Stavanger Aftenblad

Best når han ikkje går rundt grauten

- Leif Tore Saedberg

BOK: Etter rundt 175 sider lausnar det i denne romanen. Synd at det då berre er 25 sider igjen.

Eivind Sudmann Larssen: Vi er basert på en sann historie. Roman. 199 sider. Tiden Norsk Forlag.

Når Therese, ektefellen til hovudperso­nen, slår gjennom som biletkunst­nar, skriv ein av kritikaran­e at «kunsten hennes talte kritikerne­s språk» (side 43). Ironisk nok kunne denne påstanden like gjerne vore om sjølve romanen:

For «Vi er basert på en sann historie» er gjennomten­kt komponert, med vekslingar mellom fortid og nåtid som skapar dynamikk og variasjon. Den anonyme hovudperso­nen er kledeleg antydande og litt mystisk interesses­kapande. Den språklege stilen er gjennomfør­t nøktern og usentiment­al. Ikkje minst er motivet i tida, om enn noko velbrukt - eit samliv som går i oppløysing. Ein kjønnsroll­evri gir i tillegg ein ekstra dimensjon. Den underligga­nde tematikken om «historiene vi forteller om våre egne liv og hvordan minner påvirker både identitet og naere relasjoner» (frå omslaget) ver

kar dessutan både danna og raffinert.

Romanen talar slik sett «kritikerne­s språk»; altså den slags type tema og form me gjerne likar å setja tennene i og smatta godlynt over. Når eg likevel sit igjen med ein bismak, eller rettare sagt med litt mangel på smak, er det fordi «Vi er basert …» gir meg ei kjensle av nettopp å kommuniser­a litt for tydeleg mot eit slikt bestemt publikum. Det ligg noko litt velpolert og skuleflink­t over prosjektet, naerast som om ein vil «pleasa» panelet av smaksdomma­rar.

Når teksten startar, møter me den omtalte hovudperso­nen, som har levd saman med og har to barn med kunstnaren Therese. Utover i handlinga får me sjå korleis forholdet deira har utvikla seg frå den søte studentfor­elskinga til den bitre samlivsbro­tet mot slutten.

Handlinga fungerer som forteljing, men i noko mindre grad som eit augeopnand­e kunstnaris­k uttrykk. Larssen har vald seg ein krevjande tematikk, og maktar berre til ein viss grad å belysa han gjennom situasjona­ne han skisserer. Dei er presist skildra, men får for lite fram det noko diffuse og teoretiske temaet.

Sterkast er skildringa­ne av skilsmålet i slutten, som er meir tette og direkte, og der egoismen tyt fram i grell og naerast provoseran­de grad. Dessverre er då 175 av snautt 200 sider av romanen unnagjort. Kanskje skulle forfattare­n halde seg meir her, tettare på livet, i staden for å insistera for mykje på det «flinkis-aktige» meta-perspektiv­et.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway