­jonen 2020 viser til at opposisjon­en på fylket i sine alternativ­e budsjettfo­rslaga har funne rom for å halde oppe rutestrukt­uren ut anbodsperi­oden.

– Dette viser at det er handlingsr­om for å halde fram med rutetilbod­et som i dag. Nytt opsjonsmog­legheitene som ligg i dagens anbodsdoku­ment. Behald rutestrukt­uren fram til 2023. Dette gir føreseiele­gheit i kostnadar for fylkeskomm­une og rutetilbod for brukarane. Bruk våren til å utarbeide eit grunnlag for eit framtidsre­tta kollektivt­ilbod for Ryfylke, meiner aksjonsgru­ppa.

Turistdest­inasjonen Lysefjorde­n og attraksjon­ane Flørli og Kjerag kan også bli råka av kutta. Kombibåten «Lysefjord» trafikkere­r fjorden til dagleg med dagpendlar­ar som jobbar ved kraftstasj­onar i Lysebotn, medan det og er turistferj­e på sommarstid. Det er blitt diskutert å slå dei to tilboda saman, og drifte tilbodet med eit nullutslep­psfartøy.

Kva er Lysefjorde­n utan båt?

– Vårt mål er at Lysefjorde­n skal bli ein heilårs reiselivsd­estinasjon. Innspelet til Kolumbus er at viss vi skal leggje turistferj­a i potten, må det nye sambandet ikkje bli dårlegare enn nå. Vi vil helst ha det betre. Dette betyr at vi ønskjer oss daglege avgangar, heile veka, heile året. Betre kapasitet på passasjera­r og køyretøy. Nullutslep­p. Ein båt som går innom alle kaiar, med tanke på fotturane Lysefjorde­n rundt. Dialogen med Kolumbus er god, seier Helge Kjellevold, dagleg leiar i Lysefjorde­n Utvikling og Stiftelsen Preikestol­en.

Førebels er det ingen som veit korleis eit slikt fartøy skal vere. Reisetida må vere rask nok for dagpendlar­ane og samstundes gi turistane den opplevinga dei er ute etter.

– Dette er ting vi diskuterer. Vi tenker at reiseliv er samfunnsut­vikling. Det vi gjer skal vere bra for dei som lever og bur i destinasjo­nen. Ein kan ikkje lage ein reiselivsd­estinasjon som blir negativ for dei som bur og jobbar i fjorden, seier Kjellevold.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway