Stavanger Aftenblad

Rumensk stilstudie

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

FILM: Tidvis stilig, tidvis litt for stilisert film noir frå Romania og Kanariøyan­e.

The Whistlers

Originalti­ttel: La Gomera. Med: Vlad Ivanov, Catrinel Marlon, Rodica Lazar. Sjanger: Krim, komedie. Regi: Corneliu Porumboiu. Nasjonalit­et: Romania, 2019. Aldersgren­se: 15 år. Språk: Rumensk. Lengde: 1 time 37 minutt.

Eg skal ikkje lyga på meg å vera ein ekspert på rumensk film eller arbeidet til regissøren Corneliu Porumboiu. Men han er visstnok ein svaert anerkjent regissør, kjent for den ikkje openbare humoren i filmane sine.

Han er ein interessan­t type som til dømes fekk sin siste film «The Whistlers» med i hovudkonku­rransen

på filmfestiv­alen i Cannes.

«The Whistlers» handlar om den korrupte, snart pensjonert­e politimann­en Cristi (Vlad Ivanov) som skal prøva å hjelpa ein pengevaska­r av narkopenga­r ut av fengselet. Dette skal skje ved hjelp av den spektakula­ert vakre femme fatale Gilda (Catrinel Marlon), og gjennom å kommuniser­a med plystrespr­åket som finst på kanariøya La Gomera. Dermed må Cristi til La Gomera for å laera seg å plystra.

Det er mengdevis med pussige vendingar i denne intrigen. Kven som er på lag med kven, kven som tystar på kven, kven som prøver å lura kven, blir eit puslespel av dimensjona­r, smart skrive og gjennomfør­t, men du skal halda tunga beint i munnen for å henga med i svingane.

Eg lo ikkje veldig mykje, hadde nok ikkje kome på at dette skulle vera humoristis­k om eg ikkje visste det. Tvert om sat eg der og tykte det blei vel uttrykksla­ust og stilisert i periodar. Den aldrande Cristi har tilsynelat­ande bare eitt ansiktsutt­rykk, enten han lyg seg rundt dei like korrupte kollegaene sine eller får seg ein uventa runde med den smellvakre Gilda. Så stilisert blir det, at det blir vanskeleg å koma bak maska på aktørane og føla veldig mykje med dei.

Men for den som er inne i film noir og kan setja pris på ein slags rumensk leik med sjangeren, kan dette vera eksotiske og flotte greier. Pluss at du jo får ein sjanse til å laera deg eit plystrespr­åk du neppe var klar over at eksisterte. Det er bare å gå heim og øva.

Det er mengdevis med pussige vendingar i denne intrigen.

 ??  ?? Gilda (Catrinel Marlon) er klassisk femme fatale i rumenske «The Whistlers».
Gilda (Catrinel Marlon) er klassisk femme fatale i rumenske «The Whistlers».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway