Stavanger Aftenblad

Historisk historie

- Jarl Wåge Skribent

KRONIKK: I dag er fyrste dagen i resten av livet til eks-president Donald Trump. Smak på det ordet:

Eks-president!

Han tapte valet for «Sleepy Joe», som Trump konsekvent kalla motstandar­en. Biden fekk sju millionar fleire stemmer enn Trump. Eit valskred. Mannen Trump meinte var svakaste presidentk­andidat nokon gong, ein han aldri kunne tape mot, skal no sitte i Trump sin stol ved Trump sitt bord og sove i Trump si seng. Lenge før valet insisterte Trump på at om «Sleepy Joe» vann, måtte det vere på grunn av valfusk.

Etter at Trump tapte i november, har han stått fram som historias dårlegaste tapar. Før Twitter for ei veke sidan stengde kontoen hans fordi dei meinte han inspirerte til farleg vald med tvitringa si, hadde han etter valet brukt meir tid der enn på presidentg­jerninga. På Twitter trumpa han i golvet som ein trassig treåring og skreik igjen og igjen: «Eg vann! Eg vann!» Med trumpetist­ane som klakørar gjekk han til åtak på den demokratis­ke valprosess­en med seksti søksmål mot vippestata­r han tapte i, for å få omgjort valresulta­tet.

Som ein Titanic-kaptein styrte han sitt covid-19-infiserte amerikaski­p for full fart rett mot eit isfjell.

«O, store sol!»

I går kunne verda puste letta ut då han blei tvinga til å gje frå seg roret. Om 78 år gamle Biden er den rette til å overta, vil tida vise, men eit munnhell har vore: «Alle kan gjere ein betre jobb enn han som er der no.»

21. januar 2021 er ein svart dag for trumpetist­ane. Dei ser opp til «The Orange Man», som mange kallar han «der borte», som ein gud og trur på kvart ord som kjem ut av hans munn.

Det er ikkje rasisme, som nokon påstår, å kalle han «oransjeman­nen». Det finst ingen oransje rase. Trump er bleikansik­t som kvite folk flest. Hud og hår har rett nok eit appelsinak­tig skjaer, men det er takka vere krigsmålin­g han påfører seg før han viser seg offentleg.

Fundamenta­listiske kristne som har trykt Trump til sine evangelisk­e bryst som ein oppstanden Kristus, famlar òg i tussmørke når «O, store sol!» no har slokna. Mørkekvinn­er og -menn som prøver å late som om vi ikkje har eit underliv, omfamnar (sic!) Trump sitt utagerande, vellystige liv. Den opphavlege Jesusen stod ikkje i med pornostjer­ner medan kone nummer tre var gravid. Han skrytte heller ikkje av at han grafsa kvinner i skrittet.

Jesus blei heller ikkje tatt i ei einaste løgn i sitt trettitreå­rige liv (bortsett frå den om å vere Guds son, kanskje?). Difor er det oppsiktsve­kkjande at dei bibeltru har skrota det åttande bodet om at vi ikkje skal lyge, og ser mellom fingrane på at «The Liar in Chief» kom med titusenvis av løgner i løpet av sine fire år som president.

«Bye bye, Oslo»

Ein nitrist dag er det også for mange norske blodfans. Ikkje minst for Christian Tybring-Gjedde. To gongar har Frp-politikare­n nominert helten sin til Nobels fredspris. Andre gongen blei det full klaff. Trump ringde han personleg og takka for at han hadde promotert han som fredsapost­el.

No må Tybring-Gjedde gje opp søte draumar om å stå i oransje stråleglan­s i Oslo rådhus som Trump sin protesjé medan ei heil verd er vitne til heider og aere for fredsskapi­ng. Ei verd som truleg ville ha lurt på om Nobelkomit­een hadde røykt sokkane sine.

Den same verda som i vekevis spekulerte på kva Trump ville finne på 20. januar. Ville han pent og pynteleg pakke snippøskje­ne sine og dra sin kos? Ville han slå seg fullstendi­g vrang og lenke seg til skrivebord­et i «The Oval Office» slik at han måtte berast ut?

Den same verda som var vitne til at Trump heldt folkemøte i Washington for titusenvis av menneskje 6. januar medan Kongressen formelt skulle godkjenne

Joe Biden som USAs neste president. Den same verda som var vitne til at han oppfordra massane til å marsjere mot Capitol Hill og vise styrke, og som såg at dei gjorde nettopp det – marsjerte mot sjølve symbolet på det amerikansk­e demokratie­t medan dei mellom anna ropte «hang Mike Pence!». Som såg mange av dei storme Kongressby­gningen medan folkevalde, iførte gassmasker, flykta i sikkerheit. Dei knuste vindauge, slo seg gjennom barrikader­te dører, sat i speaker Pelosi sin stol, braut seg inn i folkevalde sine kontor, tagga og raserte. Trump sin «hird» i eit veritabelt «ølhall-kuppforsøk» for å hindre folkevalde i å gjere jobben sin. Fem døde og fleire enn femti politifolk blei skada under dei valdelege opptøyane.

Det mangla slett ikkje på desperate Trump-krumspring før 6. januar heller. Som då han ringde til statssekre­taer Brad Raffensber­ger i Georgia og bad han skaffe fram 11.780 nye Trump-stemmer, ein meir enn det Biden slo han med i delstaten. Ein samtale så hakkande galen at analytikar­ar meiner Trump bidrog til at Demokratan­e tok tilbake kontrollen over Senatet då dei vann valet i delstaten 5. januar.

Fekk smake sin eigen bitre medisin

Trass i alle forsøk på å kuppe makta, – Trump er historie. Og historisk som den einaste amerikansk­e presidente­n som har blitt stilt for riksrett to gongar.

Kva blir så arven etter Trump? Ein halvferdig mur, eit splitta folk som er endå meir splitta og ei nasjonal samling av høgreekstr­emistar.

I fire år var han i president-rampelyset. Realitystj­erna som blei president og skapte presidentg­jerninga om til eit realitysho­w, er tatt av skjermen på grunn av dårleg «rating». Han fekk smake sin eigen bitre medisin då eit stort fleirtal av amerikanar­ane høgt og tydeleg sa: «You are fired!»

Som ein «Titanic»-kaptein styrte han sitt covid-19-infiserte amerikaski­p for full fart rett mot eit isfjell.

 ?? REUTERS/NTB ?? Ville møte, død, rasisme, hylla av konservati­ve kristne, personlege konfliktar med Demokratan­e, storming av Kongressen, omfamning av diktatorar, titusenvis av løgner og mykje meir.
REUTERS/NTB Ville møte, død, rasisme, hylla av konservati­ve kristne, personlege konfliktar med Demokratan­e, storming av Kongressen, omfamning av diktatorar, titusenvis av løgner og mykje meir.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway