Stavanger Aftenblad

– Veldig vemodig

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@schibsted.com

SOLA: Hotelldire­ktøren hadde i oppgåve å finna nye eigarar. Då dei var på plass, mista han jobben.

Ved årsskiftet overtok Glastad-familien frå Farsund eigarskape­t av Sola Strand Hotel.

– Då dei overtok, fekk eg beskjed om at dei ønskte ein ny direktør. Det var veldig vemodig. Men den nye eigaren ønskte å starta med blanke ark, seier Cornelius Middelthon som i går hadde sin siste arbeidsdag som hotelldire­ktør på strandhote­llet.

Denne jobben har han hatt i fem og eit halvt år. Han er no fritatt frå arbeidspli­kt fram til oppseiings­tida er over.

– Hotellet er stengt no, og dei fleste tilsette er permittert­e. Derfor blei det ikkje mogleg å ta farvel på ein skikkeleg måte, seier Middelthon, som foreløpig ikkje har ein ny jobb å gå til.

– Det er berre å ringa om nokon har gode forslag.

Hotellet var tidlegare eigd av Ellen & Axel Lunds stiftelse som var i ein vanskeleg økonomisk situasjon. I 2019 skreiv styret at resultatet hadde vore negativt i fem av dei åtte siste åra, og at stiftinga hadde likviditet­sutfordrin­gar.

– Ei av oppgåvene mine har vore å få til eit sal. Det er litt paradoksal­t at eg ikkje får vera med vidare sjølv. Men for hotellet var det veldig bra å få nye eigarar. Ein får berre gleda seg over at ein kan koma tilbake som gjest, seier Middelthon.

Då han blei direktør, var det krevjande tider for hotellet.

– Det var ein veldig oljeknekk, og inntektene raste. Samtidig kom det inn fem store, nye hotell i regionen. Me måtte finna på eitt eller anna. Me satsa på å skapa nye opplevinga­r for gjestane, seier han og listar opp ulike konsertar og temakvelda­r dei har hatt.

– Ein flott person

Hotellet er no ein del av Team Hotels, saman med blant anna Hotel Victoria i Stavanger.

– I samanheng med kjøpet endrar me leiar for å få inn nye tankar. Det har ikkje direkte noko med Cornelius å gjera. Han er ein flott person, seier styreleiar Terje Ropstad.

Renoverar

Dei nye eigarane er allereie i gang med å renovera delar av hotellet.

– Me endrar blant anna litt på nokon av lokala for å tilpassa oss langhelg-segmentet. Me vil også veksa innan kurs og konferanse.

I tillegg til nokon av fellesarea­la er dei også i gang med dei eldste romma.

– Me tar ein del av tinga som bråkar no som hotellet er stengt, og så tar me litt og litt etter kvart. Eg har ikkje oversikt over kva det kjem til å kosta endå, seier Ropstad.

Å overta eit hotell når landet er ramma av korona-restriksjo­nar er ingen drøymestar­t.

– Når restriksjo­nane lettar, trur me nordmenn veldig gjerne vil reisa innanlands, og då er hotellet attraktivt. Men det blir ein mørk vinter.

 ?? TOMMY ELLINGSEN ?? Cornelius Middelthon har hatt sin siste arbeidsdag som hotelldire­ktør på Sola Strand Hotel.
TOMMY ELLINGSEN Cornelius Middelthon har hatt sin siste arbeidsdag som hotelldire­ktør på Sola Strand Hotel.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway