Stavanger Aftenblad

Vedfyring betre enn sitt rykte

- Eirik J. Varhaug Varhaug

VEDFYRING: Personleg fyrer kona og eg med ved om lag året rundt. Varmepumpa i stova står på 16 grader. Resten av varmen får me frå ved. Reintbrenn­ande omnar gjev god utnytting av veden, men krev ofte fyringstek­nikk som hindrar røyk i stova.

Nok luft ved oppfyring, høveleg lite luft seinare og tørr ved, gir mindre sot i pipa og mindre røyk frå pipa. Høveleg luftinntak i stova, og lite undertrykk i stova er viktig. Slik vedfyring synest å gje eit friskare inneklima enn elektrisk oppvarming.

For rundt 400 år sidan og tidlegare var «røykstove» det vanlege. Fyringssta­den var då ei grue eller liknande i sjølve stova. Avtrekk var ein ljore i taket. Alt i alt ei røykfull stove. I dag må vel svevestøv frå trafikk og asfalt vere langt farlegare enn litt røyk frå ved? Men også vedfyring bør reduserast mest mogleg i visse vertilhøve, saerleg i byane.

Mosjon

For meg som 81-åring, gjev vedarbeid mosjon og uteliv, samtidig med produksjon av fornybar energi til oppvarming.

Skog og annan vegetasjon med klorofyll bind ved fotosyntes­e saman CO2 og vatn ved hjelp av solenergi og produserer då organisk stoff og oksygen (O2). Prosessen går vidare frå enkle sukkerarta­r til meir komplisert­e organiske stoff, til dømes skogsvirke og mat for dyr og menneske. Nedbryting av organisk stoff, til dømes rotning, skog- og grasbrann, gir omvendt prosess, altså frigjeving av CO2, vatn og energi, og dessutan binding av O2.

Men i staden for å la denne energien gå til spele, kan den nyttast til bygningsma­teriale, ved med meir. Rett nok kan organisk stoff konservera­st som myr, i høveleg fuktig og kaldt klima. Røykpartik­lar i atmosfaere­n motverkar global oppvarming. -Kanskje vil dei store skogbranna­ne i Australia og California medføre at 2021– 22 blir litt kaldare enn dei siste åra? Men skogbranns­kadane er dessverre enorme også i CO -samanheng.

Held på fukt

Skogbruk er langsiktig, naturleg fornybar verdiskapi­ng. Dessutan held skog på fukt og reduserer erosjon frå vatn og vind. Også tørkeskada­r blir redusert. Skog er eit naturleg reinseverk som og er gunstig for flora, fauna og vil generelt auke trivselen. Ufruktbare areal kan gje brukbar matproduks­jon, til dømes i Afrika. Gamal skog veks seint og bind lite CO2.

Både i Norge og globalt burde det vore brukt større ressursar på fornying av gammal skog og skogplanti­ng. Dessutan kan ein del annan vegetasjon omgjerast til meir effektiv CO2-fangst.

Dette bør vere eit svaert viktig klimatilta­k, etter mi meining.

For meg som 81-åring, gjev vedarbeid mosjon og uteliv, samtidig med produksjon av fornybar energi til oppvarming.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway